Tertnes – Norborg 1-0 (0-0)
Åstveit idrettspark, 16.08.14
Sjansar: 5-4
Cornere: 3-3
1-0 Thomas Johannesen (76)
Norborg heva seg fleire hakk frå sist kamp og berre marginar imot hindra poeng mot serietrear Tertnes. – Gutane hadde fortent poeng i denne kampen for dei jobba veldig godt og var fullt på høgde med heimelaget, men diverre haldt det ikkje heilt inn. Vi prøver på nytt på laurdag, sa trenar Oddmund Davik Otterlei etter kampen.
Etter ti mål imot på dei to siste kampane ville Norborg stramme opp det defensive i denne kampen. Vilje til å gå i duellar og jobbe for kvarandre var tilbake og ein turte også å halde ballen meir i laget. Med to forsiktige lag vart ikkje dette ein fyrverkeri av ein fotballkamp, men Norborg hadde tre gode sjansar i 1. omgang til å ta leiinga. I det 6. minutt heada Øyvind Sundnes like over frå fem meter, medan spissmakker Kristoffer Søviknes eit kvarter seinare sette eit volleyskot frå seks meter rett på keeper Joachim Skønberg. Ein halvmeter til side og det knallharde skotet hadde gitt nettsus og mål. Ti minutt seinare fekk Sundnes sin andre sjanse til å gi Norborg leiinga då Kristoffer Søviknes stussar vidare eit oppspel frå Mathias Fjørtoft, men Sundnes fekk ikkje pressa ned ballen og forsøket frå 15 meter gjekk langt over mål.
Norborg hadde god kontroll defensivt i denne omgangen, men i det 28. minutt glapp det då Frank Lilledal fekk ein ball i bakrom, runda keeper, men måtte sjå avslutninga bli redda på strek av Hans Edvard Nordang. Tertnes styrte spelet det siste kvarteret, men Norborg kunne vere mest skuffa over å gå til pause utan leiing.
2. omgang starta som den første slutta med eit visst press frå heimelaget si side. Norborg mista ballen for enkelt på veg framover og Tertnes fekk ein del brot. Åtte minutt ut i omgangen fekk Henrik Reigstad sjansen til å sende heimelaget i føringa då han vart stussa igjennom av Thomas Johannesen, men frå skrått hald blåste han ballen over.
Tjue minutt ut i 2. omgang er Norborg centimetere frå å ta leiinga då Kristoffer Hildrestrand kom seg rundt på venstresida og fann Øyvind Sundnes sitt bandasjerte hovud framfor mål, men headinga frå kloss hald vart utruleg nok redda på streken av Kjetil Pedersen.
Fire minutt seinare kontrar Tertnes seg fram til ein god sjanse, men skotet vart godt redda av keeper Joakim Kjærstad. Eit kvarter før slutt fall så avgjersla då markeringa på bakre stolpe glapp etter eit innlegg og Thomas Johannesen scorar med utsida av hælen. Særs bittert for Norborg som hadde jobba så godt defensivt.
Norborg prøvde å løfte laget for å få utlikninga, men greidde aldri å sette Tertnes sin keeper på prøve trass fleire innlegg og dødballar. På overtid var Tertnes nær ei dobling av leiinga, men eit innlegg frå Johannesen vart satt utanfor av ein hardt pressa Tertnes-spiss. Dermed enda kampen med 1-0.
Norborg har mykje positivt å ta med seg frå denne kampen. Fokus og innsats var langt betre enn mot Bergsøy, men på dette nivået må ein ta vare på sjansane sine i langt større grad enn i divisjonen under. Norborg vart til slutt straffa for sine fire brente sjansar og måtte dermed reise heim frå Bergen med eit nytt bittert 1-målstap.
I komande kamp ventar Årdal heime i Uggedalen laurdag kl. 16. Dette er ein kamp Norborg må vinne for å halde følge med dei laga over nedrykksstreken.
Laget: Joakim Kjærstad – Ole Marius Otterlei (Joakim Roald, 81), Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre – Kristoffer Hildrestrand, Tarjei Urkedal (Christian Sæther, 79), Mathias Fjørtoft, Ole-Kristian Aarseth (Ådne Hellandsvik, 85) – Øyvind Sundnes, Kristoffer Søviknes.
Var den inne? (Foto: Hordalandsfotball.no)
Kristoffer Søviknes med godt forsøk på volley. Diverre rett på keeper. (Foto: Hordalandsfotball.no)