Norborg – Langevåg 0-2

Norborg – Langevåg 0-2 (0-0)
Uggedal stadion, 24.09.11

Sjansar: 5-7 / cornere: 5-9

0-1 Johann Bjørn Valsson (str. 49)
0-2 Izatullah Ahmadzai (80)

Norborg kjempa tappert mot Langevåg, men eit straffemål tidleg i 2. omgang gjorde jobben vanskeleg for eit defensivt heimelag. Sjølv om Norborg skapte lite framover var det heile tida nerve i kampen, men ti minutt før slutt punkterte Ahmadzai kampen.

Norborg gjekk defensivt ut i ein 5-3-2 formasjon mot opprykksjagande Langevåg på ei nær sagt strøka grasbane i Uggedalen. Det var likevel Norborg som kom seg til første sjansen då Stian Myklebust får ballen utanfor 16 meteren, men Stian trur han har dårlegare tid enn han har og stressar i skotaugenblinken. Ballen går dermed nokre meter til side for mål. Langevåg sin første sjanse kom nokren minutt seinare då Vinjar Vedde headar ein corner til side for mål.

Langevåg har ballen mest før pausen, men skaper ikkje all verda. Det spede som blir skapt skjer stort sett på høgrekanten ved Kristoffer Holmen. Det er likevel Norborg som er nærmast leiing før pause då ein Langevåg-spelar headar ballen i eigen stolpe etter eit frispark av Kristian Søviknes. Uavgjort ved pause er alt i alt greitt.

2. omgang startar på verst tenkelege måte for Norborg då Kristoffer Holmen blir spelt igjennom av Johann Bjørn Valsson og Kristoffer Søviknes treff mann i staden for ball. Dommar Lund peikar korrekt på straffemerket og Valsson sette straffa i nota. Norborg er for tida sterkt redusert og benken bestod stort sett av forsvarsspelarar. Ein våga heller ikkje å flytte Kristoffer Søviknes fram frå stopparplass til sin vande plass i angrepet sidan Langevåg hadde raske spelarar på topp.

Norborg skapte lite framover, men let heller ikkje Langevåg sleppe til offensivt. Det vart dermed ein sjansefattig omgang og lite underhaldning. Det nærmaste Norborg kom utlikning var då Kristian Søviknes fekk til eit innlegg til Steffen Grytten, som i duell med ein utespelar og keeper for heada ballen mot mål. I nokre tideler håpte norborgarane at ballen skulle dale under tverrliggjaren, men den enda på nettaket. Arne Skeide hadde sjansen til å doble Langevåg si leiing midtvegs i 2.omgang då han var åleine med Joakim Kjærstad, men Norborg sin keeper vann duellen. Ti minutt før slutt måtte likevel Joakim kapitulere då Izatullah Ahmadzai fekk stå fri på 10-12 meter å prikke ballen i mål. Norborg prøvde å løfte laget, men kom ikkje nærmare redusering enn ei heading frå Stian Myklebust etter ein corner.

All ære til Norborg sine spelarar som viste stor innsats i dag. Med så mange borte (7 av dei 11 som starta i 2-1 sigeren over Langevåg i vår) så var det få som levna laget nokon som helst slags sjanse. Det vart diverre ikkje poeng, men spelarane skal likevel vere stolte av den jobben dei gjorde. Med same innsats og guts i kampane framover så bør det bli poeng når motstanden er svakare enn 2. plasserte Langevåg.

Midtstopparane Elling Mikal Kalvø og Kristoffer Søviknes gjorde jobben vanskeleg for Langevåg sine angriparar og vi kårer desse to Hamnsundnaboane til Norborgs beste spelarar.

Laget: Joakim Kjærstad – André Larsen, Jan Even Drønnesund, Kristoffer Søviknes, Elling Mikal Kalvø, Asgeir Kalvø (Bee, 82) – Steffen Grytten (Preben Lorgen, 72), Kristian Søviknes, Stian Myklebust – Johan Stavik (Trym Nyland, 56), Cato Longva.

Dommar: Jan Lund (Blindheim)
Assistentar: Tor Bjermeland (Herd) og Norvald Lausund (Lepsøy)