Emblem – Norborg 4-2

Emblem – Norborg 4-2 (3-2)
Ebbemyra, 07.03.13

Sjansar: 9-6

1-0 Marcus Steffensen (12)
2-0 Vegard Rongve (18)
2-1 Ole Johan Urke (21)
3-1 Vegard Rongve (26)
3-2 Cato Longva (40)
4-2 Erlend Larsen (63)

Medan Grytastranda bada i sol og tomatane snart er modne vart det eit kuldesjokk utan like for norborgarane når ein kom til Emblemsbygda. Spelarane fraus fast i Emblem sitt grøne kunstdekke og heimelaget, truleg beståande av eskimoar, fekk gjere som dei ville. Emblem var best i alt. Pasningspel, rørsle og ikkje minst innsats. 2-0 stod det før tjue minutt var spelt. Norborg kunne takke ein opplagt debutant Ronald Søvik Olsen i mål for at det ikkje var både 3 og 4 på det tidspunktet. Norborg kom litt meir med etter at Ole Johan Urke scora på den første sjansen, men midt i den gode perioden fekk ein på ny ein kalddusj, for øvreg den einaste dusjen ein fekk på Emblem sidan nokon hadde gravd over vassledninga, då ein offsideplassert spelar fekk storme mot mål å score. Bursdagsguten Cato Longva gir Norborg nytt håp då han scorar på Norborg sin andre sjanse i kampen. Laga går dermed til pause med 3-2 leiing til Emblem. Eit resultat Norborg kunne vere mest nøgd med for sjansestatistikken viste 6-2.

Norborg starta 2. omgang best og både Cato Longva og Frank Dalhaug hadde sjansar til å score det første kvarteret, men trefte ikkje mål. Det gjorde Emblem sin spelar då han utnytta nølande forsvarsspel. Siste halvtimen var det ingen av laga som imponerte nevneverdig og kampen bar preg av mange bytter. Emblem hadde eit par sjansar til å auke si leiing, medan Elling Mikal Kalvø var nær redusering for Norborg. Kampen ebba ut med ein fortent 4-2 siger til heimelaget.

Laget: Ronald Søvik Olsen (Børt Tore Marthinussen, 85) – Erlend Coates (Kristian Søviknes, 64), Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang (Preben Lorgen, 68), Daniel Aakre – André Larsen (Knut Øyvind Grytten, 62), Frank Dalhaug (Andreas Lødøen, 74), Even Vestavik – Ole Johan Urke (Johann Fiskergård, 74), Cato Longva (Urke, 79), Tarjei Urkedal (Joakim Roald, 74)