Norborg – Bergsøy 2-3

Norborg – Bergsøy 2-3 (2-1)
Uggedal stadion, 28.04.14

Sjansar: 10-7
Cornere: 7-6

1-0 Øyvind Sundnes (9)
2-0 Elling Mikal Kalvø (37)
2-1 Jose Peralta (44)
2-2 Frank Sverre Skorpen (48)
2-3 Frank Sverre Skorpen (75)

Norborg måtte sjå seg slått 2-3 av Bergsøy etter å ha leia 2-0. – Vi viser vi har nivået inne, men har ikkje heilt marginane med oss, sa Norborg-trenar Oddmund Davik Otterlei etter kampen. Han måtte sjå eit utal avslutningar bli redda på strek etter gode dødballar og poenga reise til Fosnavåg.

Med Kristoffer Søviknes i Polen valde trenar Otterlei å sende midtstoppar Elling Mikal Kalvø fram som spiss. Dette skulle vise seg å vere eit godt val sidan Kalvø var involvert i begge Norborg sine scoringar fram til han måtte ut med mageverk.

Norborg gjekk rett i strupa på opprykksfavoritt Bergsøy og var nær leiing i det 5. minutt då Øyvind Sundnes styrte eit innlegg frå Ole-Kristian Aarseth mot mål frå kloss hald, men keeper Knitght stod i vegen. Det skulle likevel ikkje gå mange minutta før Sundnes fann vegen til nettmaskene. Fire minutt seinare flikka Elling Mikal Kalvø eit oppspel frå Hans Edvard Nordang vidare i bakrommet der Sundnes kom. Han lobba elegant over keeper og kunne juble for 1-0.

Bergsøy greidde etter kvart å heve spelet sitt og kom seg til eit par sjansar rundt halvspelt omgang. Det nærmaste på ei avslutning som gjekk i tverrliggar etter ein corner. Ole-Kristian Aarseth var nær å doble leiinga nokre minutt seinare då han kom åleine med keeper, men avslutninga gjekk utanfor. 8 minutt før pause skulle likevel Norborg få 2-0 då heada Elling Mikal Kalvø inn ein corner frå Ole Marius Otterlei. Norborg verka å ha god kontroll mot slutten av omgangen, men så glapp markeringane og Jose Peralta viste ingen nåde då han stakk mellom stopparane og sendte ballen inne ved motsatt stolpe. Norborg ville ha offside, men assistentdommaren meinte det var akkurat onside. Dermed 2-1 og Bergsøy med nytt håp.

Bergsøy gjekk hardt ut i 2. omgang og fekk si tidlege utlikning då Frank Sverre Skorpen heada eit innlegg frå venstre i mål. Det neste kvarteret skjedde det lite, men den siste halvtimen skulle bli underhaldande. Spesielt var laga farlege på dødball. I det 68. minutt må Norborg sjå tre avslutningar blir redda på strek etter ein corner av Ole Marius Otterlei.

Trass fleire farlege cornere så var det på ei kontring avgjersla fall då Jose Peralta fekk ballen ute på venstrekanten, storma framover og fann Frank Sverre Skorpen framfor mål. Den rutinerte angriparen gjor ingen feil å sendte ballen i nota inne ved lengste stolpe. Norborg prøvde å mobilisere og kom seg til tre gode sjansar, men korkje Ole Johan Urke, Øyvind Sundnes eller Ole-Kristian Aarseth greidde å få inn 3-3 målet. Dermed eit bittert tap 2-3 for hardtkjempande oransjetrøyer.

Norborg står dermed med 0 poeng på sine 2 første kampar. Likevel, ein har nivåheving og har også mykje å gå på mannskapsmessig. I vekene så kjem skal nok Norborg bli endå vanskelegare å slå.

Kjell Terje Brusdal vart kåra til heimelagets beste spelar av Sparebanken Møre. Han vann nær sagt alle duellane og var flink til å bryte Bergsøy sine angrep. Det viser breidde Norborg har på stopparplass når ein kan sende Kalvø fram i angrep og erstatteren blir Norborgs beste. I tillegg har ein Henning Koppen i bakhand.

Norborg skal ut i ny heimekamp allereie på søndag kl. 15. Då gjestar Tertnes frå Bergen Uggedalen for første gong.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Ole Marius Otterlei, Kjell Terje Brusdal, Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre – Ole Johan Urke (Kristian Søviknes, 84), Tarjei Urkedal, Christian Sæther (Joakim Roald, 88), Ole-Kristian Aarseth – Øyvind Sundnes, Elling Mikal Kalvø (Cato Longva, 52).

Dommar: Tor Ove Myrseth (FK Sykkylven)
Assistentar: Martin Solheim (Spjelkavik) og Vitalij Karpenko (Ellingsøy)

På blokka:
5 min: Sundnes med stor sjanse, men keeper redder forsøket frå kloss hald etter innlegg av Aarseth.
9 min: 1-0. Sundnes lobber over keeper etter å ha blitt flikka igjennom av Kalvø.
20 min: Rachid med første store sjansen til Bergsøy. Skyt utanfor frå 15 meter.
22 min: Sundnes header rett på keeper etter innlegg frå Urke.
23 min: Farleg corner av Bergsøy. Heading i tverra.
27 min: Farleg corner av Norborg og Urke. Urkedal kneer ballen over frå 5 meter.
28 min: Aarseth åleine igjennom, passerer keeper men skyt utanfor.
37 min: 2-0. Kalvø header i mål corner frå Otterlei.
44 min: 2-1. Peralta får plass mellom stopparane å sette ballen i lengste.

48 min: 2-2. Skorpen headar i mål.
63 min: Farleg corner av Bergsøy. Skot utanfor frå 17 meter.
68 min: Farleg corner av Otterlei. 2-3 redningar på strek av Bergsøy.
71 min: Farleg corner av Bergsøy. Norborg får avverja.
75 min: 2-3. Skorpen med klinisk avslutning i lengste etter kontring på venstresida og innlegg av Peralta.
83 min: Urke får tid og rom innafor 16, men sette ballen i nettveggen.
85 min: Bergsøy fyrer av frå skrått hald. Olsen er vaken. (Halvsjanse, men hardt og godt skot)
87 min: Sundnes headar og Norborg sin benk ser den i mål, men gjekk utruleg nok utanfor. Gedigen sjanse.
88 min: Aarseth får kampens siste sjanse, men sette ballen i nettveggen frå kanten av 5 meteren.