Ørsta – Norborg 2-3 (0-1)
Ørsta stadion, 27.06.13
Sjansar: 9-7
Cornere: 7-3
0-1 Ole Johan Urke (28)
0-2 Kristoffer Søviknes (52)
1-2 Jan Marius Brekke (81)
2-2 Terje Rebbestad (83)
2-3 Kristian Søviknes (str. 90)
Dramatisk toppoppgjer på Ørsta stadion med mange situasjonar framfor mål, raude kort og overtidssiger på straffespark til Norborg. Dermed auka Norborg forspranget på toppen av tabellen og kan ta sommarferie med godt samvit.
– For ein mentalitet! Frå å ha full kontroll blir det plutsleg heilsvart. Likevel klarer oss å vinne kampen. No skal det bli godt med ferie, for dette tek på ein gamal kropp, sa Norborg-trenar Oddmund Davik Otterlei etter kampslutt.
Norborg starta kampen best og kom seg til ein stor sjanse ved Ole Johan Urke og eit par halvsjansar det første kvarteret. Ørsta kom seg gradvis meir inn i kampen, men så kontra Norborg med eit langt oppspel til Kristoffer Søviknes, som haldt på ballen til Daniel Aakre kom på løp. Han la inn til Ole Johan Urke som klinka ballen i mål til fortent leiing.
Siste minutta av omgangen var eit einaste langt angrep frå Ørsta med mange dødballar, men Norborg ofra seg og haldt ballen ute av nettet. Minuttet før pause trudde Ørsta dei hadde utlikna, men då vart det vinka for offside. Omgangen sett under eitt så leia Norborg fortent til pause.
Etter pause scorer Norborg på omgangens første sjanse då Kristoffer Søviknes kranglar ballen like over linja etter forarbeid av Cato Longva. Ballen fann aldri nettmaskene, men assistentdommar markerte for at ballen var inne.
Ørsta gav likevel ikkje opp og styrte kampen etter dette. Og då Daniel Aakre fekk sitt andre gule kort, noko som var særs hardt i dømt, så vart presset vedvarande, men dette var dagen då Ørsta ikkje såg ut til å ha marginane med seg. I det 78. minutt heada Jørgen Winjevoll i tverrliggjar og ned. Norborgarane som varma opp seier at ballen var over linja, men dommarane fekk det ikkje med seg og spelet gjekk vidare. Norborg levde farleg og var heldige. Ti minutt før slutt kom så reduseringa då Norborg ikkje får fatt i ballen trass ei rekke forsøk. Keeper Joakim Kjærstad fekk fleire gongar handa på ballen, men den spratt unna kvar gong, og til slutt sette Jan Marius Brekke den i mål.
Eit par minutt seinare har Terje Rebbestad ballen ute på venstrekanten. Han går litt inn i bana før han legg ballen i boge over keeper og i mål. 2-2, Norborg ser ut til å rakne. Men, Norborg har ei eiga evne til å slå tilbake i år. I det vi går inn i siste speleminutt kontrar Norborg og får frispark like utanfor 16 meteren. Frisparket bli slått i muren og til corner. Norborg er meir innstilt på å halde på det eine poenget og sender få folk inn i feltet. Det er likevel nok til at det blir farleg og Elling Mikal Kalvø blir reven ned på 5-meteren då han er først framme på ein retur frå keeper. Dommar bles for straffe og Kristian Søviknes får ein gylden sjanse til å sende Norborg i føringa. Søviknes, som hevdar det er like enkelt å sette ei straffe i mål som det er å ta avspark, sette den sikkert i mål til ellevill jubel.
Dramatikken var likevel ikkje over. Fire minutt på overtid får Preben Olsen sitt andre gule for dagen og må forlate bana. Etter kampslutt vart også Terje Rebbestad vist det raude kortet.
Norborg var på gyngande grunn fleire gongar i 2. omgang, men stakk til slutt av med tre poeng og sette ny klubbrekord med 6 strake sigrar.
Laget: Joakim Kjærstad – Kristian Søviknes, Elling Mikal Kalvø, Erlend Coates, Daniel Aakre – Ole Johan Urke (Adrian Håbet, 67), Preben Lorgen, Even Vestavik, Tarjei Urkedal – Cato Longva (Ole Marius Otterlei, 84), Kristoffer Søviknes.