Sogndal2 – Norborg 3-1

Sogndal 2. lag – Norborg 3-1 (0-1)
Fosshaugane Campus, 31.05.14

Sjansar: 9-5
Cornere: 10-1

0-1 Kristoffer Søviknes (31)
1-1 Kristian Opseth (71)
2-1 Kristian Opseth (73)
3-1 Kenneth Skjerven (90)

Tippeligaspelar Kristian Opseth vart den store forskjellen mellom Sogndal2 og Norborg laurdag ettermiddag. Norborg leia 1-0 og hadde god kontroll i 65 minutt, men så tok kreftene slutt og Opseth snudde kampen for vertane.

– Gutane skal vere stolte over prestasjonen i dag, men eg forstår at dei er særs skuffa over å ikkje få med seg poeng. Vi hadde nemleg lenge god kontroll, men vi vart slitne og gav då frå oss større rom. Vi blir også lokka fram på bana og Sogndal2 starta å druse ballar i bakrom mot Opseth. Han var den store forskjellen på laga i dag. Sett bort i frå 0 poeng så har vi hatt ei perfekt helg i Sogn og Fjordane. No må vi rette fokuset over på ein viktig heimekamp mot Tornado Måløy på laurdag, sa Norborg-trenar Oddmund Davik Otterlei.

Norborg vart levna få sjansar til å ta poeng mot serieleiar Sogndal2 på Fosshaugane Campus, men spelte ein taktisk god kamp og tok leiinga då Kristoffer Søviknes dribla tre mann å sette ballen mellom beina på keeper Leif Lysne og i mål. Angriparen sitt tredje mål på dei tre siste kampane. Sogndal2 hadde mykje ball i denne omgangen, men sleit med å skape dei store sjansane. Danske Tonny Brochmann skapte det lille av farlegheiter vertane hadde. Han gjekk likevel ut ved pause og inn kom ein ny spelar med tippeligaerfaring, Kristian Opseth. Det skulle vise seg å bli eit verdifullt bytte for heimelaget.

Norborg sin Tarjei Urkedal var nær ved å doble Norborg si leiing ti minutt ut i 2. omgang då han vart spelt fri av Kristoffer Søviknes, men keeper Lysne gjer ei redning av høgt nivå. Norborg hadde i denne perioden ein del ball og vart lokka fram på bana av heimelaget, som starta å slå langt på Opseth. Han gav Norborg-forsvaret mykje hovudbry og skulle bli tunga på vektskåla.

Tjue minutt før slutt small Truls Hovland ballen i tverrliggjar. Sogndal2 opprettheld presset og ballen blir spelt ut til Eirik Kristoffersen som fann Kristian Opseth framfor mål. Han gjor ingen feil å sette ballen kontant i nota bak keeper Joakim Kjærstad. 1-1, men Opseth hadde ikkje gitt seg for dagen. To minutt seinare kom nok eit innlegg frå venstrekanten. Opseth dempa ballen og sette den kontrollert i mål til Sogndal-leiing.

Norborg forsøkte å kome tilbake i kampen, sendte fram stoppar Elling Mikal Kalvø som spiss og la om til 3-3-4. Kalvø var millimeter frå å sende Kristoffer Hildrestrand igjennom åleine med keeper, men ein Sogndal-spelar fekk tåa på ballen. I det vi runda 90 minutt punkterte Kenneth Skjerven kampen med 3-1 etter forarbeid av Opseth og Hovland.

Norborg sin bestemann var midtstoppar Elling Mikal Kalvø.

Etter tre strake bortekampar dei siste 8 dagane skal Norborg ut i heimekamp mot Tornado Måløy laurdag 7. juni kl. 16.

Laget: Joakim Kjærstad – Ole Marius Otterlei, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang (Kjell Terje Brusdal, 85), Daniel Aakre – Ole Johan Urke, Mathias Fjørtoft (Christian Sæther, 75), Tarjei Urkedal, Ole-Kristian Aarseth (Kristian Søviknes, 87) – Kristoffer Hildrestrand, Kristoffer Søviknes.