Aalesunds FK 2. lag – Norborg 6-2 (3-0)
Color Line stadion, 13.06.14
Sjansar: 11-4
Cornere: 4-3
1-0 Jo Nymo Matland (16)
2-0 Knut Idar Dalhus (21)
3-0 Sjølvmål (40)
4-0 Henrik Bjørdal (47)
4-1 Tarjei Gjerset Urkedal (56)
4-2 Kristoffer Hildrestrand (60)
5-2 Bendik Mathiesen (61)
6-2 Henrik Bjørdal (73)
Fredag den 13. vart ingen heldig dag for Norborg. Etter eit roleg opningskvarter fekk heimelaget kampen inn i sitt spor då Matland sette ballen i tomt mål frå 40 meter. Norborg vart ståande med lua i handa resten av omgangen og fekk lite til mot det ballsikre AaFK2-laget. Etter pause kom Norborg langt meir med, men trass to raske mål så greidde ein aldri å true heimelaget.
Norborg leverte ein skuffande 1. omgang mot AaFK2 og kampen var i realiteten punktert før pause. Det starta likevel brukbart for AaFK2 fekk lite til i opningskvarteret og vi kunne ane ein liten frustrasjon bre seg over laget, men så gjer Norborg feil på feil der til slutt keeper Joakim Kjærstad sat igjen med Svarte-Per då han langt utanfor sin eigen 16-meter sleiva ballen i beina til Jo Nymo Matland. Frå 40 meter gjor tippeligaspelaren ingen feil å plasserte ballen i det tomme målet til 1-0.
Mål pregar kampar og med eitt stod Norborg med lua i handa, medan unggutane på AaFK2 fekk tryggleiken dei trengte. Fem minutt etter leiarmålet låg så ballen igjen i nota bak keeper Kjærstad. Denne gong kunne han lite gjere då eit passivt forsvar lot Knut Idar Dalhus putte frå kloss hald.
Norborg fekk lite til offensivt og kom stadig på mellomdistanse defensivt. Fem minutt før pause blir den svake omgangen fullført med eit sjølvmål av Elling Mikal Kalvø då han bryt framfor Sebastian Andreassen, men er uheldig og ballen rullar i eige mål.
Sjølv om AaFK2 leia 3-0 så sette dei innpå tre mann frå A-stallen i pausa. To minutt ut i omgangen presenterte den beste av dei seg, Henrik Bjørdal. 17-åringen fekk ein stikkar i bakrom og scora enkelt åleine med keeper. Norborg løfta seg likevel i 2. omgang og med to mål på fire minutt hadde ein håp om å skape litt spenning i kampen. 4-1 vart sett inn av Tarjei Urkedal frå kloss hald etter fint forarbeid av Elling Mikal Kalvø. 4-2 var ei perlescoring då Kristoffer Hildrestrand banka ballen i vinkelen frå 16 meter.
Håpet om spenning vart likevel ikkje lenge for Norborg. Minuttet seinare er ein nok ein gong sløv i dei defensive markeringane og Bendik Mathiesen får heade eit innlegg frå høgre i mål. Dryge kvarteret før slutt auka AaFK2 til 6-2 då Henrik Bjørdal dansa seg gjennom Norborg sitt forsvar, runda keeper og banka ballen i nota. Vakkert!
AaFK2 var best i det meste og vann fortent, men Norborg gjorde ein posistiv 2. omgang og må bygge vidare på det. I neste kamp kjem Larsnes/Gursken på besøk til Uggedal stadion. Ein skikkeleg nøkkelkamp i botnstriden. Så møt opp i Uggedalen laurdag kl. 16.
Laget: Joakim Kjærstad – Ole Marius Otterlei, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre – Ole Johan Urke (Kristoffer Hildrestrand, 58), Christian Sæther (Arild Vågnes, 58), Tarjei Urkedal, Ole-Kristian Aarseth – Øyvind Sundnes (Joakim Roald, 81), Kristoffer Søviknes.