Arna-Bjørnar – Norborg 2-1

Arna-Bjørnar – Norborg 2-1 (1-0)
Arna Idrettspark, 28.06.14

Sjansar: 5-5
Cornere: 4-7

1-0 Steffen Sommerstad (20)
1-1 Kristoffer Søviknes (75)
2-1 Vegard Agdestein (79)

I ein jamn kamp var det heimelaget som bikka kampen i sin favør og tok tre viktige poeng i botnstriden. – Vi fortener å få med oss poeng i denne kampen, men det er noko forknytt over oss og vi gir bort enkle mål. Vi får håpe det løsner på onsdag når Eid kjem på besøk, sa trenar Oddmund Davik Otterlei etter kampen.

For første gong i historia reiste Norborg med fly for å spele seriekamp. Laget reiste ned fredag kveld for å få best mogeleg opplading til kampen. Det var også Norborg som starta best og var nær ved å ta leiinga fire minutt ut i kampen då Tarjei Urkedal fekk av garde ein lobb før han vart meid ned. Lobben gjekk like over og Norborg ropte på straffe, men fekk ingen gehør hos det som skulle vise seg å vere ein merkeleg dommar.

Etter gode opningsminutt av Norborg jamna kampen seg ut og heimelaget trilla ein del ball på eigen halvdel. I det 20. minutt tok Arna-Bjørnar føringa i kampen då ein spelar kom seg rundt på høgresida og la 45 til Steffen Sommerstad som sette ballen i nota til 1-0. Få minutt etter er same mann nær ved å doble leiinga, men denne gong gjekk avslutninga like utanfor.

Norborg mangla rytme i angrep og var ofte på halvdistanse. Eit kvarter før pause fekk ein likevel til eit godt angrep som vart avslutta med at Kristoffer Søviknes heada Ole-Kristian Aarseth sitt innlegg rett på keeper. Omgangen ebba ut med 1-0 til Arna-Bjørnar.

2. omgang opna roleg, men etter kvart greidde Norborg å legge eit lite trykk på heimelaget. Kristoffer Søviknes var nær ved å utlikne i det 62. minutt då han heada ein corner frå Kristoffer Hildrestrand i stolpen. Søviknes nærma seg scoring og på sin tredje sjanse fekk han ballen i nota med låret etter forarbeid av Daniel Aakre. 1-1, og fortent utlikning. Gleda vart diverre ikkje lenge for Norborg og eit tjuetalls supportarar.

Arna-Bjørnar hadde ikkje skapt ein målsjanse etter kvila før Anders Herland heada i tverrliggar og over i det 77. minutt. To minutt seinare går ballen nok ein gong i tverrliggar, men denne gong på rett side for heimelaget. Målet kom etter at Vegard Agdestein fanga opp ein retur frå keeper like innafor 16 meteren og fekk så vidt sendt den under tverrliggar og over streken.

Norborg fekk sine mogelegheiter på slutten av kampen, men kom ikkje nærmare enn redning på strek etter ei heading av Elling Mikal Kalvø. Dermed eit surt tap for Norborg sine gutar.

Neste kamp er heime mot Eid onsdag kl. 19.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Kristoffer Hildrestrand, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre – Ole Johan Urke (Kristian Søviknes, 46) (Erlend Coates, 53), Tarjei Urkedal, Mathias Fjørtoft, Ole-Kristian Aarseth (Arild Vågnes, 73) – Øyvind Sundnes, Kristoffer Søviknes.