Norborg – Skodje 3-5 (2-2)
Uggedal stadion, 03.08.13
1-0 Adrian Håbet (8)
1-1 ? (21)
2-1 Ole Johan Urke (23)
2-2 ? (37)
2-3 ? (46)
2-4 ? (53)
3-4 Kristian Søviknes (str. 66)
3-5 Sebastian Vågø (90)
Norborg leia både 1-0 og 2-1, men tapte likevel fortent 3-5 mot eit gjestelag som ville langt meir enn vertane.
Norborg og Skodje møttast laurdag til treningskamp på ei praktfull grasmatte i Uggedalen. Spelet til heimelaget var likevel av ein langt anna kvalitet enn bana. Det starta likevel bra og Adrian Håbet gav Norborg leiinga i det 8. minutt då han skrudde ballen i mål heilt oppe ved krysset etter eit strålande raid av Elling Mikal Kalvø. Begge lag fekk til tidvis godt spel i første halvdel av omgangen, og dryge tjue minutt ut i kampen utlikna Skodje etter godt kombinasjonsspel. Gleda varte ikkje lenge for gjestane for Norborg tok tilbake leiinga eit par minutt seinare då Ole Johan Urke snappa ei laus pasning i Skodje sine bakre rekker å sette ballen i mål. Skodje starta etter dette å få eit betre grep om midtbana og pressa Norborg attende på bana. Det er dermed fortent at utlikninga til 2-2 kom før pause.
Pausepraten til Norborg gjekk ut på å få mindre avstandar mellom lagdelane. Spelarane svara med det motsette og eit Norborg-lag utan formasjon og innsats vart tidvis rundspelt av gjestane frå Skodje. Det tok då heller ikkje meir enn minuttet av 2. omgang før ballen låg i nota til 2-3. Målet var av det heldige slaget då eit innlegg overraska alle med retningsendring og dala ned i mål. Sju minutt seinare auka Skodje til 2-4 og var dei neste minutta nærmare 2-5 enn Norborg redusering.
Norborg kom seg etterkvart meir med i kampen og halvvegs i omgangen skaffa Eirik Tomren straffespark. Straffa sette Kristian Søviknes sikkert i mål. Skodje var likevel det beste laget og berre eit par gode redningar av keeper Børt Tore Marthinussen hindra eit femte baklengsmål på eit tidlegare tidspunkt, men like før slutt måtte Marthinussen og Norborg sjå eit femte mål kome då 15-åringen Sebastian Vågø sette inn sluttresultatet til 3-5.
Norborg må opp fleire hakk om det skal vere sjanse på poeng mot Rollon når alvoret tek til torsdag 8. august. Berre ei handfull av dei 17 spelarane som var innpå i denne kampen kan seie seg nøgde med eigen innsats.
Laget: Børt Tore Marthinussen – Kristian Søviknes, Elling Mikal Kalvø, Preben Lorgen (Cato Longva, 76), Erlend Coates (Knut Øyvind Grytten, 66) – Ole Marius Otterlei (Lorgen, 90), Christian Sæther (Kjell Terje Brusdal, 37), Frank Dalhaug (Eirik Tomren, 55), Ole Johan Urke (Ole Kristian Aarseth, 51) – Adrian Håbet, Kristoffer Søviknes (Alexander Eide, 46).
Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)