Norborg – Ravn 6-1

Norborg – Ravn 6-1 (0-1)
Uggedal KGB, 01.04.13

Sjansar: 13-2
Hjørnespark: 9-2

0-1 Sjølvmål (22)
1-1 Kristoffer Søviknes (48)
2-1 Adrian Håbet (52)
3-1 Kristoffer Søviknes (54)
4-1 Cato Longva (59)
5-1 Cato Longva (66)
6-1 Elling Mikal Kalvø (90)

Norborg vann til slutt komfortabelt over Ravn under fine speletilhøve i Uggedalen. Det var likevel Ravn som kunne gå til pause med leiing, men etter kvila var det ingen tvil at dei oransje var fleire hakk betre enn sin nabo i aust.

Norborg starta med å legge trykk på Ravn frå avspark og kom seg til mange innlegg det første kvarteret, men inne i boksa var det Ravn sine spelarar som regjerte. Eit par store sjansar kom ein seg likevel til. Cato Longva måtte i det 17. minutt sjå si avslutning redda på strek, medan same mann avslutta like utanfor eit par minutt seinare.

Ved halvspelt omgang får Ravn frispark på midtstreken. Ballen vart slått inn i feltet der ein Norborg-spelar er uheldig å sette ballen i tverrliggjar og i mål. 0-1, noko som var særs mot spelets gong. Etter målet sakk Norborg fleire hakk og Ravn fekk løfta laget sitt. Ti minutt før pause hindra ei god redning frå Ronald Søvik Olsen at det stod 0-2 etter at ein Ravn-spelar fekk avslutta etter corner. Norborg løfta seg i minutta før pause og både Elling Mikal Kalvø og Ole Johan Urke fekk kvar sin sjanse til å utlikne, men utan resultat. Dermed leia Ravn til pause i ein omgang der Norborg ikkje greidde å halde oppe tempo på ball mot ein defensiv motstandar.

I 2. omgang gjekk Norborg rett i strupa på sine gjestar. Tempoet vart skrudd opp og ein var langt meir bestemt i sine val. Måla kom på rekke og rad. Kristoffer Søviknes heada inn utlikning og stod sjølv for forarbeidet då Adrian Håbet sendte Norborg i føringa. 3-1 kom også ved Kristoffer då han kom seg fri og skar inn mot kanten av 16 meteren og sette ballen stolpe inn. Cato Longva ville ikkje vere noko dårlegare enn sin spissmakker Kristoffer og gjorde 4-1 då han er vaken frampå etter at keeper gav retur på eit skot frå Ole Johan Urke. 5-1 vart også putta i mål frå kloss hald denne gong etter ei flott kontring av Adrian Håbet og Kristoffer Søviknes.

Norborg gjorde mange bytter, men haldt fortsatt trykket oppe og både Alexander Eide og Kristoffer Søviknes får sjansen til å auke. 6-1 lot likevel vente på seg, men i sluttsekunda banka Elling Mikal Kalvø inn 6-1 etter forarbeid av Knut Øyvind Grytten. Ein god 2. omgang av Norborg der ein greidde å halde tempo på ball og Ravn hang ikkje med. Dermed totalt sett ei grei gjennomkjøring sjølv om vi ikkje kan vere bekjent av 1. omgangen.

Laget: Ronald Søvik Olsen (Børt Tore Marthinussen, 72) – Kristian Søviknes, Elling Mikal Kalvø (Daniel Aakre, 67), Hans Edvard Nordang, Tarjei Urkedal (Andreas Lødøen, 72) – Ole Johan Urke (Eirik Tomren, 72), Even Vestavik (Alexander Eide, 72), Preben Lorgen (Stian Myklebust, 59), Adrian Håbet (Knut Øyvind Grytten, 72) – Cato Longva, Kristoffer Søviknes (E.M. Kalvø, 88).

Dommar: Arild Vegsund