Norborg – Ørskog 6-2

Norborg – Ørskog 6-2 (2-0)
Uggedal KGB, 10.03.11

Sjansar: 8-6

1-0 André Larsen (16), 2-0 Stian Myklebust (19), 3-0 Elling Mikal Kalvø (51), 3-1 Eivind Klokkehaug (66), 4-1 Martin Løken Lie (67), 5-1 Ole Johan Urke (70), 5-2 Magnus Hoff Johansen (71), 6-2 Elling Mikal Kalvø (90)

Norborg og Ørskog gjennomførte torsdag kveld treningskamp i eit ufyseleg snøver i Uggedalen. Spesielt i 1. omgang vart spelet prega av snøven som la seg på bana, medan ein fekk brukbare tilhøve etter pause. Ørskog hadde eit spelemessig initiativ, men Norborg var langt kvassare framfor mål enn sine gjestar.

Banemann Tor Grande var heilt klart den som la ned mest innsats av norborgarane i kveld og gjorde sitt til at kampen gjekk under greie tilhøve med tanke på all snøven som fall før og etter kampstart.

Ved kampstart snøva det tett og det gjekk ikkje lang tid før det låg eit kvitt lag på bana. Omgangen vart prega av dette og vi fekk ikkje sjå mykje god fotball. Ørskog kom best i gong og var nær mål etter corner. Avslutninga frå kloss hald vart sett utanfor.

Norborg sleit det første kvarteret, men så vakna laget å scora to mål på tre minutt. Først sette André Larsen inn 1-0 på eit skot med “feil” fot frå 13-14 meter. Så får Stian Myklebust ei enkel oppgåve med å sette inn sitt første mål i den oransje trøya då ballen låg fint til rette på 10-12 meter framfor tomt mål. Begge måla kom etter forarbeid av Adrian Håbet. Stian var også nær eit nytt mål nokre minutt seinare, men skotet frå 17 meter gjekk i stolpen. På slutten av omgangen fekk Johan Stavik sjansen til å auke leiinga, men lobben hans fann ikkje nettmaskene. Dermed 2-0 til pause i ein keisam omgang. Vi talte 4-1 i sjansar til Norborg sjølv om Ørskog hadde ballen omtrent like mykje.

Etter ei lang pause der Mr. Grande fekk rydda bana for snøv fekk vi sjå ein kamp der Norborg var best innafor 16 meterane, medan Ørskog var best mellom. Elling Mikal Kalvø aukar tidleg til 3-0 på hovudet etter innlegg av Adrian. Stillinga stod seg i eit kvarter då vi fekk fire mål på fem minutt. Eivind Klokkehaug reduserer først til 3-1 etter ein trippelsjanse. Først redda Henrik Åkre i Norborg-målet, returen vart satt i stolpen før Johansen banka ballen i mål. Håpet om å kome inn igjen i kampen forsvann raskt for gjestane. Martin Løken Lie fiksa 4-1 etter å ha blitt spelt igjennom av Stian Myklebust, medan Ole Johan Urke heada inn 5-1 etter innlegg av Preben Lorgen. Jubelen hadde knapt lagt seg då Magnus Hoff Johansen putta ballen i mål frå kloss hald og pynta på resultatet til 5-2.

Ørskog pressa Norborg bakpå dei siste tjue minutta, men greidde ikkje å skape det heilt store. I staden er det Elling Mikal som legg på til 6-2 på overtid. – Nok eit bevis på at ej bør spele spiss, sa midtstoppar Elling Mikal etter kampen.

Alt i alt ei grei treningsøkt mot eit godt 5. divisjonslag. Ørskog bør gå mot ein god sesong og vil nok ikkje bli like hardt straffa for sine feil i 5. divisjon som ein vart mot Norborg denne gong.

Laget:

Henrik Åkre

Kristian Furnes (Ole Johan Urke, 46)
Kristoffer Søviknes (Kjell Terje Brusdal, 46)
Elling Mikal Kalvø
Marius Gamlem (Martin Løken Lie, 46)

Preben Lorgen
André Larsen
Stian Myklebust

Johan Stavik (Peter Elias Grytten, 46)
Martiuns Grytten (Tarjei Urkedal, 10)
Adrian Håbet

Snittalder: 21,8 (21,75)
Norborg stilte for øvreg eit på papiret særs så offensivt lag i 2. omgang med Adrian på høgreback og Tarjei på venstreback.

Dommar: Arild Vegsund

Cornere: 5-10