Godøy – Norborg 2-0

Godøy – Norborg 2-0 (1-0)
Godøybana gras, 28.09.13

Sjansar: 7-4
Cornere: 8-4

1-0 Svein Arve Alnes (8)
2-0 Sven Harald Nyvoll (46)

Godøy tok tre viktige poeng då det vart 2-0 siger over Norborg laurdag ettermiddag. Godøy kjempa som løver heile kampen og takla også det vanskelege underlaget klart best.

Flott spelever, men som venta ei humpete bane møtte Norborg på Godøya. I tillegg var det eit heiltent heimelag i poengnaud ein skulle bryne seg på. Det fysisk robuste heimelaget tok tak i kampen og fire minutt ut i omgangen måtte keeper Joakim Kjærstad vise seg fram då Svein-Arve Alnes vart spelt fri. Fire minutt seinare måtte likevel Kjærstad kapitulere då Godøy har frispark utanfor 16 meteren. Godøy sin spelande trenar Erlend Holm tok det kjapt og Svein-Arve Alnes var igjen åleine med keeper Kjærstad. Denne gongen gjorde han ingen feil og banka ballen i mål.

Omgangen elles vart prega av mange duellar, svakt spel og få sjansar. Godøy vann 80% av duellane og gav Norborg aldri rom. Eit par sjansar skulle likevel Norborg kome seg til i løpet av dei første 45. Tarjei Urkedal fekk skyte frå 16 meter etter ein stuss av Kristoffer Søviknes, men avslutninga gjekk rett på keeper. Den andre sjansen kom like før pause då Hans Edvard Nordang heada eit frispark frå Ole Marius Otterlei rett på keeper. På overtid var Godøy nær ved å doble leiinga, men avslutninga etter corner vart redda på strek.

2. omgang startar på verst tenkelege måte for Norborg då Godøy brukte 25 sekund på å score etter eit angrep på høgresida der Norborg sitt forsvar vart trekt alt for mykje til venstre og Sven Harald Nyvoll fekk ein enkel jobb med å score då innlegget nådde bakarste stolpe. Kristoffer Søviknes kunne ha skapt ny spenning i kampen då han kom seg fri tre minutt seinare, men i staden for å skyte prøver han å finne ein medspelar i betre posisjon og sjansen renn ut i ingenting. Begge lag har eit par sjansar den siste halvtimen, men utan resultat og det hardtkjempande heimelaget kunne til slutt juble for tre fortente poeng.

Alt i alt ein skikkeleg møkkakamp av Norborg der ein overhodet ikkje takla banetilhøva og den innsatsfylte og fysiske motstandaren.

Neste kamp er heime mot Hareid torsdag kl. 19.

Laget: Joakim Kjærstad – Ole Marius Otterlei (Kristian Søviknes, 76), Erlend Coates (Kjell Terje Brusdal, 76), Hans Edvard Nordang, Elling Mikal Kalø (Preben Lorgen, 76) – Ole Johan Urke, Tarjei Urkedal, Mathias Fjørtoft (Joakim Roald, 76), Ole-Kristian Aarseth (Christian Sæther, 60) – Cato Longva (Alexander Eide, 76), Kristoffer Søviknes.