Norborg – Tomrefjord 7-2 (3-0)
Uggedal KGB, 22.03.13
Sjansar: 16-5
Cornere: 4-1
1-0 Kristoffer Søviknes (17)
2-0 Cato Longva (41)
3-0 Cato Longva (43)
4-0 Ole Johan Urke (62)
5-0 Ole Johan Urke (66)
6-0 Alexander Eide (67)
6-1 ? (69)
7-1 Christian Sæther (74)
7-2 ? (87)
Søvikarane viste at dei har det beste fotballaget i kampen mot verftsbygda på andre sida av fogderigrensa. Norborg styrte kampen frå start til slutt og tok ein komfortabel siger over gjestane frå Tomrefjord. Effektiviteten var ikkje den beste dei første 40 minutta, men etter kvart rann måla inn. Siste tjue vart det stor strekk i begge lag og Tomrefjord fekk også vere med å score mål.
Norborg tok fredag kveld i mot Tomrefjord under praktfulle speletilhøve i Uggedalen. Norborg mangla nokre spelarar og stilte med både eit nykomponert forsvar og midtbane. Opningskvarteret var relativt jamnt mot romsdalslaget som måtte ta turen ned til 5. divisjon i fjor. Norborg hadde ballen mest, men Tomrefjord prøvde seg med nokre raske overgongar. Espen Wold var tilbake i Norborg-målet etter eit par sesongar i Kvik og sweepa godt.
Dryge kvarteret ut i kampen er det Norborg som får til ein god overgong. Even Vestavik spelar til Ole Johan Urke som har stort rom på si venstreside. Han finn Kristoffer Søviknes i bakrom som scorar sikkert åleine med keeper. Norborg har fleire store sjansar, men Tomrefjord sin keeper stod godt. Like før pause måtte han likevel kapitulere to gongar for Cato Longva. 2-0 kom på eit godt angrep på høgresida der Tarjei Urkedal uselvisk gir ballen til ein betre plassert Cato. 3-0 kom etter innlegg frå venstrekanten av Kristian Søviknes.
Norborg fortsette å trykke Tomrefjord etter pause, men nok ein gong tok det 17 minutt før ballen låg i nota då Kristoffer Søviknes sette fart og spelar inn til Cato Longva. Han får si avslutning redda av keeper, men Ole Johan Urke tek seg av returen og sette den kontant i mål. 5-0 kjem berre nokre minutt etter då Ole Johan sette ballen i mål etter eit langt oppspel av keeper Espen Wold. Minuttet etter gjer Alexander Eide 6-0 då han skjer inn i 16 meteren og limer ballen i krysset.
Tomrefjord kom litt meir med i kampen dei siste tjue og reduserar til 6-1 etter at Norborg ikkje fekk klarert eit frispark. Christian Sæther hadde bytta ut skisko med fotballsko og gjorde 7-1 frå kloss hald etter at Skjalg Volstad kom seg rundt på høgrekanten. Like før slutt reduserte Tomrefjord til 7-2 då Norborg mister ballen på eigen halvdel.
Grei gjennomkjøring for Norborg som fekk vist fram fin angrepsfotball. Defensivt var det god konsentrasjon i nær 70 minutt, men eit par personlege feil som førte til mål trekk ned. Tomrefjord hadde eit brukbart teknisk lag, men har ein del å jobbe med taktisk fram mot seriestart.
Laget: Espen Wold (Børt Tore Marthinussen, 77) – Kristian Søviknes (Johann Fiskergård, 70), Preben Lorgen, Hans Edvard Nordang, Tarjei Urkedal – Ole Johan Urke (Ådne Hellandsvik, 77), Even Vestavik, Stian Myklebust (Christian Sæther, 63), Knut Øyvind Grytten (Skjalg Volstad, 70) – Cato Longva (Alexander Eide, 63), Kristoffer Søviknes.
Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)
Assistentar: Arild Vegsund og Helge Uggedal