Norborg – Stryn 0-5 (0-3)
Uggedal stadion, 13.09.2014
Sjansar: 1-8
Cornere: 5-7
0-1 Roosevelt Juty Johnny (10)
0-2 Vegard Savland (22)
0-3 Vegard Savland (33)
0-4 Karl-Erik Aarsheim (48)
0-5 Vegard Savland (78)
Norborg fekk seg ein leksjon av Stryn laurdag ettermiddag. Gjestane scora på sine tre første sjansar og punkterte i realiteten kampen før pause. – Vi har slete med effektiviteten i det siste, men i dag løsna det skikkeleg, sa Stryn-trenar Dagmund Evebø etter kampen. Han kunne seie godt nøgd med fem mål på åtte sjansar. Norborg på si side levde diverre ikkje opp til sin friske draktfarge.
Norborg gjekk til kampen med sjølvtillit etter gode prestasjonar den siste månaden, men dette var diverre eit steg tilbake. Vi noterte berre ein god sjanse til heimelaget og den kom så tidleg som i det 11. minutt då Kristoffer Hildrestrand kom seg rundt på venstrekanten og fann Tarjei Urkedal framfor mål. Han la ballen fint til rette for Christian Sæther, men avslutninga hans gjekk over mål. På det tidspunktet leia Stryn allereie då Norborg mista ballen femten meter inne på eigen halvdel og den særs dyktige Roosevelt fekk til eit godt skot frå 16 meter.
Stryn fekk ein del hjørnespark i første halvdel av 1. omgangen og på den fjerde vart det mål då den notoriske måljegeren Vegard Savland får kjempa ballen i mål. Same mann auka til 0-3 då han heada inn eit innlegg frå venstre. Tre sjansar og tre mål for Stryn. Norborg hang med hovudet og følte seg hardt straffa for sine feil. Kampen var nok kjørt, men Norborg sine spelarar bestemte seg for å vinne 2. omgangen.
Den starta positivt for Norborg. Ein la om til 4-3-3 og trykte Stryn attende på bana dei første minutta, men så fekk vi ein merkeleg situasjon. Norborg fekk frispark på om lag 30 meter og Mathias Fjørtoft såg etter ei rask løysing, men vart irritert over nokre strynespelarar som stilte seg framfor ballen. Han vippa då ballen irritert inn i ein spelar, medan norborgarane venta på at Hans Edvard Nordang skulle kome fram å ta frisparket låg ballen død. Etter eit par sekund tok ein gjestespelar ballen. Norborgarane såg på dommaren, men han reagerte med å vinke spelet vidare og Stryn kjørte ei kontring. Ballen gjekk til Karl-Erik Aarsheim som lobba over keeper Ronald Olsen og i mål frå 35 meter. Dermed eit omdiskutert mål og 0-4.
Lite skjedde den komande halvtimen, men dryge ti minutt før slutt auka Savland til 0-5 med eit skot frå ti meter. På slutten fekk Stryn eit par sjansar til å auke yttarlegare, men tverrliggar og ein god Olsen hindra fleire mål.
Ser vi bort i frå avdelinga sine 2. lag så er Stryn det klart beste laget. Dei har ingen svake punkt og ei 2-3 verkeleg gode spelarar. Dei fekk tidvis til godt kombinasjonsspel og har god arbeidskapasitet. Synd at eit par 2. lag til Tippeligaklubbar skal øydelegge for dei. Når det gjeld Norborg så kan laget betre enn dette. Mål pregar kampar og humør og sjølvtillit forsvann når ein vart hardt straffa med tre mål i mot på tre sjansar. – Skuffande kamp av oss. Vi gjer ein del slurv som vi ikkje har gjort i dei siste kampane, men vi skal slå tilbake, sa kaptein Tarjei Urkedal etter kampen.
Neste kamp er heime mot Sogndal2 måndag 22. september kl. 1730. Merk klokkeslettet.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Elling Mikal Kalvø (Kristian Søviknes, 55), Erlend Coates, Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre – Kristoffer Hildrestrand, Christian Sæther (Joakim Roald, 71), Mathias Fjørtoft, Tarjei Urkedal – Øyvind Sundnes, Kristoffer Søviknes (Ole-Kristian Aarseth, 55).
Dommar: Kristian Melset (Sykkylven)