Skarbøvik – Norborg 1-3 (0-1)
Skarbøvik kgb, 29.08.14
Sjansar: 3-8
Cornere: 5-2
0-1 Kristoffer Søviknes (38)
1-1 Simen Skuseth (53)
1-2 Kristoffer Søviknes (63)
1-3 Daniel Aakre (86)
Dommar: Fredrik Løken (Brattvåg) / Assistentar: Martin Solheim (Spjelkavik) og Bjarte Steinsbu (Brattvåg)
Norborg tok tre viktige poeng då Skarbøvik vart slått 3-1 på Siffen. Etter jamne og sjansefattige første tjue minutt fekk Norborg kampen inn i sitt spor då Thomas Hamnes vart viste det raude kortet halvvegs i omgangen. Norborg fekk då meir rom og starta å skape sjansar. Få minutt før pause lykkast ein framfor mål då Kristoffer Søviknes putta. SIF slo tilbake like etter pause på eit langskot frå Simen Skuseth, men dette var Norborg sin dag og Søviknes fiksa ny leiing då han brassesparka ballen i mål frå 12 meter. Skarbøvik forsøkte å kome tilbake i kampen, men Norborg sitt forsvar hadde god kontroll og på slutten sette Daniel Aakre siste spiker’n i kista på ein utsøkt lobb.
6. august 2000, Skarbøvik vinn 6-1 over AaFK og har reelle opprykksambisjonar til 1. divisjon. Norborg på si side vinn 7-1 over Fiskerstranda og har heng på 2. plassen i 6. divisjon avd. 1 bak den suverene avdelingsleiar Skarbøvik2. Eit lag som nokre veke tidlegare hadde slått Norborg 11-0. 14 år seinare er det ikkje oransjetrøyene frå Aalesunds FK som står på motsatt side for sebratrøyene sine beste menn, men dei oransje frå Grytastranda og Søvik. Landsens gutar som kom til ærverdige Siffen og attpåtil haldt seg sjølve som favorittar.
For SIF si lagoppstilling og dei seinaste resultat skremte ingen, men det var heimelaget som etter jamne opningsminutt fekk tilrivd seg eit initiativ i kampen med fleire cornere på rad. Norborg sitt fysisk sterke forsvar hadde likevel god kontroll og fekk rydda unna. Halvvegs ut i omgangen låg Thomas Hamnes nede med skade og vart båret av bana. SIF gjor klart for bytte, men Hamnes kom seg på beina og ville fortsette. Det skulle vise seg å vere gull verd for Norborg. Sekunder seinare ropte han ukvemsord til dommar Løken, som svara med å vise det raude kortet.
Med ein mann meir fekk Norborg meir rom å boltre seg i. Sjansar vart skapt, men effektiviteten var svak. Korkje Kristoffer Hildrestrand eller Hans Edvard Nordang fann vegen til nettmaskene, men sju minutt før pause er det toppscorar Kristoffer Søviknes som endeleg kom seg fri etter ein stikkar i bakrom av Tarjei Urkedal. Åleine med keeper gjor han ingen feil å sette ballen kaldt til side for keeper Thorsen og i mål. 1-0 til Norborg og fortent leiing etter å ha svidd tre sjansar.
Sondre Kjølsøy herja med Norborg i Uggedalen i vår, og minuttet etter Norborg sitt mål viste han seg fram for første gong i denne kampen då han finta vekk Norborg sine midtstopparar og fyrte av, men keeper Ronald Søvik Olsen fekk slengt ut foten å redda forsøket. Norborg går rett i kontring ved Ole-Kristian Aarseth. Han fann Tarjei Urkedal framfor mål, men keeper Thorsen redda meisterleg forsøket frå kloss hald. Dermed går laga til pause med 1-0 til Norborg.
Etter jamne opningsminutt etter pause fekk Simen Skuseth tid og rom på midtbana. Han tok ballen med seg fram til 25 meter og klinka til mot ein keeper med sola i augene. Ballen fekk ein fin dupp og gjekk over hovudet til Olsen og ned i mål. Dermed var laga like langt. Norborg har etter dette stor strekk i laget og vi fekk Hawaii-fotball på Siffen. Etter at kvart lag misbrukte kvar sin sjanse tok så Norborg igjen føringa, og denne gong på utsøkt vist då Kristoffer Søviknes brassa ballen i mål frå omtrent straffemerket etter at SIF ikkje fekk klarert ein corner. 1-2, og årets mål.
Skarbøvik prøvde å kome tilbake, men Norborg låg kompakte på eigen halvdel og hadde god kontroll. Like før slutt auka så høgreback Daniel Aakre til 1-3 på ei god kontring. Han vart spelt fri av Søviknes og lobba ballen elegant over keeper Thorsen og i mål frå kanten av 16 meteren. Dermed ingen tvil og ein historisk siger til Norborg.
Vi tek med at Bendik Brunvoll kom inn og fekk sine første minutt for Norborg etter overgongen frå Harøy.
Norborg klatra med desse tre poenga over nedrykksstreken, men kan kome under den igjen om Årdal vinn over Spjelkavik. Uansett så blir det ein spennande haust for Norborg.
Neste kamp er heime mot Spjelkavik torsdag 4. september kl. 1830.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Elling Mikal Kalvø, Erlend Coates, Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre – Kristoffer Hildrestrand, Christian Sæther (Joakim Roald, 86), Mathias Fjørtoft, Ole-Kristian Aarseth (Preben Lorgen, 81) – Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes (Bendik Brunvoll, 90).
I sin kamp nr. 50 for Norborg scora Daniel Aakre på ein utsøkt lobb.