ÅVK – Norborg 2-3

Åram/Vanylvskameratane – Norborg 2-3 (2-1)
Eidsåvoll stadion, 30.05.13

Sjansar: 3-8
Cornere: 3-2

1-0 Ole Per Kragset (15)
2-0 Torgeir Halsen (40)
2-1 Hans Edvard Nordang (str. 45+4)
2-2 Christian Sæther (65)
2-3 Elling Mikal Kalvø (71)

Norborg leverte ein bedrøveleg 1. omgang og låg under 2-0 til langt på overtid, men reduserte på straffespark i omgangens fjerde overtidsminutt ved Hans Edvard Nordang. Etter pause tok Norborg gradvis over kampen og siste halvtimen var det stort sett spel mot eitt mål. Christian Sæther utlikna på eit frispark frå 45 meter, medan Elling Mikal Kalvø fekk krangla inn sigersmålet etter at ballen hadde treft både stolpe og tverrliggjar. På slutten var Norborg nærmare eit 4. mål enn heimelaget var redusering.

– Nok ein gong var vi elendig første halvtimen, men vi viser moral etter ein negativ omgang, har ein positiv prat i pausen og klarer å snu kampen. Totalt blir det då tre fortente poeng på ei bane som ikkje innbyr til god fotball, sa trenar Oddmund Davik Otterlei etter kampen.

Praktfullt ver, men ei knallhard og humpete bane møtte Norborg på Eidså denne torsdagskvelden. Etter stillingskrig det første kvarteret tok heimelaget leiinga på den første sjansen i kampen då Torgeir Halsen tok med seg ball rundt både forsvarsspelarar og også ein liten tur utanfor kritlinja, før han fann veteranen Ole Per Kragset framfor mål. Han gjor ingen feil og plasserte ballen presist ved lengste stolpe. 1-0 til store protestar frå Norborg sine spelarar. ÅVK hadde etter leiarmålet eit lite initiativ utan at det førte til sjansar, men fem minutt før pause gjer Norborg ein forsvarsbrølar på eit tilsynelatande ufarleg innlegg frå høgre. Norborg sitt forsvar lot ballen gå forbi seg med vilje og vips så sette Torgeir Halsen ballen i mål til 2-0.

Då vaknar endeleg dei oransje og tok initiativet i kampen. Ein beit seg fast på ÅVK sin halvdel og tre minutt på overtid bommar keeper Krokvik på ballen og sender Kristoffer Søviknes i bakken med to strake hender mot hovudet. Dommar Kringstad tenkte seg godt om før han peikar på straffemerket. Straffa sette Hans Edvard Nordang i mål og gir Norborg von om poeng.

Ein omgang med mykje negativitet frå Norborg si side skulle gi ein positiv pauseprat og ein endå meir positiv 2. omgang. Ein tok eit lite initiativ frå start, men dei klare sjansane lot vente på seg. Tjue minutt ut i omgangen fekk Norborg frispark få meter inne på ÅVK sin halvdel. Eit tilsynelatande ufarleg frispark frå Christian Sæther vart slått opp i feltet og enda i mål bak ein feilplassert keeper. 2-2, og no var det heimelaget som var negative og frustrerte på alt og alle. Norborg fortsette å male på og seks minutt seinare fekk Elling Mikal Kalvø krangla ballen i mål etter at Cato Longva heada i stolpen før keeper sende ballen i tverrliggjar og til målscorar Kalvø.

Eit slitent heimelag som hadde brukt mykje krefter før pause, greidde aldri å truge Norborg dei siste tjue minutta. I staden er Norborg ved fleire høve nær eit fjerde mål. Ole Johan Urke sette eit frispark i stolpen før yngstemann Ole Kristian Aarseth varta opp med fleire flotte raid på høgrekanten. Diverre greidde ikkje Kristoffer Søviknes å omsette pasningane i mål. Dermed enda det med 2-3 og tre fortente poeng med heim til Norborg-land.

Norborg er etter sju runder på 2. plass og har heng på divisjonsleiarane Rollon. Neste kamp er heime mot Godøy torsdag 6. juni kl. 1830. Blir det godt ver denne dagen blir det lagt opp til sal av grillmat frå kl. 18.

Laget: Joakim Kjærstad – Kristian Søviknes, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre – Ole Johan Urke, Christian Sæther, Even Vestavik (Preben Lorgen, 46), Alexander Eide (Ole Kristian Aarseth, 80) – Cato Longva, Kristoffer Søviknes.

Ubenytta reserve var keeper Ronald Søvik Olsen.


Målscorarane Elling Mikal Kalvø, Christian Sæther og Hans Edvard Nordang framfor ÅVK si flotte resultattavle.