Emblem – Norborg 4-2

Emblem – Norborg 4-2 (2-1)
Ebbemyra KGB, 15.08.13

Sjansar: 10-8
Cornere: 7-6

1-0 Ioan-Bogdan Marinescu (19)
1-1 Tarjei Urkedal (36)
2-1 Ioan-Bogdan Marinescu (39)
2-2 Ole Johan Urke (68)
3-2 Jan Magne Solibakke (74)
4-2 Tibor Samardzic (86)

– Vi er for dårlege framfor begge mål, sa Kristoffer Søviknes etter kampen. Det er nok ei korrekt oppsummering. Emblem starta kampen klart best og Norborg sleit med å kome seg over midten den første halvtimen, men kjempa seg inn i kampen og var det toneangivande laget etter pause. På stillinga 2-2 venta vi berre på eit nytt Norborg-mål, men så kontra Emblem inn 3-2 og fekk kampen inn i sitt spor. Norborg måtte sende stadig fleire i angrep og nokre minutt før slutt punkterte Emblem kampen på nok ei kontring. Totalt sett greit at Emblem tok alle poenga, men det var ein kamp som raskt kunne ha bikka andre vegen.

Torsdag kveld var det duka for toppkamp med internasjonalt snitt i 4. divisjon Sunnmøre då Norborg møtte Europa-laget Emblem. Det opnet med pomp og prakt der laga sine kapteinar og dommar måtte signere på eit Fair-Play dokument, men sjølv med både ein hyggeleg kampvert og ein blid og pratsaleg jentetrener så var det visse element som gjor at Emblem ikkje levde opp til dokumentet sitt. Vi tek imidlertid for oss kampen først.

Emblem tok tak i kampen frå første minutt og Norborg hadde store problem med å kome seg over midten den første halvtimen. Det var då heilt greit at dei scora eitt mål på sine tre store sjansar og nokre nesten sjansar. Målet kom i det 19. minutt då Ioan-Bogdan Marinescu klinka ballen i mål etter at keeper Geir Roar Gamlem måtte gi retur på eit skot frå kloss hald av Robin Diallo.

Norborg kjempa seg etter kvart inn i kampen og hadde samstundes marginane på si side då ein fekk eit skikkeleg “flaksemål”, eller skal vi seie arbeidsmål, av Tarjei Urkedal då han jaga ein ball mot keeper, kastar seg fram i duell mot keeper og får ballen i mål. 1-1, og vi føler Norborg er på veg til å snu kampen med fleire dødballar som skapar situasjonar framfor Emblem sitt mål. Det er då bitter, men likevel sett omgangen under eitt, at markeringane glepp på eit frisparkinnlegg og Marinescu får stå heilt åleine på bakarste å styre ballen i mål. Dermed 2-1 til Emblem, noko som stod seg til pause.

I 2. omgang er det Norborg som tek tak i kampen frå starten av. Det er likevel eit under at Emblem ikkje går opp i 3-1 etter at Norborg prøver seg på ein lur corner og får ei kontring i mot. Fire Emblemsspelarar kontra mot Norborg sin Daniel Aakre, men sistnemnde er rask og lur og stoppar angrepet like utanfor 16 meteren.

Norborg skal så vise sjansesløseri i stor stil. I det 49. minutt får Cato Longva alle sjansers mor då sette ballen utanfor stolpane på opent mål. Tre minutt seinare headar Tarjei Urkedal utanfor etter innlegg av Hans Edvard Nordang, medan i det 65. minutt greier verken Kristoffer Søviknes eller Ole Johan Urke å overliste keeper på ein dobbeltsjanse etter innlegg av Cato Longva.

Norborg hadde fortent utlikning no, og i det 68. minutt skulle den så kome ved Ole Johan Urke. Han sette ballen i mål frå bakarste etter nydeleg forarbeid av Mathias Fjørtoft på midtbana, han spelte ut til Adrian Håbet som fann Urke med eit godt innlegg. Norborg var likevel ikkje nøgde med 2-2, og fortsette å angripe. Berre minuttet seinare får Kristoffer Søviknes ein sjanse, men keeper redda. Eit par minutt seinare skulle same mann hatt straffe då han storma fram mot mål. Han blir først hindra like utanfor 16 meteren, men held seg på beina og dommar vinker fordel. Han slår så ball forbi keeper før han blir lagt i bakken. Dommar bles i fløyta og Norborg trur dei har fått straffe, men utruleg nok trekke dommaren ballen ut på 17 meter for den første situasjonen som han vinka spel vidare for. Norborg blir her snytt både for straffespark og Emblem skulle ha vore redusert til ti mann.

I staden for at Norborg fekk kampen inn i sitt spor med 3-2 leiing er det Emblem som vinn ballen på midtbana og kontrer. Ballen vart slått ut til lynraske Robin Diallo. Han stormer frå Norborg sin back og slår inn til Jan Magne Solibakke, som scorer frå kloss hald. Norborg sitt spel fall i kvalitet etter denne kalddusjen og nokre minutt før slutt punkterer Emblem kampen på ei ny kontring. Åleine med keeper gjor Tibor Samardzic ingen feil og Norborg må konstatere eit fjerde mål i sekken. På overtid er det berre ei redning på strek som hindrar 5-2, men det hadde vore eit litt vel flatterande resultat i ein alt i alt nokså jamn sjansefordelt kamp. Hadde Norborg fått straffa si på stillinga 2-2 så trur vi Norborg hadde stått som sigerherrer i denne kampen. Men når det ikkje skjedde så vart det alt i alt ein fortent siger til Emblem.

Så over til fair-play. Kva er fair-play? Er det å kome berande på ein vatnspreiar å sette den opp der våre spelarar held på å varme opp så dei blir spreia med vatn? Er det å fjerne alle reservekampballane når ein går opp i føringa eit kvarter før slutt så ein må vente i lang tid kvar gong ballen går ut over sidelinja? Er det når ein tilskodar tek ballen, nektar å hive den til ein ventande Norborg-spelar, men hiv den til ein annan tilskodar og spør; vart du sur no? Og kva med kampreferatet på heimesida si? Å vere litt subjektiv i eit kampreferat på si eiga heimeside er lov, men eit snev av sanning bør vere på sin plass.

Vi siterer Emblem og skribent/trenar Sindre Knutsen. “2. omgang startet med litt trykk fra Emblem” Jaha, er ei enslig kontring eit trykk?

Nytt sitat Emblem sitt kampreferat: “Fra det 10 til 23 minutt følte jeg vi levde litt farlig. Selv om det var vi som hadde de fleste sjansene var Norborg mye mer med. De hadde sine muligheter uten at jeg ville kalle dem 100%.” For å ta ein John Henry: Hva er det de røyker der borte på Emblem?

Så slår Sindre Knutsen til med: “Det litt artige med kampen idag var at Norborg sin hjemmeside har vært veldig opptatt av at vi var et lag som kun slo langt.” Forveksler du oss med Skodjebloggen? Vi ble jo hånet for å samanlikne Emblem med Barcelona. Dessutan er vi Norborg. Ei god 70 meterspasning er det vakraste vi veit på ei fotballbane… Så når vi skriv at eit lag slår mykje langt så behøve det ikkje å vere negativt. Ein må trass alt spele på det ein er god på.

Norborg sin neste kamp er heime mot Blindheim torsdag 22. august kl. 1830.

Laget: Geir Roar Gamlem – Kristian Søviknes (Erlend Coates, 86), Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre – Ole Johan Urke (Eirik Tomren, 89), Christian Sæther (Mathias Fjørtoft, 62), Tarjei Urkedal (Preben Lorgen, 89), Adrian Håbet (Ole Kristian Aarseth, 82) – Cato Longva, Kristoffer Søviknes.