Hareid – Norborg 1-4

Hareid – Norborg 1-4 (1-1)
Hareid stadion, 14.06.13

Sjansar: 3-9
Cornere: 2-8

0-1 Ole Johan Urke (16)
1-1 Ola Kalvø Vattøy (32)
1-2 Preben Lorgen (53)
1-3 Tarjei Gjerset Urkedal (68)
1-4 Adrian Håbet (74)

Norborg var det beste laget på Hareid stadion fredag kveld og gjorde akkurat nok til å innta tabelltoppen i 4. divisjon med denne 4-1 sigeren. Kampen sin gjennomgangsmelodi var raske angrep mot eit heimelag som stod høgt i bana. Norborg skapte mest i begge omgangar og vann fortent.

Hugen etter tabelltopp var stor hos Norborg og med eit svekka motstandarlag så såg ein sjansen til å greie dette. Taktikken var klar, ein skulle truge Hareid sitt bakrom. Noko det var særs mykje av. Det var likevel på dødballar sjansane skulle kome på i starten av kampen. Den første etter fem minutt då Ole Johan Urke fekk ballen like utanfor 16 meteren etter ein corner, men skotet vart redda av keeper Vagn Scheide Mork. Nokre minutt seinare fekk Hans Edvard Nordang sjansen etter ein corner, men headinga frå kloss hald gjekk utanfor. Alle gode ting er tre heitast det, og på den tredje corneren kom også målet då Hareid sin keeper boksar ballen i beina på Ole Johan Urke som sette ballen presist i mål frå 17 meter.

Hareid har spelarar på topp med både fysikk og fart, og etter Norborg sitt leiarmål starta desse å skape meir trøbbel for Norborg. Dryge minuttet etter leiarmålet får Ola Kalvø Vattøy ein stor sjanse, men Hans Edvard Nordang viser oppofrande forsvarsspel og får sendt skotet til corner. Eit kvarter seinare greier Norborg ikkje å hindre same mann. Hareid angreip på si høgreside og slo inn framfor mål der to Hareid-spelarar har sjansen til å sette ballen i mål, men utruleg nok så bommar spelaren nærmast på ballen og Norborg ser ut til å få kontroll då Georg Olsen må ta med seg ballen utover i bana. Han spring med ballen på langs av 16 meteren med ein Norborg-spelar på sida av seg. Ballen blir løpt til Vattøy som med eit presist skot sette ballen inne ved bortaste stolpe til 1-1.

Norborg var i siste delen av 1. omgang litt for fokusert på å sende ballen i bakrom og vart upresise. Hareid kan også takke sin særs gode stoppar Ørjan Engen Grimstad for at mange av Norborg sine mange overgongar vart stoppa. Omgangen sett under eitt så var Norborg det laget som kunne seie seg minst nøgd med at det stod 1-1 til pause.

I starten av 2. omgang så har Hareid ballen mest, men Norborg låg disiplinert i forsvar og hindra sjansar. I det 53. minutt tek Norborg leiinga på det som såg ut til å vere eit ufarleg skot frå 35 meter av Preben Lorgen. Ballen toucha ein Hareid-spelar og fauk til vers, men fekk ein merkeleg dupp som lurte keeper Mork og dala ned i mål.

Norborg vart litt for baktung det neste kvarteret og i det 57. minutt tråkla Christer Adrian Mork seg forbi fleire spelarar, men i staden for å skyte sjølv sendte han ballen vidare til ein offsideplassert Marius Rise. Han sette ballen i mål, men assistentdommar Hjelle var på plass å vinka med flagget. Dermed fortsatt 1-2. Dette var det einaste Hareid greidde å produsere etter pause. Norborg løfta seg igjen og då Tarjei Gjerset Urkedal lobba inn 1-3 etter flott forarbeid av Daniel Aakre i det 68. minutt var det ingen tvil kvar sigeren ville gå.

Dryge fem minutt seinare sette Adrian Håbet inn 1-4 etter kontring då Kristoffer Søviknes spelte fri Even Vestavik som åleine med keeper uselvisk passa ballen vidare til Håbet som sette den i opent mål. Dette skulle så vise seg å bli eit omdiskutert mål då Hareid meinte Norborg var usportslege som ikkje spelte ut ballen då Antoni Gardshol vart liggande igjen med skade etter sitt taklingsforsøk av Kristoffer Søviknes ei handfull sekund før ballen låg i nota. Vi ønsker jo slettes ikkje å vere eit usportsleg lag, men vi forsvarar våre spelarar som seier at dei ikkje ana at det låg ein spelar nede i smerter. Dei hadde ryggen til hendinga og blikket mot mål.

Like før slutt var ungguten Ole-Kristian Aarseth nær ved å score etter eit innlegg, men stussa ballen like utanfor mål. Kampen ebba dermed ut med ein fortent 1-4 siger til Norborg.

Ein godt gjennomført kamp av Norborg som var gode i forsvar og spelte med tempo i angrep. Neste kamp er heime mot Skodje torsdag 20. juni. Det blir nok ein annan type kamp der Norborg må styre spelet mot ein kontringssterk motstandar.

Laget: Joakim Kjærstad (Ronald Søvik Olsen, 85) – Kristian Søviknes (Erlend Coates, 35), Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre – Ole Johan Urke, Even Vestavik, Preben Lorgen (Ole Marius Otterlei, 85), Adrian Håbet (Ole-Kristian Aarseth, 82) – Cato Longva (Kristoffer Søviknes, 64), Tarjei Urkedal.