Norborg – Eid 1-0

Norborg – Eid 1-0 (1-0)
Uggedal stadion, 02.07.14

Sjansar: 3-6
Cornere: 4-9

1-0 Øyvind Sundnes (12)

Det vart med det tidlege målet til Øyvind Sundnes då Norborg sleit seg til siger over Eid. Gjestane skapte dei fleste sjansane, men kom ikkje nærmare enn eit skot i stolpen ti minutt før slutt. Dermed tre sårt trengte poeng til Norborg som endeleg hadde marginane med seg etter ein del stang ut i det siste.

Norborg måtte vinne for å halde seg over nedrykkstreken til sommaren, men oppladninga var ikkje den beste med fleire forfall og ein trenar på tribuna.

Det var gjestane frå Nordfjord som tok initiativet i kampen med stor aggressivitet og løpsvilje, men trass to sjansar til Eid dei ti første minutta så var det Norborg som tok leiinga etter fint spel på høgresida. Kristoffer Søviknes vart spelt i bakrom, han runda keeper og slo inn til Øyvind Sundnes som enkelt putta ballen i tomt mål. Resten av omgangen var stort sett prega av stillingskrig utan dei store sjansane for utan Øystein Aabrekk som sleiva ballen utanfor frå 12 meter. Dermed stod stillinga 1-0 seg til pause.

2. omgang starta som den første med stor aggressivitet av Eid. To store sjansar vart skapt, men keeper Ronald Søvik Olsen var fast bestemt på å halde nullen og tok fram sitt beste. Eid sitt trykk roa seg etter opningskvarteret, men venstrevingen var stadig ein trussel mot Norborg sitt forsvar sjølv om sjansane var fråverande.

Elling Mikal Kalvø spelte ein god kamp i midtforsvaret, men tretten minutt før slutt var han i motstandar sin 16 meter og fekk sjansen til å doble Norborg si leiing, men avslutninga vart for svak og trilla inn til keeper. Etter dette tok Eid over kampen og trykte på for utlikning, men Norborg hadde både stolpane og ein opplagt keeper Olsen og haldt unna.

Fem minutt på overtid var det like før Mathias Fjørtoft dobla leiinga då keeper var på skovtur og Fjørtoft prøvde seg på opent mål frå 50 meter, men ballen landa 5 meter før mål og spratt like over. Dermed vart det med Sundnes sitt tidlege mål i ein spennande, men ikkje alt for velspent kamp.

Trenar Oddmund Davik Otterlei måtte sjå kampen frå tribuna, men var strålande nøgd med gutane sine. – Dette var ein skikkeleg slitesiger der vi endeleg har marginane med oss. God innsats av alle mann som no kan ta seg ein fortent sommarferie, sa Otterlei etter kampen.

Neste kamp er heime mot Hødd2 måndag 4. august kl. 19.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Erlend Coates, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre – Kristoffer Hildrestrand (Preben Lorgen, 81), Christian Sæther, Mathias Fjørtoft, Ole-Kristian Aarseth – Øyvind Sundnes (Tarjei Urkedal, 63), Kristoffer Søviknes (Kjell Terje Brusdal, 84).

Dommar: Mathias Smehus Kringstad (Valder)