Norborg – Valder 4-2

Norborg – Valder 4-2 (3-1)
Uggedal KGB, 08.05.13

Sjansar: 9-7
Cornere: 2-4

0-1 Mikal Farstad Dyb (5)
1-1 Christian Sæther (11)
2-1 Kristian Søviknes (15)
3-1 Adrian Håbet (27)
3-2 Henrik Hole Oksnes (str. 48)
4-2 Cato Longva (90)

Norborg tok tre viktige poeng mot Valder under flotte speletilhøve onsdag kveld. Sjølv om det var Valder som tok leiinga la Norborg grunnlaget for sigeren med ein god 1. omgang. Etter pause var Valder det førande laget mot eit sløvt heimelag. Ei tidleg redusering gav dei blå håp, men dei kom ikkje nærmare enn eit skot i tverrliggjar. På slutten vart det stadig større rom å kontre i for Norborg og i det klokka bikka 90 minutt fastsette Cato Longva resultatet til 4-2.

Norborg-trenar Oddmund Davik Otterlei var nøgd med tre poeng, men ikkje med gjennomføringa av 2. omgang. – Vi vinn på ein under middels dag og det er viktig. Ein rotete kamp av oss der vi gjer ein grei 1. omgang og burde kanskje ha gått til pause med meir enn 3-1. I 2. omgang så bør vi greie å skape meir mot dette Valder-laget, men vi greier ikkje å få fart på beina og let Steffen Elde og co. få for mykje spelerom. Men vi tek tre poeng og har heng på Rollon.

Det var Valder som kom best i gong og Mikal Farstad Dyb sette inn kampen sitt første mål frå kloss hald etter ein forsvarsmiss av Norborg. Heimelaget kom seg likevel raskt til hektene, tok tak i kampen og brukte ti minutt på å snu kampen. Christian Sæther sette inn utlikninga då han vart spelt fri i bakrom av Adrian Håbet, medan Kristian Søviknes sendte Norborg i føringa då eit frispark frå 30 meter ute ved sidelinja gjekk rett i mål.

Norborg fortsette å sette trykk på Valder sitt vaklande forsvar, men gjestane var heller ikkje ufarlege når dei først kom seg i angrep. Det er likevel fortent då Adrian Håbet sette inn 3-1 frå nær død vinkel etter ein stikkar i frå Cato Longva. Eit resultat som stod til pause.

2. omgang startar på verst tenkeleg måte for Norborg då Christian Sæther legg ein Valder-spelar i bakken innafor 16 meteren. Ei unødvendig, men soleklar straffe som Henrik Hole Oksnes sette sikkert i mål. Valder fekk blod på tann, dominerer midtbana og la press på heimelaget. Norborg sitt forsvar stod imidlertid fram og fekk som regel klarert, men tjue minutt før slutt er det berre marginar som gjor at det ikkje stod 2-2 då ein Valder-spelar skyt i tverrliggjar.

I dei siste ti minutta fekk Norborg kontroll på kampen og avgjer til slutt kampen då Ole Johan Urke sette opp Cato Longva som avslutta med eit velplassert skot frå 14 meter. 4-2, og alle poenga vart verande i Uggedalen.

Diverre var det mange spelarar som falt av etter pause i denne kampen. Forsvaret stod godt i mot og det er her vi finn Norborg sin beste spelar i Kristian Søviknes. Eitt mål og gode dødballar som burde ha gitt fleire målgivande, samt stort sett stødig defensivt arbeid.

Neste kamp for Norborg er borte mot MSIL torsdag 16. mai kl. 1830.

Laget: Joakim Kjærstad – Kristian Søviknes, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre – Tarjei Urkedal, Preben Lorgen (Even Vestavik, 65), Christian Sæther (Ole Johan Urke, 75), Adrian Håbet (Erlend Coates, 90) – Cato Longva (Knut Øyvind Grytten, 90), Kristoffer Søviknes (Alexander Eide, 88).

Kamphendingar:
5 min: 0-1. Dyb putter frå kloss hald etter forsvarsmiss.
11 min: 1-1. Sæther er iskald og putter åleine med keeper etter ball i bakrom av Håbet.
15 min: 2-1. Søviknes sette frispark i mål frå langt hald.
17 min: Valder-sjanse etter retur av keeper. Redda avslutninga frå kloss hald.
22 min: Elde med stor sjanse, men skot utanfor krysset.
24 min: Søviknes spelt fri, men keeper reddar til corner.
25 min: Farleg corner av Snes. Ender opp med nytt innlegg frå Snes som Norborg står i kø for å score på. Over.
27 min: 3-1. Håbet scorar frå særs skrått hald etter stikkar frå Longva.
36 min: Farleg corner av Valder. Kjærstad reddar.
37 min: Søviknes og Håbet leikar seg med 5 Valder-forsvararar. Håbet med svak avslutning.
40 min: Sæther skyt over frå 16 meter. Burde ha fått pressa ned skotet.

48 min: 3-2. Oksnes reduserer på straffe.
70 min: Valder skyt i tverrliggjar.
78 min: Valder skyt over.
81 min: Håbet åleine med keeper. Skyt utanfor.
90 min: 4-2. Longva scorer etter forarbeid av Urke og Eide.