Ørsta – Norborg 4-0

Ørsta – Norborg 4-0 (0-0)
Ørsta KGB, 30.09.11

Sjansar: 10-6 / cornere: 4-5

1-0 Terje Rebbestad (51)
2-0 Tord Are Rudi (56)
3-0 Mats Øvrebotn (80)
4-0 Henrik Gjengård (90)

Norborg gjekk på eit nytt tap då ein møtte Ørsta fredag kveld. Kampen var jamnare enn resultatet tilseie og Norborg burde ha leia til pause etter å ha skapt brorparten av dei største sjansane. Etter pausen scora Ørsta på sine to første sjansar i omgangen, og når Norborg misbrukte eit straffespark knappe kvarteret før slutt, punkterte heimelaget kampen med to nye mål.

Tarjeir Urkedal kom torsdag kveld endeleg heim etter 2 månader i Spania og gjekk rett inn på laget i kampen mot Ørsta. Det var også Tarjei som fekk kampens første sjanse då han i det 18. minutt fann seg sjølv åleine med keeper etter eit langt utspel av keeper Joakim Kjærstad. Tarjei hadde god tid, men stressa likevel i avslutninga og sette ballen utanfor. Med ei trening eller to før kamp så hadde nok Norborg sin nest mestscorande spelar gjennom historia satt ballen i mål.

Ørsta hadde ballen hakket meir enn Norborg, men sleit med å skape noko anna enn halvsjansar mot Norborg sine fem forsvarsspelarar. Drygt halvvegs i omgangen er likevel heimelaget nær leiing då Robert Steinnes sitt “mislykka” innlegg gjekk i tverrliggar og i beina til Mats Øvrebotn. Men Øvrebotn har heller ikkje spelt så mykje fotball den siste veka, og ballen trilla inn til keeper Kjærstad.

Det er likevel Norborg som skaper dei fleste store sjansane. Cato Longva får ein stor sjanse dryge ti minutt før pause då han mottek ballen frå Tarjei innafor 16 meteren, men avslutta i klypene på keeper Aasen. Eit par minutt seinare vart Aasen igjen satt på prøve då Cato pressar ein forsvarar til å heade mot eige mål. Aasen får så vidt slått ballen i tverrliggaren. Tarjei fekk også ein sjanse på slutten av omgangen til å sette inn leiarmålet, men Aasen stod nok ein gong i vegen. Ørsta på si side var heller ikkje heilt ufarlege og berre ein god beinparade av Kjærstad hindra David Tvergrov i å score frå kanten av 5-meteren. Trass 2-4 i store sjansar, stod det 0-0 til pause.

Norborg fortsette i sin 5-3-2 formasjon etter pause sidan ein hadde skapt bra med sjansar framover, samt haldt godt stand defensivt. Men, 2. omgang var ikkje gamal då Terje Rebbestad får ballen ute på venstresida. Han dribla enkelt fleire mann til han var åleine med keeper Kjærstad. Avslutninga frå 8-9 meter fekk Kjærstad så vidt nokre fingrar på, men kunne ikkje hindre at ballen fauk i mål til 1-0. Fem minutt seinare spelar Ørsta seg fram til corner. I mølja framfor mål greier Tord Are Rudi å sette ballen i mål. To mål på to sjansar i 2. omgang for heimelaget.

Norborg legg om til 4-4-2 og skapar nokre situasjonar framfor Ørsta sitt mål. Elling Mikal Kalvø følte seg snytt for straffe då han vart lagt i bakken innafor straffefeltet, men dommar Holm haldt fløyta vekke frå munnen. Eit kvarter før slutt er det Ole Johan som får ein stor sjanse etter corner, men headinga gjekk like over. Eit par minutt seinare bles så dommaren for straffe til Norborg. Innbyttar Hans Edvard Nordang har hittil i sesongen vore sikker på straffe, men denne gong lykkast heller ikkje fjørtoftingen å bles straffa over tverrliggaren.

I staden for redusering og ny spenning tek Ørsta eit raskt innkast ute på si høgreside. Norborgarane er lite merksame og kranglar med dommar fordi dei meinte seg snytt for frispark då Kristoffer Søviknes går i bakken. Ballen havnar til slutt hos Mats Øvrebotn som sette inn sitt mål nummer 25 for sesongen. Heilt på tampen sette sette Henrik Gjengård inn 4-0 etter eit frispark av Jørgen Winjevoll.

Alt i alt ein fortent siger til Ørsta basert på 2. omgang. Men, hadde Norborg scora på ein av sine store sjansar før pause, så kunne det ha blitt poeng i denne kampen. Best på Norborg i denne kampen var Kristoffer Søviknes. Han rydder opp i forsvar med fart og duellvilje.

Laget: Joakim Kjærstad – Kristian Furnes (Hans Edvard Nordang, 71), Jan Even Drønnesund (Ole Johan Urke, 57), Kristoffer Søviknes, Elling Mikal Kalvø, Asgeir Kalvø – André Larsen, Kristian Søviknes, Steffen Grytten (Trym Nyland, 85) – Tarjei Urkedal, Cato Longva (Preben Lorgen, 76).