Norborg – Skodje 8-3 (5-1)
Uggedal KGB, 13.04.11
Sjansar: 14-4 / Cornere: 4-4
1-0 Tarjei Urkedal (str. 12), 2-0 Adrian Håbet (15), 2-1 Eirik Hjelvik (str. 18), 3-1 Asgeir Kalvø (18), 4-1 Kristoffer Søviknes (38), 5-1 Adrian Håbet (45), 6-1 Adrian Håbet (56), 7-1 Kristoffer Søviknes (69), 8-1 André Larsen (83), 8-2 Stefan Aasen (87), 8-3 Eirik Hjelvik (str. 93).
Norborg tok kommandoen fra start av og leia 2-0 før kvarteret. Sjølv om Skodje reduserte på straffe like etter, var det aldri tvil kvar sigeren skulle gå. Norborg leia på eit tidspunkt 8-1, men det vart mykje søsing og dårlege val på slutten. Skodje fekk dermed pynte på resultatet med eit langskot og ei straffe.
Norborg stilte nok ein gong med ein 20-mannstropp mot Skodje. Gjestane på si side hadde ein del forfall, men 8 av 11 som starta mot Norborg i 2-1 sigeren sist gong, starta no også. Men, innsatsen til dei oransje var denne gong langt betre. Ti minutt ut i omgangen vart Cato Longva hindra i straffefeltet og dommar Steinsbu peika på straffemerket. Tarjei Urkedal fekk to førsøk og scora på det siste etter at keeper Brede Waag hadde redda det første. Nokre minutt etter vart Adrian Håbet spelt fri av Cato Longva og gjorde ingen feil åleine med keeper. Dermed 2-0.
Mykje skjedde dei første tjue minutta og då Elling Mikal Kalvø handsar innafor straffefeltet er det Skodje som får sjansen frå kritmerket. Eirik Hjelvik gjer ingen feil å sette inn 2-1. Men, dette er Norborg sin kamp. 3-1 kjem etter eit godt skot av Kristoffer Søviknes. Keeper Waag får slått ballen i stolpen, men Asgeir Kalvø puttar returen frå kloss hald. Ei rekke Norborg sjansar følgjer. 4-1 kjem på eit skot frå Elling Mikal Kalvø som Kristoffer Søviknes vidareformidlar i mål. 5-1 kjem like før pause då Adrian Håbet blir spelt fri av Tarjei Urkedal å sette ballen sikkert oppe ved vinkelen.
Norborg fortsette å trykke etter pause. 6-1 kjem på eit frispark av Adrian Håbet frå 17 meter. Så er det klart for kampens vakraste mål. Martin Løken Lie legg flott inn til Kristoffer Søviknes som headar utakbart i mål. 7-1, og norborgarane kosa seg. 8-1 kjem på ein utsøkt lobb frå 35 meter av André Larsen. Få minutt etter forsøker Larsen seg igjen, men denne gong går skotet i stolpen.
Sluttminutta blir alt anna enn positivt for Norborg. Spelarane blir egoistiske og lite konsentrerte. Skodje får dermed redusere to gongar. Først på eit langskot av Stefan Åsen, så på straffe av Eirik Hjelvik.
Mange flotte angrep langs bakken av Norborg i denne kampen. I lufta synst vi Skodje fekk dominere for mykje.
Norborg sin neste kamp er serieopninga borte mot Valder fredag 29. april kl. 1830.
Laget:
Henrik Åkre (Kenneth Hånde, 70)
Elling Mikal Kalvø (Marius Gamlem, 70)
Knut Ivar Bjørlykhaug (Jan Even Drønnesund, 70)
Kjell Terje Brusdal (Hans Edvard Nordang, 59)
Kristoffer Søviknes (Martinus Grytten, 80)
Asgeir Kalvø
Preben Lorgen (Stian Myklebust, 75)
Adrian Håbet (André Larsen, 59)
Tarjei Urkedal
Cato Longva (Kristian Furnes, 63)
Alexander Eide (Martin Løken Lie, 46).
Dommar: Bjarte Steinsbu