Norborg – MSIL 4-4

Norborg – MSIL 4-4 (2-0)
Uggedal KGB, 08.09.11

Sjansar: 10-9 / cornere: 5-3

1-0 Kristoffer Søviknes (12)
2-0 Cato Longva (19)
3-0 Adrian Håbet (49)
4-0 Cato Longva (59)
4-1 Marius Bendik Brækkan (66)
4-2 Andreas Kvasnes (76)
4-3 Espen Gresdal (81)
4-4 Espen Gresdal (87)

Norborg starta bra og hadde alt i si hule hand når ein gjekk opp til 4-0 like før timen spelt. Men, så gjekk laget tom for krefter og MSIL jobba seg inn i kampen. Tre minutt før slutt fullførte MSIL opphentinga med sitt andre dødballmål. Dermed hadde Norborg rota bort sigeren og tapt to poeng.

Norborg tok med seg innsatsen og spelegleda frå sist kamp og tok umiddelbart kommandoen på heimebane mot MSIL. Allereie før minuttet var spelt spelte ein seg fram til ein dobbeltsjanse, men verken Cato Longva eller Ole Johan Urke si avslutning fann nettmaskene. Norborg hadde satt standarden og 12 minutt ut i kampen får vi sjå eit vakkert angrep då André Larsen krossar fint frå høgre mot venstre til Ole Johan Urke. Han spelar vegg med Cato Longva og kjem seg ned til kortlinja før han legg lavt inn til Kristoffer Søviknes, som sette ballen i nota frå kloss hald. 1-0, vakker fotball.

Norborg haldt oppe trykket og det skulle ikkje gå mange minutta før det står 2-0 etter at Kristoffer Søviknes la ballen til rette for Cato Longva, som lobba ballen elegant over keeper og under tverrliggjaren frå 20 meter. Nok ein gong, vakkert! I løpet av det siste kvarteret før pause hevar MSIL seg. Raske Marius Bendik Brækkan kom inn og ein la om til 4-3-3. Dette gav Norborg større problem defensivt, sjølv om ein også kom seg til eit par store sjansar sjølve også. Blant anna vart ein snytt for eit soleklart straffespark då keeper Sondre Blomvik trefte André Larsen sitt hovud i staden for ballen. Utruleg nok enda det med frispark til keeper og behandling på sidelinja for Larsen. Likevel, MSIL var nær redusering i denne perioden og måtte blant anna sjå eit skot gå stolpe stolpe ut.

Norborg starta også 2. omgang best, og denne gong tok det berre fire minutt før ballen låg i nota då Adrian Håbet vart spelt fri og klinka ballen mellom stolpe og keeper frå skrått hald. 2. omgang blir ein meir open kamp og spelet bølgjer fram og tilbake. Ti minutt ut i omgangen skyt MSIL i stolpen, men i staden for redusering er det Norborg som aukar til 4-0 få minutt etter då Cato Longva hamrar ballen i mål frå 8 meter etter at MSIL ikkje greier å klarere eit innlegg.

Kampen verkar punktert, men det nekta MSIL å tru. 24 minutt før slutt har Norborg ei rekke sjansar til å klarere, men rotar det til for seg og til slutt er det Marius Bendik Brækkan som kan juble for redusering etter å ha lurt to Norborg-forsvararar og sett ballen i mål bak keeper Kjærstad. Norborg får ein rekke sjansar til å gjere 5-1. Cato har den største då han skyt frå 13 meter, men keeper reddar. Returen kjem tilbake til Cato som hamrar den i tverrliggjar. Minuttet seinare er det Adrian Håbet som får sjansen, men keeper reddar avslutninga frå kloss hald.

Ingenting tilseie at MSIL skulle få med seg poeng når klokka viste 15 minutt igjen og stillinga var 4-1. Men, så er Norborg totalt sluttkjørt. Andreas Kvasnes reduserar til 4-2 på eit mislykka innlegg som lurer alle og går stolpe inn. Så er det frispark som vår normalt særs sikre keeper gir retur på. Ingen av norborgarane følger spelaren sin og MSIL sine spelarar står i kø for å putte returen i mål. Espen Gresdal får æra av å sette den i nota til 4-3. Tre minutt før slutt er det nok ein gong frispark til MSIL på midtbana. Ballen blir slått opp i feltet av Espen Gresdal og stussa i mål av ein Norborg-spelar. Sidan det ikkje er noko endring på ballen si retning får Gresdal målet. 4-4, og eit skikkeleg slag i trynet på Norborg.

Når ein leiar 4-0 med mindre enn ein halvtime å spele så skal ein sjølvsagt sete igjen med tre poeng. Så skjedde ikkje. Mangel på rutine og posisjonering av kreftene får ta noko av skylda. Ein må lære seg å bli meir kynisk når kampen går mot slutten i staden for å fortsette med tut og kjør. Likevel, ein viste i over ein time god fotball. Neste gong får ein håpe det held heilt inn.

Laget: Joakim Kjærstad – Asgeir Kalvø, Elling Mikal Kalvø, Kjell-Terje Brusdal, Hans Edvard Nordang – Ole Johan Urke (Johan Stavik, 58), André Larsen, Preben Lorgen, Adrian Håbet (Kristian Søviknes, 78) – Cato Longva, Kristoffer Søviknes (Torgeir Garshol, 84).

Dommar: Oddbjørn Aam (Åmdal)
Assistentar: Odd Arne Grande (Skodje) og Jon Olav Skodjereite (Skodje)