Norborg – Hareid 0-5

Norborg – Hareid 0-5 (0-4)
Uggedal KGB, 03.10.13

Sjansar: 12-9
Cornere: 13-0

0-1 Thor-Ove Brekke (6)
0-2 Hiwa Alipoor (25)
0-3 Lars Folkestad (30)
0-4 Ola K. Vattøy (34)
0-5 Christer Adrian Mork (86)

Vi fekk ein særs merkeleg fotballkamp i Uggedalen denne torsdagskvelden. Norborg hadde ballen mest og eit par sjansar meir enn Hareid, men måtte likevel gå til pause med 0-4 i sekken. Norborg prøvde å kome tilbake etter pause, men dette var kvelden då ballen ikkje ville i mål. Hareid, som faktisk opplevde å brenne nokre sjansar i denne omgangen, fastsette sluttresultatet til 0-5 like før slutt. Resultatet er dermed ein smule flatterande utifrå spel og sjansar, men det gjeld å få ballen i mål. Dermed ein fortent siger til Hareid.

Praktfulle speletilhøve i Uggedalen i kveld, men kampen skulle bli alt anna enn praktfull for Norborg. Motstandar Hareid skulle vise seg å vere effektive, medan Norborg sleit ekstremt med å omsette sjansar i mål. Seks minutt ut i kampen slår Norborg ein dødball inn i feltet til Hareid, men taper duellane og Hareid får kontre tre mot to. Ballen vart slått inn til Thor-Ove Brekke som sikkert scora åleine med keeper Kjærstad.

Norborg legg etter målet eit kraftig press på Hareid, men verken Tarjei Urkedal, Adrian Håbet og to gongar Cato Longva greier å få ballen i mål på sine sjansar. I staden er det Hareid som auka til 2-0 på sin andre visitt innafor Norborg sin 16 meter då Norborg ikkje får klarert eit innlegg og Hawi Alipoor får klinka ballen i mål frå 10-12 meter. Vondt blir verre då Lars Folkestad heada kontant i nota på Hareid sin tredje sjanse og like etterpå aukar Ola Vattøy til 4-0 då han tuppa ballen i mål frå kloss hald. Nok ein gong etter markeringssvikt i Norborg sitt forsvar. I mellomtida hadde Ole Joahn Urke ein stor sjanse etter corner, men skotet gjekk like utafor. Norborg fekk også eit par sjansar på slutten av omgangen til å redusere, men Tarjei Urkedal si heading gjekk utanfor medan Adrian Håbet sitt skot vart redda av keeper Mork. Dermed 0-4 til pause i ein omgang Norborg vann sjansestatistikken 7-4.

Norborg gjekk offensivt til verks etter pause med tru på at uttellinga skulle kome, men målet skulle ikkje kome. Cato Longva avslutta i stolpen frå kloss hald halvvegs ut i omgangen og Ole-Kristian Aarseth måtte sjå si avslutning frå 14 meter gå rett på keeper. Hareid skapte også sjansar etter pause, men viste ei meir menneskeleg side ved å både treffe stolpen og avslutte rett på keeper. 0-5 skulle likevel kome då Christer Adrian Mork avslutta sikkert frå om lag straffemerket etter eit raskt innkast. På overtid så redda Hareid to gongar på strek og vi lurer på kor mange timar Norborg måtte ha spelt for å få ballen i mål?

Norborg må bli langt meir kyniske innafor kvar 16 meter om det skal bli poeng borte mot Skodje laurdag 12. oktober.

Laget: Joakim Kjærstad – Kristian Søviknes (Ole Marius Otterlei, 46), Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Preben Lorgen (Erlend Coates, 46) – Ole Johan Urke (Alexander Eide, 72), Christian Sæther, Mathias Fjørtoft, Adrian Håbet (Ole-Kristian Aarseth, 72) – Cato Longva (Kjell Terje Brusdal, 77), Tarjei Urkedal.