Blindheim – Norborg 4-2

Blindheim – Norborg 4-2 (0-1)
Blindheim KGB, 27.09.12

Sjansar: 5-8
Cornere: 0-5

0-1 Kristian Søviknes (29)
1-1 Harald Vegsund (51)
2-1 Marcus Steffensen (60)
3-1 Harald Vegsund (73)
4-1 Marcus Steffensen (83)
4-2 Alexander Eide (90)

Norborg tapte noko overraskande 4-2 for poengdesperate Blindheim i kveld. Etter ein 1. omgang der Norborg styrte alt, men gjekk til pause med berre 1-0, så var det få som trudde at Blindheim skulle vinne denne kampen. Men Blindheim løfta innsatsen betrakteleg og vart dødeleg effektive. Med fire mål på fem sjansar var kampen punktert då Alexander Eide pynta på resultatet like før slutt. Ein elendeg gjennomført 2. omgang av Norborg der ein ikkje greidde å halde oppe tempo og gjorde mange enkle feil. Vi får berre gratulere Blindheim med tre poeng. Dei fulgte planen til fulle med å ligge kompakt i forsvar og vente på sin sjanse offensivt.

Dei fleste haldt Norborg for store favorittar i bortekampen mot eit Blindheimslag med seks strake stortap og i fritt fall på tabellen. Basert på 1. omgang så var det heller ingen indikasjon på at Blindheim skulle greie å snu den vonde trenden. Norborg styrte alt av banespel medan heimelaget låg på eigen banehalvdel med sløvt press på ballførar. Likevel vart Norborg for upresise i det avgjerande trekket til at dei helt store sjansane vart skapt. Tre store sjansar, eitt mål og eit annullert mål var behaldninga. det er for svakt med eit ballinnehav på 80%. Målet kom knappe halvtimen ut i kampen då Kristian Søviknes styrte inn eit innlegg frå Asgeir Kalvø.

Trass leiing til pause var ikkje Norborg sine spelarar nøgde med eige spel og bestemte seg for å trykke hardare på i 2. omgang. Ein hadde tydeleg ingen respekt for motstandaren og trudde ein kunne gjere kva ein ville utpå bana. Trenaren snakka tydelegvis for døve ører når han snakka om å ikkje blottlegge seg bak. For Norborg gjekk så og seie ut i ein 2-4-4 formasjon. Nokre minutt ut i 2. omgang vart ein så også straffa då Harald Vegsund sette inn 1-1 på Blindheim sin første sjanse i kampen.

Norborg fortsette likevel med å trille ball i lågt tempo med høge backar og angriparar som stadig fall ned i midtbaneleddet for å vere med på balltrillinga. Eit par store sjansar vart skapt, men utan resultat. Eit kvarter ut i kampen får Blindheim til ei god kontring der Marcus Steffensen spring frå forsvaret og scorar åleine med keeper. 2-1 til Blindheim, vi trudde nesten ikkje det vi såg. Men ikkje nok med det. Norborg fortsette sin naive fotball og plutseleg er det 3-1 til heimelaget då Harald Vegsund header inn eit håplaust i dømt frispark midt inne på Norborg sin halvdel.

Norborgarane var frustrerte og rådville. Sju minutt før slutt er Blindheim på visitt inne i Norborg sin 16 meter for 6 gong i kampen, og det resulterer i 4-1. Marcus Steffensen får æra av å sette inn målet etter klabb og babb i feltet. Like før slutt pyntar Alexander Eide på resultatet då han med både hender og føter sette inn eit innlegg frå Ole Johan Urke.

Aldri før har Norborg hatt ballen så mykje i ein 4. divisjonskamp, men kampen utvikla seg til eit mareritt. Svakt balltempo, mange feilval, spelarar ute av posisjon og null rytme i angrepet. Blindheim var effektive og fekk også opp innsatsen i 2. omgang. Dei fekk også kampen inn i sitt spor då Norborg sine mange innlegg kom akkurat der dei fysisk sterke heimestopparane ønskte det og at Norborg gløymte å spele forsvar.

Vi vonar norborgarane har fått vaska bort urinlukta til laurdag 6. oktober og stille med friskt mot i bortekampen mot ÅVK.

Laget: Geir Roar Gamlem – Ole Johan Urke, Kjell Terje Brusdal, Elling Mikal Kalvø, Asgeir Kalvø – Adrian Håbet, André Larsen (Kristian Søviknes, 19), Christian Sæther, Tarjei Urkedal – Alexander Eide, Kristoffer Søviknes.