Norborg – Ørsta 1-3 (0-2)
Uggedal KGB, 20.09.12
Sjansar: 5-11
Cornere: 8-3
0-1 Sigurd Nybø (40)
0-2 Simon Bjørdal (43)
1-2 Christian Sæther (str. 67)
1-3 Eskild Dagfinrud (79)
Ørsta tok ein fortent siger over Norborg i kveld etter ein sterk 1. omgang. Norborg var uvanleg tafatte før pause, og Ørsta fekk styre heile omgangen. Like før pause kom også måla etter passivt forsvarsspel av Norborg. Oransjetrøyene heva seg etter pause, men var ikkje i stand til å snu kampen sjølv om Christian Sæther gav håp midtvegs i omgangen med si redusering på straffe.
Det var eit plaga Norborg-lag som tok i mot Ørsta til toppkamp i Uggedalen torsdag kveld. Keeper Joakim Kjærstad, Ole Johan Urke, Adrian Håbet og Alexander Eide var i varierande grad skada og skulle normalt ha blitt spart, men med spelarar som Geir Roar Gamlem, Kenneth Hånde, Kristoffer Søviknes, Steffen Grytten, Kristian Søviknes og Stian Myklebust utligjengelege, så måtte dei stille til start.
Norborg gjekk defensivt ut grunna stor respekt for Ørsta sine ballsikre spelarar. Diverre førte dette til stor passivitet og fleire av spelarane såg ut til å gjere det meste for å unngå å havne i duellar. Då seie det seg sjølv at ein ikkje vinn fotballkampar.
Ørsta styrte 1. omgang frå første minutt og spesielt Eskild Dagfinrud skapte problem for heimelaget der han fann romma mellom forsvar og midtbane. Tre minutt ut i kampen kunne han også ha gitt Ørsta ein pangstart då han fekk stå heilt åleine på 16 meteren, men skotet gjekk like utanfor.
Ti minutt ut i kampen kunne og burde Norborg ha tatt leiinga på sin einaste skikkelege sjanse før pause då André Larsen sin corner fann hovudet til Edward Laverton, men frå tre meters hald og opent mål styrer han ballen utanfor. Etter dette skaper Ørsta 4-5 store sjansar utan å få ballen i mål, men fem minutt før pause fekk Sigurd Nybø god tid utanfor 16 meteren og legg ballen vakkert i mål. Få minutt seinare legg Simon Bjørdal på til 0-2 etter corner.
0-2 til pause og årsverste av Norborg på heimebane. Passivitet, enkle balltap og lita tru på seg sjølv.
I pausa bestemmer Norborg seg for å gå langt meir offensivt ut. Dristig med tanke på Ørsta sine ballsikre spelarar, men det fekk bære eller briste. Innsatsen vart noko heilt anna og ein greidde periodevis å legge press på gjestane. To minutt ut i omgangen er ein nær redusering etter ein god corner av Christian Sæther, men Elling Mikal Kalvø si heading vart redda av keeper Nikolai Engeset.
Ørsta er heller ikkje ufarlege i denne omgangen og er nær fleire mål både på kontringar og dødball. Norborg sitt kantspel var betre etter pause og sjølv om Adrian Håbet gjentatte gongar ba om å bli bytta grunna skaden sin så var han toneangivande. Halvvegs i omgangen resulterte innlegget hans i hands og straffe. Den sette Christian Sæther i mål til 1-2 og nytt håp.
Norborg stod høgt, men greidde ikkje å kome seg til målsjansar. Ti minutt før slutt punkterer då også Ørsta kampen på ei kontring der Eskild Dagfinrud vinn ballen like framfor keeper og sette den i tomt mål. Tarjei Urkedal og Elling Mikal Kalvø har begge kvar sin sjanse til å redusere på slutten av kampen, men utan resultat. Dermed 1-3, og ein fortent siger til Ørsta.
Vi får håpe spelarane rista av seg skadene til torsdag då ein tek turen til Blindheim. Då får ein også venteleg inn fleire av dei som var borte denne gong.
Laget: Joakim Kjærstad – Asgeir Kalvø, Elling Mikal Kalvø, Kjell Terje Brusdal, Tarjei Urkedal – Adrian Håbet (Nikolai Ulvestad, 82), André Larsen (Kristian Furnes, 75), Christian Sæther, Ole Johan Urke – Alexander Eide (Hans Edvard Nordang, 46), Edward Laverton.