ÅVK – Norborg 4-1

Åram/Vanylvskameratane – Norborg 4-1 (1-1)
Eidsåvoll stadion, 06.10.12

Sjansar: 6-4
Hjørnespark: 3-2

1-0 Torgeir Halsen (25)
1-1 Kristian Søviknes (32)
2-1 Runar Løvold (53)
3-1 Runar Løvold (str. 56)
4-1 Johan-André Eikrem (69)

Marginar i mot gjor at Norborg måtte sjå seg slått 4-1 på ei våt grasbane i Eidså. Norborg skapte dei fleste sjansane i 1. omgang sjølv om ÅVK hadde ballen hakket meir. Etter pause var Alexander Eide særs nær å gi Norborg leiinga, men skotet gjekk i stolpen. I staden er det heimelaget som scorar to raske. Først etter ein uheldig retur frå keeper og eit sovande Norborg-forsvar. Så på ei ekstremt billeg straffe der Kjell Terje Brusdal gjer ei flott takling på ball. 4-1 kjem på ein stor forsvarsbrølar. ÅVK vann alt i alt fortent, men kampen var jamnare enn resultatet tilseie i ein lite sjåverdig kamp.

Norborg har hatt tunge veker etter at ein sikra plassen i divisjonen med siger over FK Sykkylven i midten av september. Bortekamp mot ÅVK frista heller ikkje, men ein fekk stabla på beina 13 mann til årets lengste bortetur.

Banetilhøva var iheller kkje å rope hurra for. Grasbana var våt og langt unna den tørre grasbana i Uggedalen. Norborgarane bretta likevel opp ermane og jobba godt i 1. omgang. Heimelaget hadde ballen mest, men skapte sjeldan farlege situasjonar framfor mål. 25 minutt ut i omgangen tok likevel heimelaget leiinga på sin einaste målsjanse før pause då Runar Løvold skyt frå 20 meter og ballen som er på veg utanfor stolpane treff olbogen til Torgeir Halsen og fyk inn i nettmaskene.

Norborg tek over spelet etter målet og etter ein halvtimes spel kjem det første varselskotet om at ting var på gong då André Larsen skyt i tverrliggjaren frå 20 meter etter forarbeid av Kristoffer Søviknes. To minutt seinare får Norborg frispark inne på vertane sin banehalvdel. Christian Sæther slo ballen inn i 16 meteren der Kristian Søviknes stussa ballen i mål. Norborg var no på hogget og fem minutt seinare burde Adrian Håbet ha gitt Norborg leiinga då han kom seg fri inne i 16 meteren, men avslutninga gjekk rett på keeper Trond Helge Takset. På slutten av omgangen trur dei fleste at Norborg hadde snudd kampen då Kristian Søviknes putta ballen i mål, men assistentdommaren vinka for offside.

Ein bra gjennomført omgang av Norborg der ein var godt organisert og innsatsen var til stede.

Norborg kom også best ut av startblokka etter pause og to minutt ut i omgangen vender Alexander Eide flott opp inne i 16 meteren og fyrer laus, men ballen går stolpe ut. I staden for leiing så kjem nokre minutt der alt går i mot Norborg. I det 53. minutt klinkar Ole Theodor Hovden av garde eit frispark frå 35 meter. Keeper Børt Tore Marthinussen ser ut til å ha kontroll, men glepper den sleipe ballen ned i beina på Runar Løvold, som sette inn 2-1. Tre minutt seinare bles dommar Olsen for straffe til Martin Ekremsæter då Kjell Terje Brusdal gjer ei heilt lovleg takling innafor straffefeltet. Runar Løvold og ÅVK takkar for gratissjansen å sette straffa sikkert i mål.

Dommar Olsen hadde ingen god dag og det meste av respekten gjekk bort midtvegs i omgangen då Kjell Terje Brusdal feller Johan-André Eikrem som bakerste mann. Dommar Olsen dreg til glede for Norborg opp det gule kortet, men tek så fram det raude i den tru at dette var Brusdal sitt andre gule for dagen. Dommaren blir gjort merksam på feilen, tek bort det raude og Brusdal får fortsette. Men til liks dommar Olsen så var ikkje dette Brusdal sin dag. Få minutt seinare trillar Norborg ball i forsvar før Brusdal finn ut at han skal drage av ein mann utanfor eigen 16 meter. Det lykkast ikkje og Johan-André Eikrem stel ballen og scorar sikkert åleine med keeper Marthinussen. Dei siste tjue minutta er det lite som skjer. Begge lag var svake i pasningsspelet og kampen ebba ut med 4-1 til heimelaget.

Norborg sin beste spelar var Tarjei Urkedal. Frå sin nye posisjon som midtstoppar vann han duellane, hadde gode klareringar og behaldt roa i trange situasjonar.

Siste kamp i årets sesong er heime mot Spjelkavik fredag 12. oktober.

Laget: Børt Tore Marthinussen – Asgeir Kalvø, Tarjei Urkedal, Kjell Terje Brusdal, Ole Johan Urke – Kristian Søviknes, André Larsen, Christian Sæther (Stian Myklebust, 62), Alexander Eide (Kristian Furnes, 79) – Adrian Håbet, Kristoffer Søviknes.

* Børt Tore Marthinussen stilte sporty opp som keeper sidan korkje Joakim Kjærstad, Kenneth Hånde eller Geir Roar Gamlem kunne. Han fekk dermed sin A-lagsdebut i ein alder av 42 år. Tidenes eldste debutant i Norborg?