Norborg – Valder 3-3 (1-2)
Uggedal stadion, 11.08.11
Sjansar: 7-10 / cornere: 3-3
0-1 Mikal Farstad Dyb (8)
1-1 Skjalg Volstad (39)
1-2 Henrik Lovund (45)
1-3 Adrian Blindheim (72)
2-3 Morten Kalvø (79)
3-3 Marius Fylling Rogne (90)
Norborg var i himmelen i eitt sekund då Marius Rogne steig til vers å heada i stolpen før Cato Longva sette inn returen frå kloss hald. Norborg hadde snudd 1-3 til 4-3, men så vart ein klar over assistentdommaren som stod å vinka med flagget for offside. Så nær var Norborg tre poeng mot topplaget. Valder styrte det meste før pause mot eit baktungt heimelag, men etter pause løfta Norborg seg og fekk løn for strevet med Marius Rogne si utlikning eitt minutt på overtid.
Det var hektisk aktvitet i Norborg etter tapet for Godøy. Tidlegare spelarar vart kontakta og lagleiinga gav også trenar Kristian Søviknes beskjed om at han kunne få bruke seg sjølv på laget. Norborg stilte dermed med årets mest rutinerte lag då både Kristian sjølv, Steffen Grytten og Morten Kalvø var med frå start.
Norborg gjekk defensivt ut for å nekte raske Adrian Blindheim rom, men alt på Valder handlar ikkje om storscoraren, og då ein var sløve i presset let ikkje Mikal Farstad Dyb sjansen gå frå seg. Frå om lag 20 meter prikka han ballen i mål. 0-1, og Norborg er nok ein gong under i målprotokollen. Norborg fortsette å ligge lågt og vi får sjå ein kamp med lite tempo. Valder er det førande laget og berre ei redning på strek av Kristian Søviknes hindrar 0-2. Mot slutten av omgangen løfter Norborg seg og dryge fem minutt før pause utliknar Skjalg Volstad etter fint forarbeid av Adrian Håbet. Dei fleste trur på 1-1 til pause, men så får Valder frispark ute på kanten. Ballen vart slått inn mot keeper Joakim Kjærstad som såg ut til å snappe ballen, men får då ein Valder spelar i kroppen og bommar på ballen. Bak står Henrik Lovund å header den i nota. 1-2, men målet burde og skulle ha vore annullert for angrep på keeper. Omgangen sett under eitt er det likevel ingenting å seie på at Valder leiar. Dei var hakket kvassare enn Norborg i denne omgangen.
Valder kjem også best ut etter pause og skapar 2-3 gode sjansar. Berre godt spel av Joakim hindrar scoring. 1-3 skal likevel kome då Adrian Blindheim får rom inne i straffefeltet å sette ballen i mål frå 8-10 meter. Norborg gjer ein del grep. Legg om formasjonen og gjer nokre bytter. Håpet om poeng stig då Morten Kalvø header inn ein corner frå Kristian Søviknes. 2-3, og Norborg står stadig høgare. Det gav Adrian Blindheim store rom å springe i, men trass eit par sjansar, vart det med eitt mål for storscoraren og bursdagsbarnet i dag.
Det er nemleg unge Marius Rogne som skal få hovudrolla saman med Cato Longva i sluttminutta av denne kampen. Først legg Marius inn til Cato, som headar i tverrliggaren. Så er det Cato som legg til rette for Marius. Han tek seg god tid innafor 16 meteren og skyt i mål ved lengste stolpe. 3-3, og ellevill jubel. Vi er då på overtid av kampen, men Norborg er ikkje nøgde og vil ha alle poenga. I nokre sekund så trudde vi også det hadde skjedd då Marius heada eit frisparkinnlegg frå Kristian Søviknes i stolpen og Cato sette returen i nota. Men, diverre, så stod Cato i offside og kampen enda 3-3. Likevel, vi skal vere godt nøgde med poeng og flott innsats i denne kampen. Dette var ei klar stigning frå dei siste kampane.
Marius spelte berre 15-20 minutt, men sette verkeleg preg på kampen og vi kårer han like godt til Norborg sin beste spelar. Saman med Cato opna han verkeleg opp Valder sitt forsvar. Det var også godt å sjå Cato begynne å nærme seg det nivået vi veit han kan vere på.
Neste kamp er borte mot Hareid fredag 19. august.
Laget: Joakim Kjærstad – Kristian Søviknes, Kjell-Terje Brusdal, Morten Kalvø, Elling Mikal Kalvø – Ole Johan Urke (Cato Longva, 62), André Larsen, Steffen Grytten (Preben Lorgen, 62), Adrian Håbet (Trym Nyland, 86) Skjalg Volstad (Marius Rogne, 74) – Edward Laverton (Asgeir Kalvø, 74).
Dommar: Jan Lund (Blindheim)
Assistentar: Odd Arne Grande (Skodje) og Mevludin Ribic (VRF)
Marius Fylling Rogne og Morten Kalvø sette sitt preg på dagens kamp