Norborg – Stranda 3-3 (1-3)
Uggedal KGB, 24.02.11
Sjansar: 7-6
0-1 Sjølvmål (8)
1-1 Adrian Håbet (27)
1-2 Kjølås (?) (37)
1-3 ? (43)
2-3 Elling Mikal Kalvø (48)
3-3 Knut Ivar Bjørlykhaug (73)
Norborg hadde ballen mykje, men det var Stranda som gjekk til pause med tomålsleiing etter tre mål på dødball. Det første i gåvepakke frå Norborg. Dei to andre på headingar. Norborg fekk ein god start på 2. omgangen og viste at dei også kunne score på dødball. Knut Ivar Bjørlykhaug si utlikning var eit knallhardt frispark frå 25 meter.
– Vi må bli tøffere i begge ender av bana, og samstundes fortsette å utvikle vårt eige spel. Mykje som er positivt, og det skal vi ta med oss videre. God treningsøkt for alle mann, sa trenar Kristian Søviknes.
Norborg tok tak i kampen frå start av og både Tarjei Urkedal og Adrian Håbet fekk gode sjansar i starten av kampen, men lykkast ikkje. Så fekk Stranda frispark litt inne på Norborg sin halvdel. Ballen vart slått inn i feltet, og på ein eller annan måte vart den rota i mål av Norborg. Eit slag i trynet for Norborg, men ein rista det av seg og spelte tidvis bra fotball. Diverre vart ein for upresis i siste ledd til å skape sjansar. Like før halvtimen lykkast så Norborg då Adrian Håbet utlikna på ein utsøkt chipp frå skrått hald. Ballen gjekk i fin boge over keeper og inn ved lengste stolpe.
Etter utlikninga fell Norborg kraftig i innsats og presisjon. Stranda tek over kampen og gjer både 1-2 og 1-3. Først på ein stuss etter corner. Så heading etter frispark. Mellom måla var det berre ei fenomenal redning av Henrik Åkre som hindra endå eit mål då forsvaret rota det til og mista ballen utanfor 16 meteren.
1-3 til pause var noko flatterande. Norborg hadde ballen mykje, medan Stranda var farlege på dødballar. Vi telte 3-5 i sjansar.
Norborg fortsette med å ha ballen mykje i 2. omgang, men vart også noko meir direkte i spelestilen. Tre minutt ut i omgangen spelar Norborg seg fram til corner. Stranda får ikkje klarert skikkeleg og André Larsen får dratt av eit skot frå kanten av 16 meteren. Ballen havnar til slutt hos Elling Mikal Kalvø som beina den i mål.
Stranda ligg bakpå og let Norborg få styre spelet. Eit drygt kvarter før slutt kjem så ei fortent utlikning då Knut Ivar Bjørlykhaug vise fram høgreslegga å dunka eit frispark frå 25 meter tverrliggar inn. Like etter burde Hans Edvard Nordang avgjort kampen då han kom åleine med keeper, men avslutninga gjekk utanfor. Kvar vart det av chippen, Hans?
Alt i alt ei grei økt under perfekte speletilhøve i Uggedalen.
Laget:
Henrik Åkre
Elling Mikal Kalvø (Hans Edvard Nordang, 71)
Kristoffer Søviknes (Jan Even Drønnesund, 57)
Knut Ivar Bjørlykhaug
Preben Lorgen (Knut Øyvind Grytten, 71)
André Larsen (Stian Myklebust, 57)
Asgeir Kalvø
Tarjei Urkedal (E.M.Kalvø, 87)
Cato Longva (Kjell Terje Brusdal, 71)
Adrian Håbet
Peter Elias Grytten (Johan Stavik, 57)
Dommar: Bjarte Steinsbu
Assistentar: Arild Vegsund og Arve Toven
Cornere: 5-6
Snittalder: 21,8 (22,1)