Norborg – FK Sykkylven 3-0

Norborg – FK Sykkylven 3-0 (0-0)
Treningskamp, Uggedal KGB, 06.02.14

Sjansar: 8-5

1-0 Elling Mikal Kalvø (54)
2-0 Ole Johan Urke (62)
3-0 Alexander Eide (84)

Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)

Norborg vann i kveld 3-0 over FK Sykkylven under praktfulle tilhøve i Uggedalen. Spelet var ikkje like praktfullt, men etter ein jamn 1. omgang så gjorde ein nok etter pause til å vinne komfortabelt.

Norborg har alltid hatt problem mot velspelande FK Sykkylven og redda i fjor 4-4 i sluttminutta. I kveld gav også laget frå divisjonen under Norborg trøbbel. Spesielt i 1. omgang var gjestane var fullt på høgde, men fann ikkje vegen til nettmaskene trass tre store sjansar. Norborg hadde også nokre sjansar, men kom ikkje nærmare enn ei redning på strek då Kristoffer Søviknes heada frå kloss hald.

Etter kvila fekk Norborg meir rom og var det førande laget. Elling Mikal Kalvø breidsida eit frispark frå Hans Edvard Nordang i mål fem minutt ut i omgangen. Ole Johan Urke gjorde 2-0 på eit velplassert skot etter ei flott kontring der Joakim Roald sette han opp. FK Sykkylven var ikkje ufarlege, og berre ein vaken Ronald Olsen hindra redusering eit kvarter før pause då han var flott ute å sweepa. Fem minutt før slutt heada Alexander Eide inn 3-0 etter eit flott innlegg av Tarjei Urkedal. Alt i alt ein fortent siger, men Norborg har litt å jobbe med framover. Spesielt med avstandar mellom lagdelane.

Laget: Ronald Søvik Olsen (Børt Tore Marthinussen, 84) – Ole Marius Otterlei, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Erlend Coates (Kristian Søviknes, 75) – Ole Johan Urke (Sundnes, 75), Preben Lorgen (Joakim Roald, 55), Mathias Fjørtoft (Lorgen, 71), Øyvind Sundnes (Christian Sæther, 55) – Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes (Alexander Eide, 75).