Norborg – Ørsta 4-2 (1-1)
Uggedal stadion, 15.06.11
Sjansar: 9-5 / cornere: 7-6
0-1 Mats Øvrebotn (5)
1-1 Tarjei Urkedal (45)
2-1 Cato Longva (52)
3-1 Hans Edvard Nordang (str. 70)
4-1 Ole Johan Urke (73)
4-2 Mats Øvrebotn (83)
Norborg avgjorde kampen med ein sterk 2. omgang. Då var innsatsen, samhandlinga og presisjon i både pasningar og avslutningar langt høgare enn før pause, som var eit langt gjesp.
– Keisam 1. omgang der vi kjem gradvis mot slutten og får ei fortent utlikning. Til 2. omgang sette vi inn tre offensive spelarar og styrer kampen totalt. Vi vinn dermed heilt fortent, sa trenar Kristian Søviknes etter kampen.
Den nemnte trenaren overraska med å bytte ut heile fem mann frå det som slo Langevåg sist veke. To av bytta var han tvungen til å gjere då keeper Henrik Åkre og angripar Kristoffer Søviknes var borte grunna jobb. Det vart dermed 4. divisjonsdebut for 16 åringen Kenneth Hånde i mål. Vi kan vel seie det slik at han starta karriera som Erik Thorstvedt gjorde i Tottenham ein januardag i 1989, men spelte etter kvart prikkfritt.
Ørsta er 4. divisjons beste lag før pause og fekk også ein god start i Uggedalen då Mats Øvrebotn sitt vådeskot frå 30 meter smatt i mål bak keeper Hånde. – Det er slikt han lære av, kom det på trøndersk av keepertrenar Trond Elstad. 0-1, på noko som knapt kan kallast ein målsjanse. Noko vi skulle få sjå særs lite av dei første 40 minutta. Ingen av laga greidde å få til noko som helst framfor måla. Ørsta ville mest og vann dei fleste duellane, men var ikkje dyktige nok til å utnytte dette til å skape sjansar.
Fem minutt før pause vaknar Norborg til liv. Først får Tarjei Urkedal krangla med seg ballen ned mot kortlinja og legg inn til Cato Longva, men Cato si heading går i tverrliggjar. Minuttet etter er det Tarjei som får sjansen frå kloss hald, men han får ikkje pirka Hans Edvard Nordang sitt framspel i mål. Midt i Norborg sitt press får Ørsta frispark på Norborg sin halvdel. Frisparket blir slått til David Tverrgrov som headar over frå 8 meter. Men i staden for 0-2, noko som ville ha vore særs urettvist, så er det Norborg som utliknar etter ein corner. Asgeir Kalvø legg corneren til Johan Stavik på fremste stolpe. Han flikkar ballen inn til Tarjei Urkedal som finn nettmaskene frå 1 meters hald. 1-1, 20 sekund på overtid av 1. omgang. Fortent etter antall sjansar, men alt i alt ein særs svak omgang av dei oransje.
I pausa gjer trenar Søviknes tre bytter. Ole Johan Urke, André Larsen og Skjalg Volstad kjem inn. Tre offensive spelarar som stort sett er fast på laget. Desse tek umiddelbart tak i kampen og får med seg dei resterande åtte. Etter to gode skot frå Skjalg og Ole Johan er det endeleg klart for 2-1. Og for eit angrep. Norborg vann ballen høgt, men spelte seg bakover på bana og haldt ballen i laget før ein sette fart framover. Vi talte ikkje antal pasningar, men truleg var ein nærmare 15 pasningar før André Larsen spelar igjennom Cato Longva som scora sikkert åleine med keeper. Vakkert, og ein kandidat til årets mål.
Norborg slakkar litt på etter leiarmålet, og er litt meir slurvete i sitt defensive spel. Ørsta kjem seg til eit par skot, men keeper Kenneth Hånde får redda det eine som gjekk innafor stolpane. Norborg strammar seg etter kvart opp og punkterar kampen på to dødballar. Tjue minutt før slutt blir Ole Johan Urke hekta innafor straffefeltet og dommar Myrseth peikar på straffemerket. Hans Edvard Nordang sette straffa sikkert mål. Tre minutt seinare får Norborg frispark ute ved sidelinja, om lag 25 meter frå cornerflagget. Storskyttar Ole Johan Urke ser at keeper Muric står nokre meter utanfor mål og legg ballen i fin boge over keeper og ned ved lengste stolpe. 4-1, kampen er punktert.
Ørsta får eit nytt trøstemål sju minutt før slutt då den unge storscoraren Mats Øvrebotn headar inn ein corner. Det er likevel ikkje nok til å skape spenning i kampen. Norborg har kontroll og vinn fortent 4-2.
Frå ein grusom 1. omgang så slo Norborg ut i full blomst etter pause. Då var innsatsen og presisjonen langt betre og ein kunne fort ha scora endå fleire mål. Best på Norborg i dag var totalt sett midtstoppar Kjell Terje Brusdal. Han spelar konsentrert og har fart i kroppen til å springe opp sine motstandarar. Kjell og Hans Edvard Nordang har i dei to siste kampane vist seg som eit ungt og solid midtstopparpar. Elles så kjem Ole Johan Urke og André Larsen inn å storspelar.
Norborg skal ut i bortekamp mot Blindheim fredag 24. juni.
Laget: Kenneth Hånde – Elling Mikal Kalvø, Hans Evdard Nordang, Kjell-Terje Brusdal, Marius Fylling Rogne (André Larsen, 46) – Asgeir Kalvø (Kristian Furnes, 83), Preben Lorgen – Johan Stavik (Ole Johan Urke, 46), Cato Longva (Jan Even Drønnesund, 85), Tarjei Urkedal – Edvard Laverton (Skjalg Volstad, 46).
Dommar: Tor Ove Myrseth (FK Sykkylven)
Assistentar: Øystein Ytterland (Giske) og Alf Furland (Rollon)
God dommartrio.