Årdal – Norborg 3-2 (1-0)
Jotun stadion, 10.05.14
Sjansar: 8-5
Cornere: 8-8
1-0 Preben Strypet (24)
1-1 Ole Johan Urke (str. 55)
1-2 Øyvind Sundnes (58)
2-2 Preben Strypet (str. 71)
3-2 Endre Straumsheim (88)
Norborg var særs nær poeng på årets første langtur då ein gjesta Årdal, men marginar i mot gjor at alle poenga vart verande hos vertane. Sjølve kampen var spelemessig svak på ei bane som ikkje innbydde til festfotball.
Norborg kom best i gong og var nær ved å ta leiinga på ein corner frå Kristian Søviknes, men bror Kristoffer heada like over. Diverre skulle ikkje opningsminutta bli representativ for resten av omgangen. Det var noko sløvt over Norborg. Pasningsspelet sat ikkje, driblingane fungerte ikkje og ein stod for ofte på hælane.
Heimelaget tok gradvis over kampen og produserte eit par halvsjansar før Norborg verkeleg klønar det til for seg etter eigen dødball. Årdal klarerer og stoppar Kjell Terje Brusdal får ballen 15 meter inne på eigen halvdel. I staden for å klinke ballen attende i motstandars straffefelt tok han seg god tid før han spelte ei kortpasning til Christian Sæther i midtsirkelen. Her kom Årdal sin Johnny Hagen i godt driv, snappa ballen frå Sæther og storma i angrep saman med Edin Øy og Preben Strypet mot eit Norborg i undertal. Hagen spelte til Øy som sentra til Strypet framfor kassa og han gjor ingen feil å sette ballen i opent mål til 1-0.
Norborg greidde ikkje å løfte seg etter målet og Preben Strypet fekk eit par sjansar til å auke leiinga. Minuttet før pause er likevel Norborg nær utlikning då Elling Mikal Kalvø frå 5 meter headar eit frispark frå Kristian Søviknes rett på keeper Gilleshammer. Likevel, fortent leiing til Årdal ved pause. Ikkje fordi dei var gode, men fordi Norborg var langt under normal standard.
Etter å ha fått tatt pausepraten er det eit heilt anna driv over Norborg det første kvarteret av 2. omgang. Christian Sæther starta å fordele ballar på midtbana og Ole Johan Urke fann tilbake drivet og touchen.
Det var likevel Årdal sin tidlegare G17 landslagsspelar Christian Stedje som fekk omgangens første sjanse, men skotet hans gjekk utanfor. Etter dette vart det berre Norborg og ein snudde kampen til 2-1 leiing på få minutt. 1-1 kom på straffe ved Ole Johan Urke. Leiarmålet sette Øyvind Sundnes i mål etter eit innlegg av Urke.
Etter dette gode opningskvarteret gav ein igjen frå seg initiativet til Årdal. Ikkje at heimelaget skapte noko særleg framfor Norborg sitt mål, men ballen var mest inne på Norborg sin halvdel og Årdal vann dei fleste duellane. I det 71. minutt vart dei også tildelt straffespark for halding. Preben Strypet sette den sikkert i mål til 2-2.
Lite skjer etter utlikninga. Heimelaget ser ut til å ville mest, men utan å vere i stand til å trenge igjennom Norborg sitt forsvar. Men så, to minutt før slutt er posisjoneringa feil då keeper Gilleshammer spelar ut, Moheim stussa i bakrom til Endre Straumsheim på løp. Keeper Ronald Søvik Olsen rusar ut av 16 meteren sin og Straumsheim tuppar ballen forbi Olsen og ballen rullar i mål til 3-2.
Norborg forsøkte på slutten å løfte laget igjen og fekk eit par situasjonar framfor mål, men heimeforsvaret rydda unna og tok tre viktige poeng. Norborg taper ein jamn kamp, men likevel, skulle kampen ha ein vinnar var det Årdal.
Diverre er ikkje Norborg heilt på “tå hev” om dagen, gjer enkle feil og greier ikkje å utnytte motstandars svakheiter. Ein er heller ikkje så kynisk som ein bør vere når ein først har tatt leiinga. Ein viser elles at ein har nivået i divisjonen inne. Det er berre nokre få justeringar som skal til før ein finn flyten.
Neste kamp er heime mot Skarbøvik torsdag 15. mai kl. 19.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Kristian Søviknes (Erlend Coates, 70), Elling Mikal Kalvø, Kjell Terje Brusdal (Henning Koppen, 72), Daniel Aakre – Ole Johan Urke, Christian Sæther, Tarjei Urkedal, Ole-Kristian Aarseth (Ådne Hellandsvik, 86) – Øyvind Sundnes, Kristoffer Søviknes