Norborg – Valder 2-4 (2-3)
Uggedal KGB, 06.03.14
Sjansar: 9-11
Cornere: 3-1
0-1 Mikal Dyb (7)
1-1 Joakim Roald (20)
1-2 Ulrik Giske (23)
1-3 Steffen Oksnes Elde (37)
2-3 Ole-Kristian Aarseth (43)
2-4 Stian Giske (88)
I fjorårets 4. divisjon var Norborg vårens beste lag, medan Valder var haustens beste. Norborg rykte opp, men torsdag kveld var det liten tvil om at Valder var det beste laget. I klare sjansar var det ganske likt, men spelemessig så var det raske og ballsikre Valder-laget betre. Norborg på si side sleit med personlege feil og store avstandar mellom lagdelane.
0-1 Kontring av Valder. Innlegg frå venstre til bakerste stolpe der Mikal Dyb header i mål.
1-1 Joakim Roald sender ballen i mål oppe ved vinkelen frå 16 meter.
1-2 Keeper Olsen spelar ballen i retning Fjørtoft, som let ballen gå forbi seg så ein Valder-spelar får snappa den og spelt fri Ulrik Giske, som scorer sikkert.
1-3 Ny ballmiss av Norborg og Valder kontrer på ny og scorer ved Stefen Oksnes Elde.
2-3 Ole-Kristian Aarseth putter ballen i mål etter retur frå keeper og gir Norborg nytt håp like før pause.
2-4 Stian Giske punkterer kampen med sitt skot like før slutt.
Laget: Ronald Søvik Olsen (Børt Tore Marthinussen, 84) – Ole Marius Otterlei (Kristian Søviknes, 79), Henning Koppen, Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre (Johann Fiskergaard, 79) – Ole Johan Urke (Knut Øyvind Grytten, 79), Mathias Fjørtoft, Christian Sæther, 62), Kristian Søviknes (Øyvind Sundnes, 46), Ole-Kristian Aarseth – Joakim Roald (Alexander Eide, 62), Tarjei Urkedal.