Norborg – MSIL 1-1

Norborg – MSIL 1-1 (1-0)
Uggedal KGB, 01.03.12

Sjansar: 7-8
Cornere: 9-8

1-0 Kristoffer Søviknes (37)
1-1 Christoffer Holen (87)

Norborg måtte nok ein gong sjå MSIL slå tilbake med eit seint utlikningsmål på Uggedal KGB. Denne gong ikkje på langt nær så bittert, og heller ikkje så ufortent. Kampen var temmeleg jamspelt mellom to innsatsfylte lag.

Norborg opna kampen best og hadde mykje ball det første kvarteret. Trass mykje balltrilling var det på ein dødball Norborg sin første store sjanse vart skapt då André Larsen sin corner trefte Ole Johan Urke sitt hovud for så å bli redda på streken av ein MSIL-forsvarar. Returen er Tarjei Urkedal først på, men MSIL får etterkvart rydda opp.

Medan Norborg ofte måtte spele mot etablert forsvar var ståda ein annan for MSIL då grøntrøyene hadde sin beste periode av omgangen. Gong på gong fekk dei overgongar etter at norborgarane stod på helane eller vart for oppteken av småspel. Etterkvart mista ein også strukturen i laget og sentralmidtbana fall ned i forsvaret. MSIL sprang raskare, var betre teknisk og viste ein langt anna innsats i ein 10-minuttsperiode. At det ikkje vart mål på ein av dei 3-4 sjansane kan Norborg takke lånekeeper Geir Roar Gamlem, svake avslutningar og mogeleg for at videodømming ikkje er innført. Enkelte på MSIL meinar nemleg at ein ball var over strek, men dommarane var ikkje einige.

Etter denne “blackout” perioden kom Norborg seg til hektene igjen og starta å produsere sjansar igjen. Etter ein snau halvtimes spel blir Tarjei Urkedal spelt igjennom av Bee, men åleine med keeper sette Tarjei ballen midt på keeper Håkon Eikrem. Dryge fem minutt seinare blir likevel Eikrem overlista då Kristoffer Søviknes forfølger eit framspel av Asgeir Kalvø, vinn ballen i duell med ein forsvarar, vippar ballen over keeper, tek den igjen og putter ballen i mål. Vakkert av Norborg sin turbo. Like før pause er Norborg nær 2-0 då Kristian Søviknes får sjansen etter corner, men Stian Hellevik reddar på strek.

Totalt sett fortent at Norborg leia til pause. Ein hadde trykket i brorparten av omgangen og skapte eit par sjansar meir.

Etter flotte speletilhøve før pause blåste det opp og Norborg fekk motvind i 2. omgang. Noko spesielt trykk frå MSIL si side fekk vi likevel ikkje sjå. Den første halvtimen noterte vi ein skikkeleg målsjanse. Den kom allereie i det 5. minuttet på ein overgong etter at Norborg mista ballen oppe i MSIL sitt straffefelt. MSIL si kontring gjekk raskt i lengderetninga, men Geir Roar Gamlem redda forsøket. Norborg hadde full kontroll fram til det siste kvarteret. Då opna kampen seg opp og Hallvard Westad burde ha utlikna då Norborg sitt forsvar feilvurderte vinden og ballen enda i bakrom til Westad, som klinka ballen langt over mål åleine med Gamlem. Tre minutt før slutt kjem utlikninga på noko som knapt kan kallast ein sjanse då Christoffer Holen dreg til frå 35 meter og Gamlem får berre fingertuppane på ballen før den går i mål i hans venstre kryss. 1-1, noko som var heilt greit etter spel og sjansar.

2. omgang vart underhaldningsmessig ein nedtur etter den flotte 1. omgangen. Den sure vinden som kom må ta størstedelen av skylda for dette. Likevel ei god treningsøkt for begge lag.

Spelemessig var dette framgong for Norborg i høve kampen mot Vestnes Varfjell. Ballen gjekk betre mellom spelarane og ein hadde i store delar av kampen defensiv tryggleik. Likevel, ein har mykje å gå på. Fleire av spelarane må seiast å ha levert under forventningane. Best denne gong midtstopparduoen Kjell Terje Brusdal og Elling Mikal Kalvø. Kristoffer og Tarjei jobba som vanleg godt, men kom seg sjeldan til målsjansar denne gong. Elles kjekt å sjå Alexander Eide fullføre sin første kamp på 1,5 år.

Laget: Geir Roar Gamlem – Kristian Søviknes, Elling Mikal Kalvø, Kjell Terje Brusdal, Asgeir Kalvø – Ole Johan Urke (Johan Stavik, 70), André Larsen (Adrian Holmeset, 82), Bee, Alexander Eide – Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes (Nikolai Ulvestad, 88).

Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)
Assistentar: Helge Uggedal og Arve Toven