Norborg – Valder 1-4 (1-3)
Uggedal KGB, 10.02.11
Sjansar: 8-8
0-1 ? (12), 0-2 ? (22), 0-3 (24), 1-3 Ole Johan Urke (44), 1-4 ? (66).
Norborg stod igjen med lua i handa og Valder leia enkelt 3-0 i Uggedalen før det var spelt 25 minutt. Resultatmessig var kampen så og seie øydelagt, men spelemessig heva Norborg seg kraftig den siste timen og produserte fleire gode sjansar. Utruleg nok vart det med Ole Johan Urke sitt eine mål.
Bitkaldt i Uggedalen denne torsdagskvelden, og det såg ut som Norborg sine spelarar hadde frøse fast i bana den første halvtimen. Valder sine spelarar fekk gjere som dei ville og putta tre mål på fire sjansar bak keeper Åkre, som fekk null hjelp av sine medspelarar.
På slutten av omgangen hadde saltet som vart slengt på bana før kampen endeleg begynt å tine spelarane i oransje. Ole Johan Urke får ein stor sjanse til å redusere, men avslutninga frå kloss hald vart redda på streken. Dryge ti minutt seinare lukkast same Urke til å få ballen i mål då han vinn duellen mot to nølande Valder-spelarar og scorar sikkert åleine med keeper.
Vi dveler ikkje så mykje med 1. omgangen. Valder hadde ballen klart mest og skapte 5-6 gode sjansar mot Norborg sine 3. I tillegg hadde Valder mange halvsjansar.
Norborg er langt meir med i 2. omgang, men det er Valder som kjem seg til dei to første sjansane. På den andre ved halvspelt omgang blir det 1-4 og kampen er punktert. Sjansen oppstod etter dårleg kommunikasjon i forsvaret der to norborgarar gjekk i same duell og let dermed målscoraren stå heilt åleine innafor 16 meteren.
Dei siste tjue minutta pressar Norborg på og skaper fem store sjansar. Fleire etter særs gode innlegg av Martin Løken Lie. Men verken Johan Stavik, Ole Johan Urke, Asgeir Kalvø eller to gongar Tarjei Urkedal fann vegen til nettmaskene. Likevel, positivt at ein står distansen ut og skapar så mange sjansar. Positivt at også spelarar som knapt nok har spelt 11-ar fotball veks etter kvart som kampen går.
Begge lag hadde mange forfall til denne kampen og stilte berre med ein innbyttar kvar. Det vart dermed ei solid treningsøkt for dei disponible spelarane. – Positiv siste timen, men vi må vere tøffare frå start av, sa trenar Kristian Søviknes etter kampen.
Laget:
Henrik Åkre
Ola Skjelten (Jan Even Drønnesund, 28)
Kristoffer Søviknes
Elling Mikal Kalvø
Marius Gamlem
Asgeir Kalvø
André Larsen
Johan Stavik (Ola Skjelten, 80)
Ole Johan Urke
Martin Løken Lie
Tarjei Gjerset Urkedal
Dommar: Arild Vegsund
Cornere: 5-6
Snittalder: 21,5 år (22,2)