Norborg – Årdal 2-1

Norborg – Årdal 2-1 (1-1)
Uggedal stadion, 23.08.2014

Sjansar: 5-2
Cornere: 3-4

0-1 Marcin Brzykcy (41)
1-1 Kristoffer Søviknes (45)
2-1 Hans Edvard Nordang (70)

Dommar: Bjørn Bakkom (Åmdal)

Norborg sitt håp om fornya kontrakt i 3. divisjon steig i går då Årdal vart sendt heim med tap. – Ja, dette var ein veldig viktig slitesiger, sa trenar Oddmund Davik Otterlei etter kampen. – Vi opptrer konsentrerte, sleppte Årdal til få sjansar og scora mål på viktige tidspunkt. Spesielt det å få utlikninga like før pause i ein omgang vi stort sett hadde styrt førte til ny tru på tre poeng. Gutane skal ha skryt for innsatsen, men innrømmer at det vart laga unødig høg spenning på overtid då Årdal fekk mange dødballar rundt Norborg sin 16-meter.

Begge lag visste kva som stod på spel i denne botnkampen. Norborg måtte vinne for å halde kontakta med laga over nedrykkstreken, medan Årdal ville få pusterom til laga på nedrykk. Det vart då heller ingen sjanseorgie av ein kamp då begge lag spelte med liten risiko. Norborg hadde eit lite initiativ den første halvtimen, men trass ein del fine angrep så stemte det ikkje på den siste tredjedelen. Eit par sjansar vart likevel skapt. Midtbaneeleganten Mathias Fjørtoft avslutta like utanfor frå 17 meter, medan Øyvind Sundnes var særs uheldig då lobben hans trefte bakken nokre meter framfor mål og spratt nokre centimeter over tverrliggjar.

Årdal sine spede forsøk framover på bana vart stort sett avblåst for offside, men fire minutt før pause stod corner på menyen for gutane frå aluminiumsbygda. Den vart heada kontant i nota av Marcin Brzykcy ved bakerste stolpe. Norborg følte seg hardt straffa, men like før pause så svarer Kristoffer Søviknes med å heade inn 1-1 på ein god corner av Ole-Kristian Aarseth. Dermed uavgjort til pause i ein omgang Norborg hadde vore best.

2. omgang starta med eit trykk frå heimelaget deit første 4-5 minutta, men gjestane rydda unna og vi fekk ein lite sjåverdig omgang før Hans Edvard Nordang klinka inn eit frispark frå 25 meter til 2-1 leiing. Fortent leiing, sjølv om Årdal sin innbytar Yebio hadde sjansen til å gi gjestane leiinga like før.

Norborg hadde kontroll defensivt og burde ha punktert kampen tre minutt før slutt då Kristoffer Hildrestrand kom seg rundt på kant og spelte til Tarjei Urkedal, men hans forsøk frå 10 meter vart redda av keeper. Elling Mikal Kalvø plukka opp returen, drog av ein spelar og fyrte av, men skotet vart redda på strek. Årdal forsøkte på slutten å få utlikning, men trass nokre dødballar i farleg posisjon så rydda Norborg sitt forsvar greit unna. Dermed tre fortente poeng til oransjetrøyene.

Ein defensivt god kamp av Norborg, men ein tek for lite vare på innleggssjansar offensivt. Ofte hadde ein 3-4 mann i feltet utan at ballen vart slått inn og ein i staden valde å trille ball utanfor 16 meter eller ned i støtte. Forsvaret med Hans Edvard Nordang i spissen var stødig i dag og Mathias Fjørtoft var dominant på midtbana. Vi kårar denne duoen frå Fjørtofta til Norborg sine beste i dag.

Neste kamp er borte mot Skarbøvik fredag 29. august kl. 1830. Vi håper mange tek turen til byen for å støtte Norborg.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Elling Mikal Kalvø, Erlend Coates, Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre – Kristoffer Hildrestrand, Tarjei Gjerset Urkedal, Mathias Fjørtoft (Joakim Roald, 90), Ole-Kristian Aarseth (Preben Lorgen, 86) – Øyvind Sundnes, Kristoffer Søviknes.


Kristoffer skubba bort Elling Mikal å heada corneren frå Ole-Kristian i mål. (Foto: Odd Arne Grande)


Hans Edvard si frisparkkule har akkurat treft nettmaskene. 2-1 til Norborg! (Foto: Odd Arne Grande)