Norborg – Brattvåg 1-2

Norborg – Brattvåg 1-2 (1-1)
1. kvalifiseringsrunde NM, Uggedal KGB, 20.03.14

Sjansar: 5-8
Cornere: 2-7
Gule kort: 0-4

1-0 Øyvind Sundnes (4)
1-1 Carl Björk (13)
1-2 Didrik Fløtre (60)

Brattvåg slapp med skrekken og avanserte til 2. kvalifiseringsrunde etter 2-1 siger over hardtkjempande Norborg. I ein tett og jamn 1. omgang gjekk laga til pause med 1-1. Norborg festa eit lite grep i starten av andre og følte seg snytt for straffespark to gongar. Først når Kristoffer Søviknes gjekk i bakken, så når Øyvind Sundnes vart lagt ned. I staden var det Brattvåg som gjekk opp i føringa. Ei leiing ein greidde å halde heilt inn.

Om lag 250 trassa regnveret å tok turen til Uggedalen torsdag kveld for tidenenes første NM kamp mellom Norborg og Brattvåg. Tilskodarane fekk sjå eit heiltent heimelag som gjekk rett i strupa på sin hardtsatsande naboklubb. Taktikken fungerte perfekt og dryge tre minutt ut i kampen putta Øyvind Sundnes eit innlegg frå Ole Johan Urke i mål frå kloss hald. 1-0, eit varsku om at Brattvåg sine stjerner skulle få ein tøff kveld. Nokre minutt seinare haldt Tarjei Urkedal på å gjere starten endå meir perfekt då han er framme på ein retur på eit skot frå Urke, men Brattvåg sin keeper Yerzhan Sergazin avverjar til corner.

Brattvåg sin Carl Björk viste i fjor at han er ein målscorar som held eit langt høgare nivå enn 3. divisjon, og i det 13. minutt er det nettopp Calle som viser seg fram då Norborg mister ballen framfor eigen 16 meter og måljegeren prikkar ballen i mål via stolpen. Ingen av laga greier å feste grep om kampen etter utlikninga. Laga pressa ballførar hardt og var kompakte og oppofrande i sitt forsvarsspel. Begge laga fekk kvar sin sjanse på tampen av omgangen, men omgangen ebba ut med 1-1.

Norborg gjekk hardt ut etter kvila og ropte på straffe ved to høve dei første minutta, men fekk ingen gehør hos ein alt i alt god dommar. Likevel, straffesituasjon nummer to var klar. Øyvind Sundnes var først på ein ball i bakrom og blir lagt i bakken av ein brattvågforsvarar innafor 16 meteren. Her burde dommar ha løfta fløyta og peika på kritmerket.

I staden for at Norborg fekk sjansen til å ta leiinga er det Brattvåg som kontrar inn 1-2 nokre minutt seinare då Tommy Kanishi kjem seg rundt på venstrekanten og finn ein umarkert Didrik Fløtre framfor mål. Fløtre gjor ingen feil frå om lag 10 meter å sette ballen i mål. Målet endra kampbiletet og Brattvåg festa grepet. Norborg sine spelarar verka slitne og fekk stor avstand mellom lagdelane. Brattvåg var farleg frampå ved eit par høve og måtte blant anna sjå ei avslutning bli redda på strek av Ole Johan Urke. Dei fekk også ein ball i nota, men avvinka for offside.

Norborg løfta seg dei siste ti minutta, men Brattvåg haldt stand og kunne til slutt juble for siger og avansement til 2. kvalifiseringsrunde. Likevel, Norborg skal vere stolte over sin prestasjon i kveld. Ein gav det beste 3. divisjonslaget mellom Bergen og Trondheim god kamp i 90 minutt. Med litt marginar kunne cupbomba gått av i Uggedalen denne kvelden.

Trenar Oddmund Davik Otterlei var ingen slagen mann etter kampen. – Gutane viser ein formidabel innsats og eg set igjen med både ein god og ein dårleg følelse. Den gode er at vi gav Brattvåg kamp i 90 minutt, den dårlege at vi taper. Greier vi å halde oppe dette nivået framover så blir vi vanskelege å slå.

Vi gir klubblegenda Tarjei Urkedal prisen for beste heimespelar. Han var over alt og stressa Brattvåg sine spelarar i dei 73 minutta han spelte før han måtte ut med skade.

Norborg: Ronald Søvik Olsen – Ole Marius Otterlei, Henning Koppen, Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre – Ole Johan Urke, Mathias Fjørtoft, Tarjei Urkedal (Christian Sæther, 73), Ole-Kristian Aarseth (Elling Mikal Kalvø, 85) – Øyvind Sundnes (Alexander Eide, 90), Kristoffer Søviknes.

Brattvåg: Yerzhan Sergazin – Jørgen Sørnes, Richard Tomren, Robert Kjellmann, Victor Hoff – Tommy Kanishi Andreassen, Finn Alvestad (Vegar Skare, 78), Even Vestavik, Tore Johan Gjerde (Håvar Ekornåsvåg, 46) – Didrik Fløtre, Carl Björk.

Dommar: Jim Dyb (Giske)
Assistentar: Øystein Ytterdal (Valder) og Vitalij Karpenko (Ellingsøy)