Norborg Oransje – Norborg Svart 5-5 (4-4), 5-4 på straffer.
Uggedal KGB, 24.01.14.
2×35 min
1-0 Tarjei Urkedal (6)
1-1 Kristoffer Søviknes (9)
1-2 Kristoffer Søviknes (11)
1-3 Kristoffer Søviknes (16)
2-3 Tarjei Urkedal (19)
3-3 Ole Kristian Aarseth (23)
3-4 Kristoffer Søviknes (30)
4-4 Tarjei Urkedal (34)
5-4 Ole Johan Urke (41)
5-5 Stian Myklebust (62)
Dommar: Geir Ove Grønli (Kaupanger)
Norborg gjennomførte fredag kveld internkamp med 11 mot 11. Vi fekk før pause sjå mange gode angrep og flotte mål frå begge lag. Heile 8 mål vart det scora på dei 35 minutta. Det defensive vart stramma opp etter kvila, samstundes som dei offensive spelarane gjorde litt fleire feilval. Kristoffer Søviknes vart kampens store spelar med 4 mål. Tarjei Urkedal viste også stor målhunger med sine 3. Sidan det stod 5-5 ved ordinær tid vart kampen avgjort på straffer. Svart bomma på si siste straffe, medan Daniel Brusdal var sikkerheita sjøl då han avgjorde til 5-4 for dei oransje. Etter kampen var det sosial samling med pizza og quiz. Her vart Preben Lorgen, Tarjei Urkedal, Jan Even Drønnesund og Elling Mikal Kalvø quizmeistrar.