Tornado Måløy – Norborg 1-0 (0-0)
Refvik stadion, 27.09.2014
Sjansar: 8-7
Norborg starta best og hadde trykket dei første ti minutta, men så dreia vinden og heimelaget tok gradvis over kampen og fekk nokre store sjansar til å gå til pause med leiing. 0-0 stod seg og norborgarane gleda seg til medvind i 2. omgang. Men, då hadde vinden på nytt snudd til heimelaget sin fordel. Chris Nore gav TMFK leiinga dryge ti minutt ut i 2. omgang. Begge lag hadde sine sjansar, men fleire mål vart det ikkje og Norborg måtte reise poenglause frå Refvika. Vi kan trygt seie at dette er det mest ekstreme veret vi har spelt kamp i og diverre så takla Tornado Måløy dette best.
Vi kjem ikkje bort i frå å skrive litt om ver og anlegg under dagens kamp. Tornado Måløy er ein “ny” klubb, eit samarbeidsprosjekt mellom Tornado og Måløy FK, men anlegget er som å gå 50 år tilbake i tid. Vår gamle bane i Søvikdalen blir moderne i forhold til Refvika stadion. At det har blitt spelt fotball på nivå 3 her er ufatteleg. Vi fekk torsdag beskjed om at kampen kunne bli flytta til Skavøypoll si kunstgrasbane, men forstod at Tornado Måløy ville gjere det dei kunne for at kampen skulle gå i Refvika. Kl. 12 i dag så passerte vi Skavøypoll si bane. Eit praktanlegg som låg meir i le for vinden. Vi håpte sjølvsagt at kampen vart flytta hit, men då vi kom fram til forblåste Revika så hadde dommaren godkjent Refvik stadion som arena. For dei som har vore i Hoddevika å surfa så kan vi seie at det var som om bana låg nede på stranda der. Kamparrangør kom med digre boltar og slegge for å få festa måla. Når vi haldt på å varma opp så haldt nokre kara på å gjere eit forsøk på å sette opp to provisoriske innbytarskur, men det vart med forsøket. Vinden var for sterk til å få på plass dette. Så då stod vi der på ei slette nede ved sjøen der ingen kunne tru at nokon kunne ha bane og forsøkte å gjere det beste ut av det. Å gjere notatar på skriveblokka var umogeleg, men vi hadde heldigvis vanntett telefon..
Kampen kom i gong og Norborg spelte med vinden i ryggen og trykte heimelaget tilbake på bana. Ti minutt ut i kampen kunne vi slå fast at vi hadde eit lag som både var raskare og betre teknisk. Kristoffer Hildrestrand herja med treige heimeforsvararar, Tarjei Urkedal stressa forsvaret, Mathias Fjørtoft og Christian Sæther hadde kontroll på midtbana og Hans Edvard Nordang var ein bauta i vårt eige forsvar. Mål til Norborg vart det likevel ikkje. Innlegga og skudda vart som regel tatt av vinden.
Etter gode 10-15 minutt starta ting å gå gale for Norborg. Vinden dreia og Mathias Fjørtoft måtte så ut med skade. Det vart stor strekk i laget, feilvala florerte og Tornado Måløy sin 2-ledds taktikk tok til å fungere. Spesielt Endre Kupen sette Norborg på prøve, men trass 3-4 store sjansar og eit skot i tverrliggjaren så haldt Norborg unna og gjekk til pause med 0-0.
Norborgarane trudde dei fekk vinden i ryggen i 2. omgang, men i løpet av pausa hadde vinden igjen snudd til heimelaget sin fordel. Dryge ti minutt ut i omgangen vart Chris André Nore spelt fri, og åleine med keeper Joakim Kjærstad fann han ei akkurat stor nok opning mellom beina til å få ballen i mål til 1-0.
Norborg greidde aldri å legge noko trykk på heimelaget. Til det var motvinden for sterk. I beste fall fekk ein nokre korte periodar med sidevind. Sjansar kom ein seg likevel til. Både Kristoffer Hildrestrand, Tarjei Urkedal, Elling Mikal Kalvø og Ådne Hellandsvik var nær, men ballen ville ikkje inn. Heimelaget hadde også sine forsøk til å auke leiinga utan å lykkast. På overtid fekk Norborg ein stor sjanse til å utlikne då ballen la seg fint til rette på 10-12 meter for Øyvind Sundnes, men ballen vart blåst over mål. Dermed enda det med 1-0 til heimelaget og ellevill jubel til dei blå i stormen.
Vi forstår at TMFK gjerne vil spele kampane på si eiga bane, men denne kampen burde dommar ha flytta til Skavøypoll. Han la til grunn at vind var det over heile Vestlandet denne dagen, men han burde ha sett at tilhøva var langt betre inne på fastlandet. For i Refvika var det ekstremt. For ekstremt til fotball. Det blir for mykje tilfeldigheite under slike tilhøve. – Dette er ingen fotballkamp, sa Kristian Søviknes når han vart bytta ut. – Eg er einig i det, svara TMFK sin trenar.
Laget: Joakim Kjærstad – Elling Mikal Kalvø, Erlend Coates (Bendik Brunvoll, 84), Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre – Kristian Søviknes (Ådne Hellandsvik, 65), Christian Sæther, Mathias Fjørtoft (Øyvind Sundnes, 33), Ole-Kristian Aarseth – Tarjei Urkedal, Kristoffer Hildrestrand.