VI ER I 3. DIVISJON
Norborg – Ørsta 2-1 (2-0)
Uggedal KGB, 18.10.13
Sjansar: 9-5
Cornere: 9-5
1-0 Cato Longva (4)
2-0 Ole Johan Urke (39) Mål nr. 1900 i Norborg si historie!
2-1 Petter Aasen (53)
Norborg tok ein fortent siger over Ørsta i kveld og sikra med det opprykk og krinsmeisterskapet i 4. divisjon. Norborg var det beste laget i medvinden før pause og leia fortent 2-0 i ein omgang som kunne ha gitt fleire mål for heimelaget. Norborg var også det spelemessig beste laget etter pause, men Ørsta var farlege på kontringar og skapte totalt like mykje som Norborg i denne omgangen. Reduseringa kom likevel ut av ingenting då eit skot frå langt hald gjekk i mål. Fem minutt før slutt haldt det likevel på å gå galt for Norborg, men ei monsteredning av keeper Joakim Kjærstad gjor at Norborg vann 2-1. Heilt klart fortent etter at Ørsta sin keeper Martin Liaskar var banens beste og sørga for spenning gjennom heile kampen.
Det var ein gjeng med spenning i kroppen som skulle ta i mot Ørsta til siste seriekamp på Uggedal KGB fredag kveld. Siger betydde opprykk til 3. divisjon, medan poengtap skjønte nok dei flest ville bety ein kjip 2. plass. Sjølv om Norborg hadde mest nerva og enkelte spelarar litt vel høge skuldre så tok Norborg kommandoen frå start av og når Cato Longva fekk ballen i nota etter ein retur allereie i det 4. speleminutt så fekk ein kampen inn i sitt spor.
Norborg var det spelemessig førande laget i heile 1. omgang, men måtte vokte seg for Ørsta si gode venstreside. Likevel, Norborg fekk som regel ein fot på ballen og let ikkje gjestane få avslutningar på mål. Det var i den andre enden dei store sjansane skulle kome. Ofte etter aggressivt spel og ballvinning høgt oppe på bana. Den neste sjansen kom likevel på corner då Kristoffer Søviknes heada Ole Johan Urke sin corner på mål, men ei glimrande redning av keeper Martin Liaskar hindra 2-0. Cato Longva var nær ved å score sitt andre for dagen då han fossa inn i 16 meteren, men avslutta i aluminiumet. Kristoffer Søviknes fekk ein ny sjanse like etter, men denne gong gjekk heading utanfor mål. Norborg skulle likevel få 2-0 til pause då Tarjei Urkedal vann ballen ute på høgresida og spelte til Kristoffer Søviknes som fann Ole Johan Urke framfor mål. Han gjor ingen feil med hovudet og stanga inn Norborg sitt seriemål nummer 1900 sidan starten i 1968. Same mann scora for øvreg Norborg sitt mål nr. 1800 i fjor vår.
Dermed ei fortent 2-0 leiing til pause.
Norborg bestemte seg for å fortsette å angripe og gå for 3-0 i staden for å bli meir defensive. To minutt ut i omgangen er Kristoffer Søviknes nær ved å auke leiinga, men får ikkje heilt kontroll på ballen og ballen går utanfor. Så vakna Ørsta for ein periode. Først ei heading utanfor frå god posisjon, så eit mål ut av ingenting då eit innlegg frå Petter Aasen går i mål.
Norborg fortsette likevel å angripe og la trykk på Ørsta med gjentatte dødballar og også fint kombinasjonsspel. Både Kristoffer Søviknes, Cato Longva og Hans Edvard Nordang har sjansar til å auke leiinga, men ballen fann ikkje vegen til nettmaskene. Etter kvart vart Norborg meir defensive og Ørsta kom seg til eit par sjansar. Den siste fem minutt før slutt då berre ei ekstremredning av Joakim Kjærstad hindra mål då eit innlegg frå venstre fann Jørgen Winjevoll. Han fyrte av frå 10-12 meter, men skotet som alle såg i mål var på mirakuløst vist fista over av Kjærstad. På slutten hadde Norborg kontroll og spelte klokt. Ein greidde å halde ballen i laget og lot nokre minutt gå med “korte” cornere. Nær fire minutt på overtid blåste dommar Murati av kampen til ellevill jubel. Norborg hadde sikra KM-tittelen og opprykk! Ein stor dag i ein liten klubbs historie.
Norborg-trenar Oddmund Davik Otterlei uttalte dette til Nordre etter kampen. – Norborg er ein gjeng med ei enorm vinnarvilje og eit stort hjarte. Kanskje har vi ikkje alle dei beste spelarane i divisjonen, men vi har dei gutane med størst hjarte!
Best på Norborg i dag var kapteinen sjølv, Tarjei Gjerset Urkedal. Han jobba konstant og plaga sine motstandarar med aggressivt spel frå første til siste sekund.
Laget: Joakim Kjærstad – Ole Marius Otterlei, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang (Erlend Coates, 70), Daniel Aakre – Ole Johan Urke, Christian Sæther, Mathias Fjørtoft, Cato Longva – Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes.