Norborg – Tertnes 2-1 (0-1)
Uggedal stadion, 04.05.14
Sjansar: 4-8
Hjørnespark: 5-7
0-1 Thomas Johannesen (33)
1-1 Sjølvmål (54)
2-1 Hans Edvard Nordang (87)
Norborg hadde marginane med seg og behaldt alle poenga i Uggedalen søndag ettermiddag. Tertnes var best i det meste før pause og leia fortent mot eit tafatt heimelag, men Norborg slo tilbake og snudde noko heldig kampen i sin favør.
Historisk kamp i Uggedalen då Norborg for første gong i klubbens historie møtte eit lag tilhørande utanfor Sunnmøre fotballkrets. Tertnes frå Bergen fekk reiseproblem og kampen møtte utsettast nær ein time. Når ein først kom i gong såg det derimot ut til å vere Norborg som hadde vore på reisefot heile dagen. Tertnes ville klart mest og duellerte heimelaget ut av stilen. Norborg fekk nær sagt til ingenting.
1. omgang var sjansefattig med mange lange høge ballar frå begge lag. Det var Tertnes som fekk den første sjansen då Frank Lilledal fekk stå heilt åleine framfor mål, men keeper Joakim Kjærstad redda forsøket. Få minutt seinare var Norborg nære ved då Kristoffer Søviknes kom seg ned til kortlinja og la 45 ut til Ole Johan Urke, men skotet hans gjekk svakt midt på keeper. Urke fekk også Norborg sin neste sjanse, men nok ein gong stod keeper i vegen.
I det 33. minutt presenterte Tertnes sin toppscorar Thomas Johannesen seg då han får god tid til å plassere ballen inne ved lengste stolpen til 0-1. Norborg sitt forsvar hadde her blitt skyvd for langt til venstre. Laga gjekk til pause med 0-1 og årsverste av Norborg. Laget var ikkje til å kjenne igjen frå den energiske kampen mot Bergsøy sist måndag.
Norborg løfta seg eit par hakk etter pause. Ein trådte meir til i duellane og viste tidvis litt større presisjon i spelet sitt. Ni minutt ut i omgangen kontrar Ole Marius Otterlei på venstresida og fekk til slutt corner på sitt lange løp. Corneren la Ole Johan Urke hardt inn framfor mål der ein Tertnes-spelar er uheldig å sette den i eige mål.
Etter utlikninga er det lite som skjer dei neste 25 minutta. Begge lag er gode i forsvar og har ikkje rytme nok i angrepet. I det begge laga jagar sigersmålet blir det større strekk i laga. Tertnes får to store sjansar til å ta leiinga, men hadde ikkje marginane med seg. Det hadde dei heller ikkje tre minutt før slutt då Hans Edvard Nordang klinka eit frispark frå 25 meter i mål via ein gjestespelar til 2-1 og ellevill jubel frå dei om lag 170 frammøtte. Norborg “parkerte bussen” i sluttminutta og rei av stormen til årets første trepoengar.
Norborg sin klart beste spelar var midtstoppar Elling Mikal Kalvø. Han vann alle duellane (og det var ikkje reint få). Han var også trygg langs bakken og las spelet godt. Vi trekker også fram dommar Eirik Hyldbakk Furu frå Clausenengen som eit positivt bekjentskap.
Norborg skal i neste kamp ut på langtur til Årdal. Den går laurdag 10. mai kl. 15.
Laget: Joakim Kjærstad – Kristian Søviknes, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre – Ole Johan Urke (Henning Koppen, 90), Ole Marius Otterlei, Christian Sæther, Ole-Kristian Aarseth (Cato Longva, 65) – Øyvind Sundnes, Kristoffer Søviknes.
Dommar: Eirik Hyldbakk Furu (Clausenengen)
Assistentar: Anders Skorpen (Malmefjorden) og Lars Bjørnar Frostad (Fiksdal/Rekdal)
Klart beste trio så langt i år, så får vi sjå om tippeligadommar Tommy Skjerven leverer like bra i neste kamp.
På blokka:
6 min: Frank Lilledal med kampens første sjanse. Tertnes-spelaren greier ikkje å overliste keeper Kjærstad.
10 min: Urke med stor sjanse etter at Søviknes la 45, men skotet går rett på keeper.
30 min: Urke kjem litt skrått på mål. Keeper reddar til corner.
32 min: Tertnes skyt like utanfor stolpen frå ca. 18 meter. Svakt press på ballførar av Norborg.
33 min: 0-1. Thomas Johannesen scorer med sin presise venstrefot.
35 min: Tertnes med sjanse då en ball bak forsvarsfireren blir tuppa mot mål. Kjærstad redder.
53 min: Tertnes får sjansen frå 16 meter då keeper har tatt ballen utanfor feltet. Skotet går rett i muren.
54 min: 1-1. Tertnes-spelar sette ballen i eige mål etter corner frå Urke.
80 min: Eirik Hornnes får tid og rom på kanten av 5-meteren, men blåser ballen til kast..
85 min: Tertnes-spelar åleine med Kjærstad, Sistnemnde vinn duellen.
87 min: 2-1. Nordang blåser eit frispark frå 25 meter via ein Tertnes-spelar og i mål.