Valder – Norborg 2-1 (2-1)
Valdervoll KGB, 29.04.11
Sjansar: 5-1 / cornere: 5-3
1-0 Henrik Oksnes (5)
2-0 Andreas Mulelid Kvam (27)
2-1 Kristoffer Søviknes (29)
Norborg starta årets 4. divisjon med tap for opprykksfavoritten Valder. Kampen vart prega av ein sterk vind og lite konstruktivt spel. Valder utnytta to tabbar av Norborg og vann fortent i ein sjansefattig kamp. Kristoffer Søviknes scora Norborg sitt mål etter corner.
Norborg tapte myntkastet og måtte spele 1. omgangen i kraftig motvind. Valder fekk dermed eit spelemessig overtak utan at dei greidde å skape all verda i etablert angrep. På kontringar derimot gjekk det langt betre for det unge Valder-laget. Fem minutt ut i kampen har Norborg sjølv ein god kontringssjanse, men mister ballen og i staden er det Valder som slår kontra på si venstreside ved Andreas Mulelid Kvam. Han finn Henrik Hole Oksnes som under hardt press sette ballen i mål frå kloss hald.
Andreas Mulelid Kvam skapte ein del problem for Norborg og var nær mål i det 10. minutt, men skotet frå 15 meter gjekk over mål. Eit kvarter seinare gjekk det langt betre for Kvam. Norborg har nok ein gylden sjanse til å kontre, men av ein eller annan grunn valde Norborg sin spelar å spele ballen frå midtbana og mot eige mål i staden for å sette fart framover. Kvam snappar opp pasninga og klinkar ballen i krysset. 2-0 til Valder mot eit tamt Norborg-lag. Norborg trengte ei rask redusering og fekk den ved Kristoffer Søviknes etter corner av Adrian Håbet. Etter dette skjedde det lite og laga gjekk til pause med 2-1 leiing til Valder.
2. omgang vart eit langt gjesp. Norborg hadde vinden i ryggen, men greidde ikkje å skape anna enn nokre halvsjansar. Valder fekk også lite til før Andreas Mulelid Kvam avslutta i tverrliggar frå 20 meter. Norborg mangla rytme i angrep og greidde ikkje å angripe på kanten. Altfor ofte vart det gjort personlege feil og ballen slått langt opp mot spissane som sjeldan vann duellane mot Valder sitt forsvar.
Midtstopparparet Kjell-Terje Brusdal og Kristoffer Søviknes var Norborg sine to beste. Med si fart greidde dei å ha kontroll på Valder sine mange raske spelarar. Norborg sin neste kamp er heime mot Hareid torsdag 5. mai. Då vonar vi pasningskvaliteten er langt betre enn det vi fekk sjå på Valdervoll.
Laget: Henrik Åkre – Elling Mikal Kalvø, Kristoffer Søviknes, Kjell-Terje Brusdal, Jan Even Drønnesund (Skjalg Volstad, 46) – Adrian Håbet, Preben Lorgen, Asgeir Kalvø (Kristian Furnes, 78) – Tarjei Urkedal, Cato Longva (Johan Stavik, 70), Alexander Eide (Martin Løken Lie, 46).
Dommar: Jan Erik Bratteberg – god.