Norborg – Stranda 2-4 e.e.o (2-2 ordinær tid)
Uggedal KGB, 03.04.11
Sjansar: 13-8 (8-5 i ord. tid)
Cornere: 14-8
0-1 Anders Sve (4)
1-1 Cato Longva (5)
1-2 Martin Espelund (20)
2-2 Tarjei Urkedal (90)
2-3 Ronnie Furset (str. 95)
2-4 Kasper Koppang (114)
Det talrike publikum (ca. 180) fekk spenning i over 110 minutt i tidenes første NM-kamp på Uggedal KGB. Stranda leia både 0-1 og 1-2, men Norborg slo tilbake kvar gong og redda ekstraomgangar då Tarjei Urkedal sette inn 2-2 på straffespark på overtid i 2. omgang. Norborg var det førande laget i spel og sjansar, men Stranda var både gode og heldige i forsvar. Norborg verka å ha mest krefter i ekstraomgangane, men det var Stranda som scora måla og tok seg dermed vidare til neste kvalifiseringsrunde.
– Vi har banespelet og styre kampen. Diverre så har Stranda marginane på si side, og det føles særs bittert å stå igjen som taper etter at vi presterer ein god kamp, sa Kristian Søviknes etter kampen.
Norborg gjekk ut i ein overraskande, men spennande 3-5-2 formasjon og pressa Stranda i opningsminutta, men i det fjerde speleminutt kontra Stranda og fann rom både på høgre og venstre side. Innlegget frå høgre fann Anders Sve på bakerste stolpe og han avslutta klinisk i mål. Norborg ville ikkje vere noko dårlegare og Cato Longva skreiv seg inn i historiebøkene med å score Norborg sitt første mål i NM då han styrte inn eit innlegg frå Kristoffer Søviknes.
Dei første tjue minutta var jamne. Knut Ivar Bjørlykhaug var nær ved å sende Norborg i føringa då han sette eit frispark frå 18 meter i stolpen. I staden for 2-1 er det Martin Espelund som sette inn 1-2 frå skrått hald då det igjen er tellefeil i Norborg sitt forsvar.
Etter dette er Norborg som styrer det meste og er nær utlikning fleire gongar, men ballen ville ikkje inn. Stranda på si side får lite til spelemessig, men er som alltid farlege på dødballar. Fleire mål blir det likevel ikkje i 1. omgang. Vi telte 5-4 i sjansar til Norborg i denne omgangen.
Norborg fortsette å styre kampen etter pause, men Stranda sitt forsvar rydder opp gong på gong. Heller ikkje på straffe greier Norborg å score då keeper Radovan Dvorsky reddar Adrian Håbet sitt forsøk frå 11-meteren. Men, i det klokka passerer 45 minutt blir Tarjei Urkedal tatt brytegrep på og dommar Sindre Eikrem peikar på straffemerket. Denne gong tek Tarjei straffa sjøl og sette den sikkert i mål til stor jubel. 2-2 og ekstraomgangar.
Stranda kjem best i gong i ekstraomgangane. Først reddar Alexander Eide på strek før ein Stranda-spelar blir haldt inne i straffefeltet og Eikrem igjen peikar på straffemerket. Ronnie Furset sette straffa sikkert i mål. Norborg er igjen under i målprotokollen og må nok ein gong jage mål. 12 minutt ut i omgangen spelar Norborg seg fram til ein dobbelsjanse. Elling Mikal Kalvø headar i stolpen, medan Alexander si heading blir redda på streken.
I 2. ekstraomgang er både Asgeir Kalvø, Skjalg Volstad og Kristoffer Søviknes nær å utlikne. Asgeir sitt brasseforsøk blir redda heilt oppe ved krysset, Skjalg sitt skot frå 22 meter blir redda på streken, medan Kristoffer si heading frå 13 meter går i boge over keeper, men like utafor. Så skjer det som ikkje skal skje. Norborg sitt forsvar er passivt og Kasper Koppang får klinke ballen i nettet frå få meter. 2-4, og Norborg sin cupdraum knusast.
Norborg tapte ein kamp ein stort sett styrer frå start til slutt, men i fotball gjeld det å få ballen i mål. Der var Stranda flinkast og vi ønsker dei lykke til vidare i både cup og serie.
For Norborg sin del så var dette ein oppløftande kamp. Ein styrer kampen mot ein antatt betre motstandar og kun marginar hindrar oransjetrøyene i å score langt fleire mål. Spelarane gav svar på tiltale etter den slette innsatsen mot Skodje og kjempa knallhardt i 120 minutt. Vi vart spesielt imponert av Preben “Mascherano” Lorgen som defensivt anker på midtbana. Han vann særs mange duellar og var sikker med ball. Vi kårer han til dagens bestemann blant mange gode norborgarar.
Vi synst Norborg hadde fortent meir, men ein får no i alle fall konsentrere seg om oppkjøringa til 4. divisjon. Serie er jo viktigare enn cup. Norborg har to treningskampar før seriestart. Ein tek i mot Vestnes Varfjell førstkomande torsdag og Skodje tordag den 14. april.
Laget:
Henrik Åkre
Elling Mikal Kalvø
Kjell Terje Brusdal
Knut Ivar Bjørlykhaug
Tarjei Urkedal
André Larsen (Skjalg Volstad, 82)
Preben Lorgen
Asgeir Kalvø
Adrian Håbet
Cato Longva (Ole Johan Urke, 67) (Alexander Eide, 90)
Kristoffer Søviknes
Ikkje benytta: Kenneth Hånde, Jan Even Drønnesund, Martin Løken Lie og Johan Stavik.
Snittalder startoppstilling (totalt): 22,54 (22,42)
Dommar: Sindre Eikrem (MSIL)
Assistentar: Øystein Ytterland (Valder) og Sigurd Smehus Kringstad (Valder)
På notatblokka:
4 min 0-1 Stranda scorar etter legg frå høgre. Kor var forsvaret?
5 min 1-1 Cato styrer inn Kriss legg frå kloss hald.
10 min Knut Ivar skyt frispark i stolpen
11 min Kommunikasjonssvikt mellom keeper og forsvar. Stranda skyt utanfor.
20 min 1-2. Espelund skyt i mål frå skrått hald.
23 min Tarjei skyt over frå 16 meter.
33 min Cato heada over etter Adrian-driblerier
36 min Stuss fra Relling etter frispark frå midtbana
40 min Tarjei heada utanfor frå kloss hald
49 min Stranda kontrer. Skudd frå skrått hald i nettveggen.
50 min Tarjei spelar igjennom Adrian som skyt over åleine med keeper.
69 min André felt. Adrian bommer på straffa.
90 min Tarjei tatt brytetak på. Straffe! Sette den sjøl sikkert i mål.
3 min Alecs reddar på strek
4 min Straffe til Stranda. Furset sikkert i mål.
12 min Dobbeltsjanse Norborg. Elling heada i stolpen. Alecs si heading redda på strek.
13 min Tarjei sjanse. Skyt frå 14 meter men Stranda blokkerer.
20 min Asgeir brasse. Keeper er i hjørnet å redda.
21 min Skjalg skudd frå ca. 20. Strandaspelar redda på strek.
22 min Kriss heada over keeper, men går utanfor stolpen
24 min 2-4. Scoring mot spelets gong. Passivt Norborg-forsvar let Stranda få ein enkel jobb å score.