Norborg – Stordal 4-4

Norborg – Stordal 4-4 (1-2)
Uggedal KGB, 20.03.13

Sjansar: 11-6
Cornere: 9-3

0-1 Knut Øyvind Grytten (7)
0-2 Elling Mikal Kalvø (19)
1-2 Hans Edvard Nordang (25)
2-2 Kristoffer Søviknes (55)
2-3 Hans Edvard Nordang (58)
2-4 Thomas Kirkebøe (74)
3-4 Kristoffer Søviknes (80)
4-4 Kristoffer Søviknes (90)

Kristoffer Søviknes og Norborg redda uavgjort i sluttsekunda i det som truleg er den merkelegaste treningskampen i Uggedalen nokon gong. Stordal hadde mange mann borte grunna skade og sjukdom og starta kampen med to lånte Norborg-spelarar, Knut Øyvind Grytten og Elling Mikal Kalvø. Desse to kom så også i sentrum då dei laga både 0-1 og 0-2 for Stordal. Hans Edvard Nordang scora Norborg sitt reduseringsmål og laga gjekk til pause med 1-2 til Stordal i ein jamnspelt omgang. Nemnde Nordang bytta lag i pausa og kvitterte like godt med å sende Stordal i leiinga. Kanskje ikkje så merkeleg sidan vi nærmar oss påske? Norborg skapte dei fleste sjansane etter pause, men det var Stordal som auka leiinga då Thomas Kirkebøe klinka eit frispark frå 20 meter i mål. Då vakna Norborg for alvor og redda uavgjort med to mål av Kristoffer Søviknes. Samtlege 8 mål i kampen kom etter dødball. Begge lag har då noko å trene på i påska.

Norborg og Stig Johansen har i mange år hatt eit godt forhold, men onsdag kveld tok kaka og må nok seiast å vere den merkelegaste kampen i Norborg si historie. Stordal meldte tidlegare på dagen at dei ikkje kunne stille til den avtalte treningskampen sidan dei berre hadde 8 spelarar. Sidan Norborg på det tidspunktet hadde ti innyttarar tilbydde ein Stordal spelarar så kampen kunne gjennomførast. Stordal kom likevel med ein 13 mannstropp til Uggedalen, men ville likevel låne to spelarar sidan nokre av spelarane normalt tilhøyrte G16 laget. Den lovande vingen Knut Øyvind Grytten var dermed ein naturleg spelar å sende over til Stordal for å få god kamptrening. Midtstoppar Elling Mikal Kalvø har lenge meint han er Norborg sin beste spiss og hadde eit sterkt ønske om å aksle den gule Stordalsdrakta sidan han då fekk spele på den høgt akta spissplassen.

Medan dei utlånte spelarane gjekk til kamp med enorm kampglød kan vi ikkje seie det same om dei i oransje drakt. Den gode innsatsen frå 2. omgangen mot Langevåg var borte og utlånsspelarane gav Stordal leiinga både 0-1 og 0-2. Begge etter dødball. Først vann Elling Mikal Kalvø ein luftduell og ballen havnar hos Knut Øyvind Grytten som sette ballen kontant i nota. Så er det Kalvø sjølv som scorar etter at Norborg ikkje får klarert ein corner.

Norborg hadde også sine sjansar og Kristoffer Søviknes var nære ved to gongar mellom Stordal sine mål. 25 minutt ut i kampen reduserer Hans Edvard Nordang etter at keeper måtte gi retur etter eit frispark av Kristian Søviknes. Like før pause er Knut Øyvind Grytten nær sitt andre mål for Stordal då han fyrer av frå distanse og ballen går på undersida av tverrliggar og ned på strek.

I pausa kallar Norborg tilbake Knut Øyvind Grytten og Elling Mikal Kalvø og sender Hans Edvard Nordang over til Stordal. Kalvø er derimot skadd og Norborg får ikkje nytte av han. Vi anar at Norborg er litt meir på hogget i 2. omgang og ti minutt ut i omgangen utliknar Kristoffer Søviknes etter eit kjapt frispark av Even Vestavik til Adrian Håbet som legg flott inn til Kristoffer.

Stordal skapte lite etter pause, men er effektive og tek leiinga 2-3. Denne gong er det leiesoldat Hans Edvard Nordang som sette ballen i mål etter eit frisparkinnlegg. Norborgarane kan ikkje anna gjere enn å flire ironisk. Norborg har eit lite spelemessig overtak og Cato Longva burde ha utlikna tjue minutt ut i omgangen. I staden for 3-3 får Stordal frispark like utanfor 16 meteren. Mange ventar at Ole Johan Urke, som har bytta drakt nokre minutt før, skal ta frisparket og blir den fjerde norborgaren som scorar for Stordal. Men Stordal har ein frisparkekspert sjølv i Thomas Kirkebøe. Han skrur ballen rundt muren og i mål. 2-4, og det meste ser mørkt ut for Norborg. Ikkje minst sidan ein har fått så mange skader at ein måtte sette keeper Ronald Søvik Olsen på høgreback. Den utfordringa tok han på strak arm. Norborg festa grepet, skapte sjansar og fekk også mål. Kristoffer Søviknes heada inn 3-4 etter ein corner frå Kristian Søviknes som Stian Myklebust heada tilbake i feltet til Kristoffer. Like før slutt kjem den fortente utlikninga då Kristoffer header inn nok ein corner frå Kristian Søviknes.

Norborg heva seg etter pausen og burde ha avgjort denne kampen til sin fordel mot det svekka Stordalslaget. Diverre gjorde ein mange personlege feil på dødballar i mot og vart hardt straffa. Når heller ikkje ffektiviteten var heilt på topp var det diverre ikkje siger. Likevel, får vi sjå positivt på det. Mange fekk god kamptrening i denne Norborg-Stordal/Norborg kampen..

Laget: Ronald Søvik Olsen (Børt Tore Marthinussen, 75) – Kristian Søviknes, Hans Edvard Nordang (Elling Mikal Kalvø, 46) (E.Coates, 53), (O.J.Urke, 79), Daniel Aakre (Knut Øyvind Grytten, 69), Erlend Coates (Preben Lorgen, 46) – Ole Johan Urke (Stian Myklebust, 69), Frank Dalhaug (Even Vestavik, 35) (R.S.Olsen, 77), Tarjei Urkedal, Adrian Håbet – Cato Longva (Joakim Roald, 69), Kristoffer Søviknes.

Dommar: Arild Vegsund
Assistentar: Bjarte Steinsbu og Helge Uggedal