MSIL – Norborg 2-2

MSIL – Norborg 2-2 (0-1)
Mauseidvåg KGB, 16.05.13

Sjansar: 5-6
Cornere: 5-4

0-1 Cato Longva (2)
1-1 Espen Gresdal (60)
2-1 Marius Brækkan (67)
2-2 Ole Johan Urke (90+5)

Som venta vart det ingen velspelt kamp i Mauseidvågen, men spenning vart det til siste slutt. Norborg leia lenge etter eit tidleg mål, men misbrukte sine sjansar til å auke leiinga, og plutseleg så låg ein under i målprotokollen etter to raske MSIL-scoringar. Heldigvis har Norborg dyktige spelarar på benken, og det var nettopp innbyttar Ole Johan Urke som redda poenget i kveld då han passerte to mann og sendte ballen i mål frå 18 meter. Poengdeling var greit nok i ein kamp MSIL fekk inn i sitt spor då Norborg vart med på langpasningsfotballen. Ein dårleg idé og absolutt ikkje etter planen sidan MSIL regjerte i lufta. Dermed står Norborg fortsatt utan siger i Mauseidvågen sidan 2-0 sigeren 15. september 1981 då Svein Gjerset scora begge måla.

Norborg fekk ein perfekt start på kampen og tok leiinga før to minutt var spelt då Tarjei Urkedal kom seg rundt på venstrekanten og innlegget fann Cato Longva framfor mål som enkelt tuppa ballen i nota frå kloss hald. Vi såg no for oss eit kampbilete der Norborg skulle ligge litt bakpå og kjøre raske kontringar mot eit relativt treigt forsvar. Slik vart det ikkje. Norborg vart med på MSIL sin luftkrig og vi fekk sjå ein sjansefattig og keisam omgang der kvart lag dominerte lufta framfor eige mål. To sjansar noterte på resten av omgangen etter det tidlege leiarmålet. Eitt til kvart lag. MSIL fekk ei heading redda på strek av Elling Mikal Kalvø ti minutt ut i kampen. To minutt seinare slo Cato Longva ein stikkar til Kristoffer Søviknes i bakrom, men med Espen Gresdal på slep avslutta Søviknes utanfor mål.

Kristoffer Søviknes fekk også kampen sin neste sjanse. Denne gong på straffe ni minutt ut i 2. omgang. Det enda diverre med sleivspark og ball utanfor stolpane. Nokre minutt seinare er det MSIL som får sjansen frå straffemerket etter at Elling Mikal Kalvø er over kanten røff mot Stian Hellevik. Espen Gresdal sitt forsøk vart redda av keeper Joakim Kjærstad, men Gresdal er først på returen og sette den kontant i nota.

Begge lag går for siger den siste halvtimen og vi fekk langt meir underhaldning enn den keisame 1. omgangen. To minutt etter utlikninga er Norborg nær å ta tilbake leiinga i kampen, men Elling Mikal Kalvø si heading blir meisterleg redda av keeper Håkon Eikrem. I staden er det heimelaget som går opp i 2-1 då Norborg verkeleg rotar det til for seg framfor eigen 16 meter med småspel. Ballen blir snappa og Marius Brækkan fann seg sjølv åleine med keeper. Kjærstad fekk ein fot på ballen så den fauk til vers, men dala ned i mål. Same mann er nær å auke leiinga eit kvarter før slutt, men denne gong greier han ikkje å overliste Kjærstad.

Dei siste ti minutta greier Norborg i større grad å spele ball gjennom midten og ut på kant. Ein sender også stadig fleire spelarar i angrep og eit par av innbyttarane er med på å skape meir ro og rytme i spelet. Ti minutt før full tid er Cato Longva nær ved å sette eit innlegg frå Ole Johan Urke i nota, men avslutninga blir for svak og trillar inn til keeper. På overtid blir Elling Mikal Kalvø snytt for straffe då han vart lagt i bakken, men nesten fem minutt på overtid skulle Norborg få utlikninga si. Ole Johan Urke scora mange mål i vinter, men vart skada i serieopninga. Han var tilbake med målgivande mot Valder sist, og denne gong redda han eine poenget då han passerte to mann og sette ballen i mål frå 18 meter. Dermed fekk vi nok eit overtidsdrama mellom MSIL og Norborg, og det kunne ha blitt endå meir dramatisk då MSIL storma i angrep 6 minutt på overtid, men avslutninga fauk over målet. Dermed 2-2. Eit greit resultat i ein svak fotballkamp.

Trass poeng på overtid var Norborg-trenar Oddmund Davik Otterlei særs skuffa. – Å jøye meg, dette var svakt. Vi speler med handbrekka på. Eg veit ikkje om eg klarer å glede meg over at vi redda eit poeng fem minutt på overtid for det føles likevel som vi tapte to poeng. Vi spelar MSIL gode og kampen blir på deira premiss. I dei få angrepa vi held tempo på ball langs bakken så hang ikkje MSIL med, men vi gjor det altfor sjeldant.

Kaptein Even Vestavik var også ein skuffa mann etter kampen. – Vi spelar MSIL gode i dag med å spele langt og høgt. Noko vi gjer i nær 90 minutt. Dei få gongane vi haldt oss til planen og spelte slik vi øvar på på treningane, så var vi overlegne.

Norborg sin bestemannspris gir vi i dag til keeper Joakim Kjærstad. Han hadde ikkje så mykje å gjere, men redda straffe og ein 1 mot 1 situasjon. Elles trygg i feltet.

Norborg sin neste kamp er heime mot Stordal på Uggedal stadion torsdag 23. mai kl. 1830.

Kamphendingar:

2 min: 0-1. Cato utnyttar forsvarssleiv å putter frå 5 meter etter innlegg frå Tarjei.
10 min: MSIL-sjanse. Innlegg frå venstre, heading frå 7 meter og redning på strek av Elling.
12 min: Cato med stikker til Kristoffer. Avslutter utanfor mål.

54 min: Kristoffer bommer på straffe.
60 min: 1-1. Gresdal får si straffe redda av keeper, men setter returen.
62 min: Elling særs nær å gi Norborg leiinga, men får headinga si redda.
67 min: 2-1. Brækkan utnyttar forsvarsfeil og scorer åleine med keeper.
75 min: Brækkan med ny sjanse, men greier ikkje å overliste Joakim.
81 min: Ole Johan med innlegg til Cato, men svak avslutning frå kloss hald.
92 min: Elling lagt i bakken, men dommer synst truleg det har vore nok straffer i kampen.
95 min: 2-2. Ole Johan passerer to mann og skyt ballen i mål frå 18 meter.
96 min: MSIL med eit siste forsøk. Skudd over.