Norborg – Hareid 2-3

Norborg – Hareid 2-3 (1-2)
Uggedal KGB, 11.04.13

Sjansar: 10-6
Hjørnespark: 6-3

0-1 Marius Rise (25)
1-1 Ole Johan Urke (37)
1-2 Christian Adrian Mork (45)
2-2 Cato Longva (78)
2-3 Martin Mork Breivik (80)

Hareid var best framfor kvart mål og tok med seg sigeren i generalprøva før 4. divisjon tek til komande veke. Norborg var klart best før pause og skapte då brorparten av sjansane sjølv om Hareid gjekk til pause med 1-2 leiing. I 2. omgang fekk Hareid spelet inn i sitt spor då Norborg starta å slå meir langt. Ein jamn omgang enda 1-1 og dermed 2-3 siger til gjestane frå Hareid.

Norborg er av mange lokale “fotballekspertar” spådd høgare opp på tabellen enn Hareid, men begge er venta å vere på øvre halvdel. I denne kampen var det Hareid som kom best i gong og hadde eit lite initiativ dei første ti minutta. Etter eit par halvsjansar kom Marius Rise seg til den første store då han plutseleg fekk bakrom og fann seg sjølv åleine med keeper Ronald Søvik Olsen, men sistnemnte fekk ei hand på ballen og hindra mål.

I resten av omgangen vart det mykje Norborg. Sjølv med ei vanskeleg sol i augene spelte ein til tider ball i hatt med sine gjestar. At det berre vart eitt mål på seks store sjansar er eit under, men så stod då også Hareid sin Gud, Vagne Scheide Mork, i motstandaren sin mål.

Norborg sin første sjanse kom i det 13. minutt då Ole Johan Urke la inn til Even Vestavik framfor mål, i staden for å skyte sjølv, passa han vidare til Cato Longva, som diverre sleiver ballen utanfor frå kloss hald. To minutt seinare får vi eit perfekt framspel frå Hans Edvard Nordang i bakrom til Adrian Håbet, han fossar på skrå inn i 16 meteren før han får skotet sitt redda av keeper Mork.

Norborg fortsette å ha initiativet, men får så ein på trynet då Hareid kontrar på si høgreside. Ballen vart lagt over til Marius Rise som kaldt heada ballen i mål. Eit fint angrep av Hareid og 0-1, men dette var berre ei kort pause i heimelaget sin sjanseskapande fotball. Minuttet etter målet kjem Alexander Eide seg til ein god sjanse då han i duell med ein Hareid-stoppar får fyrt av eit skot på halvspretten frå 16 metersstreken, men keeper Mork får ein touch på ballen og den fyk over mål til corner.

Eit kvarter før pause er det Ole Johan Urke som stormar mot 16 meteren. Han var kanskje ikkje klar over at han hadde fri veg mot mål og valde å skyte frå 16 meter. Eit skot som diverre gjekk over mål. Men nokre minutt seinare skulle Urke få sitt 9. mål for året då han enkelt putta ballen i mål frå kloss hald etter forarbeid av Adrian Håbet. Dermed ei fortent utlikning, men Norborg ville ha meir og få minutt seinare sette Elling Mikal Kalvø ballen i stolpen etter corner av Urke.

I staden for heimejubel er det Hareid som slår tilbake etter at Norborg gir eit noko unødvendig innkast på eigen halvdel. Hareid tok eit kort innkast og etter veggspel og finter vart ballen slått inn til Christer Adrian Mork sette ballen kontant i nota frå 8-10 meter.

Laga gjekk dermed til pause med det smått flatterande resultatet 1-2. Norborg spelte mykje fin fotball, men kunne på langt nær vise same effektiviteten framfor kassa som sine gjestar.

Etter pause forsvann den rytma i angrepsspelet ein hadde i 1. omgang og det vart slått mykje langt opp mot spiss. Her var Hareid sine stopparar ruvande og hadde full kontroll om vi ser bort i frå ein glipp då Alexander Eide plutseleg var åleine med keeper, om vi ikkje skal seie blankt mål. Eide si avslutning trilla mot mål, men til Norborg-benken si store overrasking trilla den utanfor stolpen.

Det tok om lag ein halv omgang før Norborg sitt maskineri starta å røyve på seg igjen. I det 67. minutt fekk Cato Longva to forsøk etter corner, men begge skota trefte ein Hareid spelar. Tre minutt seinare har same mann nok ein sjanse, men avslutninga trilla inn til keeper Mork. Så endeleg skulle ein lykkast då Adrian Håbet spelar fri Cato som scorar sikkert åleine med keeper.

Norborg si glede varte likevel ikkje lenge. Eit drygt minutt seinare låg nemleg ballen i nota bak keeper Olsen då Martin Mork Breivik sette ballen i mål ute ved høgre stolpe. Olsen fekk nokre fingrar på ballen, men ikkje nok til å stoppe skotet.

Norborg gjorde etter dette ei heil røys med bytter og greidde aldri å true Hareid si leiing. I staden var Hareid nær å auke leiinga då Christer Mork var åleine med keeper Børt Tore Marthinussen utan å lykkast.

2. omgang var totalt sett svak av Norborg, spesielt offensivt. Defensivt har ein i lange periodar god kontroll og Hareid greidde ikkje å skape det heilt store framfor mål sjølv om dei kontrollerte midtbana i denne perioden.

Trenar Oddmund Otterlei var ikkje ein skuffa mann trass tap. – Sjølv om vi tapte så set eg igjen med mykje positivt. Det offensive spelet er bra i store delar av 1. omgang og vi skaper mange sjansar. Forsvarsspelet er jamt over bra og vi vinn mange duellar. Samstundes får mange spelarar prøvd seg. Det eg ikkje er nøgd med er at vi taper, slepp inn tre mål og ikkje scorar meir enn eitt før pause.

Neste kamp er serieopninga borte mot Rollon torsdag 18. april kl. 1830.

Laget: Ronald Søvik Olsen (Børt Tore Marthinussen, 80) – Erlend Coates (Preben Lorgen, 60), Elling Mikal Kalvø (Ole-Kristian Aarseth, 80), Hans Edvard Nordang, Tarjei Urkedal – Ole Johan Urke (Knut Øyvind Grytten, 75), Even Vestavik (Christian Sæther, 80), Frank Dalhaug (Stian Myklebust, 80), Adrian Håbet (Eirik Tomren, 80) – Cato Longva, Alexander Eide (Daniel Aakre, 64).

Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)
Assistentar: Arild Vegsund og Helge Uggedal