Norborg – Blindheim 5-0

Norborg – Blindheim 5-0 (2-0)
Uggedal stadion, 22.08.13

Sjansar: 12-6

1-0 Mathias Fjørtoft (21)
2-0 Tarjei Gjerset Urkedal (32)
3-0 Elling Mikal Kalvø (54)
4-0 Hans Edvard Nordang (67)
5-0 Hans Edvard Nordang (str. 90+5)

Etter to strake tap slo Norborg tilbake og vann heile 5-0 over Blindheim. Norborg hadde marginane med seg før pause og leia 2-0 i ein ganske jamn omgang. I 2. omgang var Norborg best og kunne dermed innkassere tre fortente poeng.

– Vi er effektive før pause, medan feilval og upresise pasningar gjer at vi ikkje vinn meir i 2. omgang. Likevel er resultatet betre enn prestasjonen, sa Norborg-trenar Oddmund Davik Otterlei etter kampen.

Norborg sleit før pause med svakt balltempo og upresise oppspel mot eit kompakt lag frå Blindheim, som på si side var farlege på dødballar. Om lag halvvegs ut i omgangen vann Norborg ein duell framfor Blindheim sin 16 meter, Kristoffer Søviknes kom seg ned til kortlinja og spelte ut til Mathias Fjørtoft som fann vegen til nettmaskene med ein markkrypar ute ved lengste stolpe. Dryge ti minutt seinare doblar Tarjei Urkedal leiinga då han tupper inn eit frispark frå Hans Edvard Nordang som Elling Mikal Kalvø header tilbake i feltet.

Fem minutt før pause vart det temperatur i kampen då Blindheim følte seg snytt for mål. Eit frispark vart slått inn framfor mål og i følge stoppar Elling Mikal Kalvø passerte ballen mållinja, men det fekk ikkje dommarane med seg og Norborg fekk klarert. To minutt seinare vart Norborg snytt for straffespark då Kristoffer Søviknes jagar ein lang ball i bakrom, han rekk ballen før keeper før han blir meid ned. Dommar meinar at keeper nådde ballen først og dømte frispark til Blindheim i staden for straffe. Truleg ein liten kompensasjon for det som hadde skjedd like før.
Norborg gjekk dermed til pause med 2-0.

I 2. omgang stod Blindheim høgare i bana og Norborg fekk mange overgongar. Det var likevel på dødballar måla skulle kome. Knappe ti minutt ut i omgangen styrte Elling Mikal Kalvø inn eit perfekt slått frispark av Hans Edvard Nordang. Halvvegs ut i omgangen var det Nordang sjølv som skulle få score då han heada inn ein corner frå Kristian Søviknes. Fem minutt på overtid fastsette han sluttresultatet til 5-0 på straffe. Straffa kom etter at Kristoffer Søviknes gjekk i bakken då han forsøkte å runde keeper. Kristoffer skulle hatt mange straffer i årets sesong, men denne er vi likevel meir usikker på sidan keeper såg ut til å ta ballen.

Sett bort i frå nokre farlege dødballar så skapte Blindheim ingenting etter pause, medan Norborg med litt større presisjon og riktige val kunne ha fått langt meir. For romma vart større og større etter kvart som omgangen gjekk. Både Ole Johan Urke, Kristoffer Søviknes, Ole Kristian Aarseth og Cato Longva hadde sine sjansar til å score. 5-0 er likevel bra.

Norborg sin neste kamp er borte mot Valder torsdag 29. august.

Laget: Geir Roar Gamlem (Ronald Søvik Olsen, 78) – Kristian Søviknes (Erlend Coates, 70), Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre – Ole Johan Urke, Christian Sæther (Ole Marius Otterlei, 78), Mathias Fjørtoft (Preben Lorgen, 78), Ole Kristian Aarseth (Eirik Tomren, 70) – Tarjei Urkedal (Cato Longva, 78), Kristoffer Søviknes.