Norborg – Skarbøvik 0-3

Norborg – Skarbøvik 0-3 (0-2)
Uggedal stadion, 15.05.14

Sjansar: 3-10
Cornere: 6-5

0-1 Sondre Kjølsøy (20)
0-2 Nils Ottar Sandø (42)
0-3 Daniel Gjerde (90)

Norborg si oppgåve mot Skarbøvik vart for tøff og sebratrøyene kunne reise frå Uggedalen med tre fortente poeng. Spesielt før pause fekk gjestane gjere som dei ville mot eit posisjoneringssvakt heimelag. Kampen jevna seg ut etter pause, men Norborg var alt for upresise på den siste tredjedelen og sette Skarbøvik sin keeper sjeldan på prøve.

Norborg hadde håp om poeng mot Skarbøvik, men det var eit konsentrert gjestelag med ein klar plan som møtte opp i Uggedalen. Norborg var klar over SIF sin plan om at det meste skal gå gjennom Svein Arve Alnes, men greidde diverre ikkje å stoppe han. Alnes fekk fritt spelerom mellom Norborg sitt forsvar og midtbane og fekk tre ballar mot Sandø og Kjølsøy.

Skarbøvik hadde skapt eit par sjansar før Sondre Kjølsøy presenterte seg for alvor på høgrekanten med enormt rykk passerte han to Norborg spelarar og klinka ballen i nota bak keeper Geir Roar Gamlem. Norborg heva seg etter målet og kom seg til eit par sjansar rundt halvtimen spelt. Først fekk Ole Johan Urke skyte frå 16 meter etter ein corner, men keeper redda. Eit par minutt seinare var det Øyvind Sundnes som fekk avslutte innafor 16 meteren etter ei fin opprulling, men skotet vart for svakt og keeper Mathiesen redda.

Tre minutt før pause gjor Norborg ei rekke feil. Først headar ein ballen inn på bana i staden for å la den gå ut til Norborg-kast. Norborg taper neste duell og ein SIF-spelar får tre ballen i bakrom til Nils Ottar Sandø. Han sprang frå forsvaret å scora åleine med keeper Gamlem. Skarbøvik er også nær ved å gå opp til 3-0 før pause, men greidde denne gong ikkje å overliste Gamlem.

Svak omgang av Norborg der ein hadde store posisjoneringsproblem og sleit med trioen Alnes, Sandø og Kjølsøy. Norborg prøvde å rette på dette i 2. omgang og bestemte seg også for å spele meir langs bakken. Dette fungerte betre og Norborg hadde ein del ball i denne omgangen, men sleit veldig med den siste pasninga. Heller ikkje dødballane sat som normalt og Skarbøvik sin keeper vart sjeldan satt på prøve.

Skarbøvik på si side kontra godt og både Sandø og Kjølsøy hadde eit par store sjansar til å auke leiinga, men gjestane måtte vente til sluttsekunda før ein fekk punktert kampen for godt då dei utnytta ei mislykka dribling i forsvar av Norborg. Daniel Gjerde kom dermed åleine med keeper og sette ballen sikkert i mål. Dermed 3-0 til Skarbøvik og ein fortent siger.

– Eg føler dette var eit steg tilbake for oss. Vi gjer mange feilval og det såg ut som vi spelte med fjellsko med alle dei upresise sistepasningane og svake dødballane, sa trenar Oddmund Davik Otterlei etter kampen.

Norborg skal no ut i tre strake bortekampar. Den neste mot Spjelkavik fredag 23. mai.

Laget: Geir Roar Gamlem – Ole Marius Otterlei, Henning Koppen (Kristoffer Hildrestrand, 64), Hans Edvard Nordang (Kjell Terje Brusdal, 82), Daniel Aakre – Ole Johan Urke, Christian Sæther, Tarjei Urkedal, Øyvind Sundnes (Ole-Kristian Aarseth, 75) – Elling Mikal Kalvø, Kristoffer Søviknes.

Dommar: Jan Erik Bratteberg (Ørsta)