Norborg – Vestnes Varfjell 2-5

Norborg – Vestnes Varfjell 2-5 (2-1)
Uggedal KGB, 14.02.13

Sjansar: 6-10
Cornere: 3-5

0-1 ? (21)
1-1 Ole Johan Urke (28)
2-1 Cato Longva (30)
2-2 ? (60)
2-3 Sjølvmål (62)
2-4 ? (69)
2-5 ? (77)

Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)

Norborg var gode i om lag ein time mot Vestnes Varfjell i kveld, men tapte likevel klart etter ein svak periode i andre omgang. Likevel, ei positiv økt der mange spelarar fekk prøvd seg mot ein god motstandar.

Norborg har møtt Varfjell mange gongar dei siste 10-11 åra, men aldri vunne. I kveldens kamp såg det lenge lovandes ut. Gjestande frå Varfjell tok riktig nok leiinga på sin første sjanse, og var også nær å doble den like etter, men Norborg viste mykje bra. Tarjei Urkedal var nær utlikning, men skotet gjekk i tverrliggjar og over. Då var skotfoten til Ole Johan Urke betre innstilt. Etter corner frå Kristian Søviknes banka han ballen i mål frå 16 meter. Cato Longva skulle gjere dette til fine minutt for heimelaget då han scora åleine med keeper etter at Kristoffer Søviknes vann ballen inne på Varfjell sin halvdel.

Laga gjekk til pause med 2-1 leiing til Norborg i ein forhaldsvis jamnspelt omgang. Even Vestavik, Daniel Aakre og Kristoffer Søviknes viste mykje bra i denne omgangen.

Norborg starta 2. omgang best og burde ha auka leiinga då Even Vestavik vart felt innanfor 16 meteren og dommar Steinsbu peika på straffemerket. Even tok sjølv straffa og sette den over mål.

Vestnes tok etter kvart over kampen og snur den på få minutt mot eit Norborg-lag som var ute av posisjon og sleit med å få til det spelet ein hadde før pause. Ein god del bytter får ta sin del av skylda for at ein kom ut av rytma, men så var heller ikkje resultatet så viktig i denne kampen. Samstundes må vi seie at Varfjell har eit godt lag som aldri gir deg ro og veit og utnytte feil. Fire mål på 17 minutt vart det for Varfjell.

Norborg kom seg etter kvart til hektene igjen og spelet bølgja dei siste minutta der begge lag kom seg til eit par gode sjansar. Alt i alt ei grei økt for begge lag og ein fortent siger til gjestane frå Romsdal. Vi takkar elles Varfjell for å kome til Uggedalen på kort varsel.

Laget:
Geir Roar Gamlem – Børt Tore Marthinussen, inn i det 86. min.
Kristian Søviknes – Ådne Hellandsvik, 77
Elling Mikal Kalvø
Daniel Aakre – Kjell Terje Brusdal, 60
Erlend Coates – Andreas Lødøen, 46
Ole Johan Urke – Eirik Tomren, 60
Even Vestavik – Christian Sæther, 57
Preben Lorgen – André Larsen, 46
Tarjei Urkedal – Knut Øyvind Grytten, 46
Cato Longva – Alexander Eide, 60
Kristoffer Søviknes – Joakim Roald, 66

Ådne Hellandsvik vart truleg Norborg sin yngste A-lagsspelar då han kom inn 13 minutt før slutt.
Daniel Aakre, Andreas Lødøen, Eirik Tomren og Joakim Roald debuterte i kveld. Dei to sistnemnde har ikkje meldt overgong til Norborg, men har trent med laget dei siste vekene.