Norborg – AaFK2 1-2 (0-1)
Uggedal KGB, 06.10.2014
Sjansar: 4-5
Cornere: 4-4
0-1 Sjølvmål (17)
1-1 Kristoffer Søviknes (65)
1-2 Knut-Idar Dalhus (87)
Norborg kjempa godt, men måtte til slutt sjå seg slått av avdelingsvinnar AaFK2. Gjestane hadde ballen mest, men skapte lite mot eit godt organisert heimelag. Kampen kunne ha bikka begge vegar, men AaFK2 hadde det lille ekstra framfor begge mål og tok alle poenga i sluttminutta. Sidan Arna-Bjørnar vann over Sogndal2 treng Norborg ni poeng og mykje hjelp for å stå i divisjonen.
AaFK2 stilte eit godt lag i Uggedalen måndag kveld med blant anna grytastrandar Torbjørn Grytten på spissplass saman med Tor Hogne Aarøy. Norborg på si side hadde ein del forfall og måtte gjere store rokeringar på laget høve sist kamp. Ådne Hellandsvik (16) fekk sin debut frå start, medan midtbanespelar Christian Sæther måtte steppe inn som høgreback då Daniel Aakre meldt forfall grunna sjukdom. Begge kom godt frå det, og spesielt Sæther var særs stødig i uvand posisjon.
Etter jamne opningsminutt starta AaFK2 å ta eit grep om kampen. Tor Hogne Aarøy kom seg til kampen sin første sjanse, men frå ti meter heada han svakt utanfor. Tre minutt seinare presenterte Torbjørn Grytten seg for heimepublikummet då han kom seg rundt på kanten og la hardt inn framfor mål, men ein AaFK2-spelar styrte innlegget utanfor. Fire minutt seinare tok så gjestane leiinga. Målet kom etter eit innlegg frå høgre som fann Bendik Mathiesen. Elling Mikal Kalvø blokkerte skotet hans og ballen fauk rett til vers. Keeper Ronald Søvik Olsen forsøkte å bokse ballen, men vart forstyrra av Aarøy og ballen gjekk i mål.
Det skjedde elles lite i omgangen. AaFK2 hadde ballen mest, men skapte lite. Norborg var kompakte defensivt, men kom seg berre til ein sjanse då Øyvind Sundnes fekk avslutte innafor 16 meteren, men ballen vart blokkert til corner. Det var dermed greitt at AaFK2 leia til pause.
I 2. omgang fekk Norborg medvind og ein gjekk aggressivt til verks. Tre minutt etter sidebyttet avslutta Sundnes over frå ca. 10 meter. Tre minutt seinare jaga Kristoffer Hildrestrand ein ball i bakrom. Han vann duellen mot stopparen, men var hardt pressa då han avslutta og forsøket gjekk utanfor. Tjue minutt ut i omgangen lykkast endeleg Norborg. Christian Sæther sitt innkast fann Elling Mikal Kalvø som stussa til Kristoffer Søviknes som heada ballen i nota. 1-1, og fortent utlikning.
Sidan Arna-Bjørnar leia over Sogndal2 haldt ikkje 1-1 for Norborg, men ein greidde ikkje å legge press på AaFK2, som på si side heller ikkje greidde å skape mykje. Men to gongar glapp det defensivt for eit elles sikkert heimeforsvar. Den første avverja keeper Olsen med ei strålande redning. Tre minutt før slutt måtte han diverre gi tapt då Knut-Idar Dalhus kom åleine med han. Dalhus sette ballen sikkert i mål og sende AaFK2 til 2. divisjon og Norborg yttarlegare ned i gjørma.
Norborg gjekk dermed på sitt åttande 1. målstap. Nok ein gong gjekk ein av bana med følelsen av å kunne ta både 1 og 3 poeng, men endte opp med 0. Innsatsen var upåklageleg og ein spelte med stor konsentrasjon mot ein på papiret overlegen motstandar. Vi gir Elling Mikal Kalvø bestemannsprisen. Han hadde full kontroll på Aarøy gjennom heile kampen.
Norborg må no vinne sine tre siste kampar og treng hjelp frå andre lag for å stå i divisjonen. Neste kamp er allereie laurdag kl. 14 på River Plate i Gursken.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Kristian Søviknes, Erlend Coates, Elling Mikal Kalvø, Christian Sæther – Kristoffer Hildrestrand, Tarjei Urkedal, Mathias Fjørtoft (Bendik Brunvoll, 90), Ådne Hellandsvik (Ole Johan Urke, 73) – Kristoffer Søviknes, Øyvind Sundnes (Alexander Eide, 90).